Spørsmål
Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Spørsmålet mitt går til mat- og landbruksministeren.
Ifølgje siste Global Food Security Index er det no for tredje året på rad ei dramatisk svekking av den globale matsikkerheita. Dyrtida for mat er global, og det nærmar seg no at ein milliard menneske globalt opplever svolt, og nær 5 pst. av verdas befolkning står i ei akutt matsikkerheitskrise. Stadig fleire område blir ulevelege på grunn av konflikt og miljøkriser. Dette påfører oss som ein rik nasjon i nord eit stort ansvar på bistandsområdet for å bidra til at land best mogleg kan møte denne utfordringa.
Matsikkerheita i Noreg er også svært urovekkjande. Ifølgje dei siste tala frå NIBIO er vår eiga sjølvforsyning på berre 39 pst. Målet er 50 pst. innan 2026. Det er SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet einige om. I løpet av få år skal vi auke sjølvforsyningsgraden frå 39 pst. i dag til 50 pst. – ei formidabel oppgåve. I løpet av våren skal regjeringa leggje fram ein opptrappingsplan for jordbruket når det gjeld inntekt, og ho skal også leggje fram ein plan for sjølvforsyning. Noreg har blant dei svakaste sjølvforsyningsgradane i verda, så behovet for å ta i bruk norske areal og norske plantevekstar er akutt. Kva vil regjeringa gjere for å auke verdien av norske areal for å sikre at meir av maten blir produsert med utgangspunkt i norske arealressursar?