Muntlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Om statsråden kan svare om det er regjeringa eller fylkespolitikarane som veit kva som er den beste måten å sikra eit anstendig kollektivtilbod for kystbefolkningen i Rogaland

Datert: 10.01.2024
Besvart: 10.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Mitt spørsmål går til samferdselsministeren.

Rogaland har fått kritikk for delvis å ta betalt for ferjene som regjeringa ønskjer skal vera gratis. Det har dei gjort for å sikra eit anstendig kollektivtilbod, m.a. med hurtigbåt, ettersom gratisferje er underfinansiert og dette ligg som ei utfordring i botnen.

Regjeringa har innført denne nasjonale ordninga med eit mantra om å gjera livet enklare for folk som bur langs kysten. Men ordninga er ikkje berre underfinansiert, ho fører til attståande bilar, eit større press på miljøet og kommunale vegar, og òg eit behov for auka ferjekapasitet og fleire avgangar. Resultatet er at alle utfordringar og vanskelege dilemma som oppstår i kjølvatnet, vert overlatne til fylkespolitikarane. Regjeringa skyv då fylkespolitikarane framfor seg, som eksempelvis i Rogaland, der dei no vel å ta litt betalt på ferja for å halda oppe eit godt båttilbod.

Kven er det som veit best om kva som passar lokalt? Er det regjeringa, eller er det fylkespolitikarane? Dette er det greitt å få svar på, ettersom me opplever at statsråden for samferdsel og kommunalministeren ikkje heilt er samsnakka i dette spørsmålet.


Les hele debatten