Muntlig spørsmål fra Sigbjørn Framnes (FrP) til næringsministeren

Om kva regjeringa meiner er grunnen til at dei to siste raud-grøne regjeringane sin politikk hamnar i konflikt med innbyggjarane og næringslivet på Vestlandet

Datert: 15.03.2023
Besvart: 15.03.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Sigbjørn Framnes (FrP)

Spørsmål

Sigbjørn Framnes (FrP): Spørsmålet går til statsråd Vestre.

Då me førre gong hadde ei raud-grøn regjering, frå 2005 til 2013, såg Hordaland og Rogaland Framstegsparti seg nøydde til å dra i gong eit vestlandsopprør i 2011. Frustrasjonen i vest var stor på grunn av regjeringa si manglande samferdselssatsing, nei-haldning i arealpolitikken, ein næringsfiendtleg skattepolitikk, motstanden mot heving av ubåten på Fedje, kraftliner i Hardanger og arroganse frå Oslo-makta.

Salige statsvitar, professor og arbeidarpartimedlem Frank Aarebrot var på Framstegspartiet si side og hevda at Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV si neglisjering av Vestlandet gav grobunn for opprøret, og at det var reell fare for at Vestlandet ville gå sin eigen veg og krevje meir makt. Han såg føre seg at det kunne kome krav om mogleg oppsplitting av landet i retning av sjølvstyrte einingar.

No er det næringslivet som står i spissen for vestlandsopprøret, og det berre eitt og eit halvt år etter at me fekk ei ny raud-grøn regjering. Mange av argumenta er dei same: manglande samferdselssatsing, skattesjokk for næringslivet langs kysten og ei gigantisk overføring av pengar og makt til hovudstaden. Kva meiner statsråd Vestre er grunnen til at dei to siste raud-grøne regjeringane hamnar i ein slik konflikt med innbyggjarane og næringslivet på Vestlandet?


Les hele debatten