Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om kva statsråden har gjort for å følge opp systemsvikta rundt Tretten bru

Datert: 23.11.2023
Besvart: 29.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): I Aftenposten den 4. august 2023 kom avsløringa om at Tretten bru ikkje tolte meir enn si eiga vekt. Når eit punkt på ei bru som Tretten bru har ei belasting på 211 prosent, vil ho i teorien ikkje tole å halde oppe stort meir enn si eiga vekt. Vegdirektoratet fekk melding om dette i 2016 utan å handle. Det er ein svært alvorleg systemsvikt når Vegdirektoratet og dei ansvarlege der har visst om dette utan å handle, som til slutt enda med brukollaps, der liv kunne gått tapt.
Kva har statsråden gjort for å følge opp dette?


Les hele debatten