Spørretimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

Om statsråden vil, i påvente av lovendringar som forbyr hurtiveksande rasar fjørfe i Noreg slik Venstre allereie har foreslått, oppmode forbrukarar, matkjeder og leverandørar til ikkje lenger å kjøpe eller selje produkt frå hurtigveksande kyllingrasar

Datert: 02.11.2023
Besvart: 08.11.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Det er nyleg igjen avslørt omfattande vanskjøtsel og dårleg dyrevelferd knytt til hurtigveksande kyllingar av rasen Ross 308. Éin av tre norske daglegvarekjeder har allereie slutta å selje produkt av hurtigveksande kyllingar og gått over til produkt frå dyr med normalt vekstmønster.
Vil statsråden, i påvente av lovendringar som forbyr hurtiveksande rasar fjørfe i Noreg slik Venstre allereie har foreslått, oppmode forbrukarar, matkjeder og leverandørar til ikkje lenger å kjøpe eller selje produkt frå hurtigveksande kyllingrasar?


Les hele debatten