Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Om utanriksministeren er trygg på at hazaraar som no vert utviste ikkje vil bli drepne for å vere hazaraar

Datert: 19.04.2023
Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 26.04.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Ifølgje Klassekampen står nærare 700 afghanarar i fare for å bli utviste frå Noreg. Mange av desse er hazaraar, ei folkegruppe som i lang tid har vore undertrykt og utsett for brutale angrep i Afghanistan og Pakistan. Menneskerettsorganisasjonar og FN har varsla om det som kan synast som systematiske drap på hazaraane i desse landa.
Har utlendingsstyresmaktene tilstrekkeleg informasjon om situasjonen til hazaragruppa, og er utanriksministeren trygg på at dei medborgarane som no vert utviste, ikkje vil bli drepne for å vere hazaraar?


Les hele debatten