Muntlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Om fiskeri- og havministeren synest det kaoset som no rår kring heilt grunnleggjande skattereglar for havbruksnæringa, er akseptabelt

Datert: 06.12.2023
Besvart: 06.12.2023 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Då regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk blei presentert i september i fjor, fekk det straks konsekvensar. Vi såg bortfall av investeringar på titals milliardar, oppseiingar og konkursar, og viktige planar for vekst i ei meir berekraftig og grønare retning blei lagde på is. Samtidig blei det òg klart at modellen regjeringa la fram, ville gje mange utfordringar. Det ville skape eit stort og unødvendig byråkrati, ressursbruk og usikkerheit og utgjere ein fare for at næringa måtte betale meir skatt enn dei reelle inntektene skulle tilseie.

Over eitt år etter at regjeringa lanserte sin modell, og eit halvt år etter at grunnrenteskatten blei vedteken av Stortinget, rår det framleis stor usikkerheit. Eit av hovudproblema er internprisingsproblematikk, som særleg gjeld dei integrerte selskapa. Ettersom grunnrenteskatten er avgrensa til ein bestemt del av verdikjeda, nemleg sjøfasen, vil det oppstå internprisingsutfordringar for alle innsatsfaktorar som blir leverte internt i eit konsern. Dette gjeld smolt, fôr, fiskehelse, brønnbåttenester, administrative og konsernsentrale tenester, slakting og prosessering, transport til marknaden, for å nemne nokre. At modellen er svært komplisert og vanskeleg, ser vi òg i selskapa sine estimat over kor stor del av overskotet dei må betale i grunnrenteskatt – faktisk sprikjer det frå 4,5 til over 20 pst. Dette siste kan gje eit godt inntrykk av kor vanskeleg innføring av grunnrenteskatt kan bli i praksis. Det er som Bård Misund, professor på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger, nyleg skreiv i IntraFish:

Spørsmålet til fiskeri- og havministeren må då bli om ho synest det kaoset som no rår kring heilt grunnleggjande skattereglar for havbruksnæringa, er akseptabelt.


Les hele debatten