Muntlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Om ikkje norske kommunar burde ha sett ned eigedomsskatten når rekneskapstala viser så openbert at mange av dei hadde hatt overskot sjølv utan desse eigedomsskatteinntektene

Datert: 12.04.2023
Besvart: 12.04.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Då skal samferdselsministeren få ein liten pause, og kommunal- og distriktsministeren kan få koma inn i manesjen igjen.

Spørsmålet mitt handlar om kommunar. Me bur alle i ein kommune, og me er opptekne av at kommunen leverer gode tenester til dei som treng det, og i tillegg er ein positiv aktør for å sikra utvikling i kommunen. Kommuneøkonomi er difor eit viktig tema, og han har vore god sidan Framstegspartiet kom i regjering. Dersom ein går tilbake og ser på rekneskapstal frå 2015 og fram til i dag, har overskota vore over anbefalingane frå det tekniske berekningsutvalet, og Kommune-Noreg i stort har bygd opp store fond, faktisk frå 27 mrd. kr i 2015 til 82 mrd. kr no.

Samtidig som me har ein god kommuneøkonomi, slit vanlege folk med at ting blir dyrare og dyrare. Maten blir dyrare, og bensinprisen ser ut til å ha stabilisert seg på eit nivå som er over det Senterpartiet kunne sitja i regjering med. Me veit at renta stig. Me ser at avgiftene som kommunane har ansvar for, aukar. Denne regjeringa har føreslått større aukingar i skatt og avgift for 2023 enn noka anna regjering har føreslått tidlegare. På toppen av dette krev norske kommunar inn eigedomsskatt i større og større grad, samtidig som norske kommunar har god økonomi og store overskot, som eg har sagt. Mange kommunar har faktisk endå større overskot enn dei har eigedomsskatteinntekter, og det ser litt merkeleg ut i ei tid der privatøkonomien er under press. Så spørsmålet mitt er: Burde ikkje norske kommunar ha sett ned eigedomsskatten når rekneskapstala viser så openbert at mange av dei hadde hatt overskot sjølv utan desse eigedomsskatteinntektene?


Les hele debatten