Muntlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om samferdselsministeren stiller seg bak forslaget frå Statens vegvesen om å ta E39/E136 frå Breivika til Ørskogfjellet heilt ut av NTP

Datert: 12.04.2023
Besvart: 12.04.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Spørsmålet mitt går sjølvsagt til samferdselsministeren.

2022 var eit svært alvorleg år med tanke på heile 118 dødsulykker på norske vegar. Dette var 118 for mange. I fyrste kvartal i år er talet endå høgare. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2023 ikkje akkurat følgt opp verktøykassa for å motverke og hindre fleire dødsulykker og alvorlege ulykker i trafikken. Samferdselssektoren har vorte det store kuttområdet til regjeringa.

Vi opplever no ei regjering som er bakpå, og som ikkje har visjonar for anten vegbygging eller trafikktrygging. For kort tid sidan la Statens vegvesen fram fagetaten sitt framlegg til ny NTP, som sjølvsagt er i tråd med styringssignal frå samferdselsministeren og regjeringa. Trafikktrygging og trygge vegar vert ikkje prioritert.

I mitt eige fylke er det opprør. Av såkalla faglege grunnar vert det føreslått at E39/E136 frå Breivika til Ørskogfjellet – den mest trafikkerte vegen i fylket, ein dødsveg der det har vore fleire ulykker berre det siste året, og eksportvegen for heile fylket – ikkje berre vert utsett, men å ta han heilt ut av NTP. Dette er trafikkfarleg politikk. Det er eigentleg fagleg forkasteleg.

Stiller samferdselsministeren seg bak forslaget frå Statens vegvesen om å ta denne dødsvegen og eksportvegen heilt ut av NTP?


Les hele debatten