Spørsmål
Alfred Jens Bjørlo (V): Eit samla storting slo i samband med handsaminga av ny opplæringslov våren 2023 fast at opplæringskontora framleis skal ha ei sentral rolle i fag- og yrkesopplæringa, mellom anna ved at lærebedrifter kan inngå avtaler med opplæringskontor om at dei kan utføre oppgåver på vegner av desse, slik som til dømes undervisning og opplæringsaktivitet.
Vil statsråden sørge for at dette blir følgt opp i det pågåande arbeidet med forskrifter til lova?