Muntlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Om kva næringsministeren tenkjer om at norske investorarar i bedrifter i stor skala no flyttar ut av landet, at nesten ingen flyttar inn, og at utanlandske eigarar kjøper opp eller overtek norske selskap, og kva han eventuelt vil gjere med det

Datert: 17.01.2024
Besvart: 17.01.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Finansministeren har heilt rett i at no er det sikkert næringsministeren, og det er det.

Temaet eg vil ta opp med næringsministeren, held for så vidt fram med temaet frå førre spørsmål, men det er ein litt annan innfallsvinkel. Det handlar om flukta av privat norsk kapital og utvatninga av mangfaldig norsk eigarskap som vi no ser landet rundt.

«Nokon kjem til å kome», sa Jon Fosse og fekk Nobelprisen i litteratur i 2023. Nokon flyttar og nokon kjem tilbake, og sånn har det alltid vore, så det er vel så interessant å sjå på nettotala, sa næringsministeren til NRK, også i fjor. Eg kan vel røpe, eitt år etterpå, at næringsministeren ikkje fekk Nobelprisen, verken i litteratur eller i økonomi.

På nyåret fekk vi nye nettotal som gjev eit visst innblikk i den kapitalflukta som har skjedd ut frå Noreg dei to siste åra. Berre i løpet av 2022 og 2023 har fleire med høg formue flytta ut av Noreg enn til saman i løpet av dei åtte åra før, og nesten ingen flyttar lenger inn til Noreg. Det kan vi velje å flåse med, vi kan velje å gle oss over det fordi det aukar likskapen i Noreg når nokon med mykje kapital flyttar ut, eller vi kan velje å kalle folk stakkarslege, slik ein sentral Arbeiderparti-politikar gjorde i førre veke.

Vi kan òg velje å sjå på dette som den synlege toppen av eit elles usynleg isfjell som handlar om at heile eigarstrukturen i norsk næringsliv held på å endre seg, mykje på grunn av ein raud-grøn skattepolitikk som straffar norsk eigarskap i bedrifter stadig hardare samanlikna med bedrifter eigde frå utlandet. Det går over til utanlandske fond og konsern, over til eigarar som ikkje ser dei tilsette i auga kvar dag, som ikkje kjenner det lokale handballaget som treng sponsorkroner – som rett og slett er fjernare frå kvardagen til folk flest.

For all del: Eigarskap og kapital utanfrå treng ikkje vere negativt. Det finst mange eksempel på at det kan vere bra. Likevel: Denne systematiske utvatninga av norsk eigarskap av bedrifter, er det ei ønskt utvikling? Kva tenkjer næringsministeren om at norske investorarar i bedrifter i stor skala no flyttar ut av landet, at nesten ingen flyttar inn, og at utanlandske eigarar kjøper opp eller overtek norske selskap – og kva vil han eventuelt gjere med det?


Les hele debatten