Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om kva statsråden vil gjere med problemsituasjonar ikring skilting, mangel på skilting, mangel på fjerning av skilting og heilt uforståeleg skiltbruk ikring ulike vegarbeid både på fylkes-, riks- og motorvegane inn mot dei større byane

Datert: 29.11.2023
Besvart: 06.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kvar gong eg er på vegane, opplever eg omfattande problemsituasjonar ikring skilting, mangel på skilting, mangel på fjerning av skilting og heilt uforståeleg skiltbruk ikring ulike vegarbeid både på fylkes-, riks- og motorvegane inn mot dei større byane. På til dømes E6 mot Oslo er det direkte trafikkfarleg når det brått står til dømes 50 skilt, vogntog på 50–60 tonn må bråstoppe, og ingen veit når fartsgrensene er oppheva.
Kan statsråden forklare kvifor dette skjer, og kva som blir gjort med dette?


Les hele debatten