Spørsmål
Alfred Jens Bjørlo (V): Av 6 000 lærlingar i Vestland fylke er 80 pst. knytte til eit opplæringskontor. Opplæringskontora er særskilt viktige for at dei små og mellomstore bedriftene skal kunne ta inn lærlingar.
Er statsråden samd i at opplæringskontora si rolle er heilt sentral i å sikre eit breitt tilbod av lærlingeplassar med høg kvalitet over heile landet, blant både små og store arbeidsgjevarar, og at det er viktig å finne løysingar som gjer at ikkje opplæringskontora si rolle blir svekka i den nye opplæringslova?