Muntlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Om kvifor statsråden har gitt grønt lys til å sprengje fjellet Aksla i Bremanger, i strid med alle faglege råd og til internasjonale protestar

Datert: 14.02.2024
Besvart: 14.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Mitt hovudspørsmål går til kommunalministeren, som sist veke gav grønt lys til å sprengje fjellet Aksla i Bremanger, i eit unikt naturområde, blinka ut av Riksantikvaren som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse, på tvers av alle faglege råd og i strid med tilrådinga frå Klima- og miljødepartementet, for å ta ut stein som skal brukast til å fylle igjen røyrgater og blande inn i anleggsasfalt i Tyskland og Nederland. Dette er ei avgjerd som ikkje berre er håplaust gamaldags i eit tid der dei fleste andre enn Senterpartiet har oppdaga at vi har ei naturkrise. Avgjerda har allereie skapt protestar internasjonalt, og saka kjem på toppen av ryktet Noreg allereie er i ferd med å få som eit land som ikkje heng med i tida i naturpolitikken.

Nyleg vedtok EU-parlamentet ein resolusjon mot at Noreg, som første land i verda, opna for leiting etter mineral på havbotnen. Vi er eitt av berre to–tre land i verda som tillèt dumping av avfall frå gruvedrift på land i havet, og vi protesterer når EU innfører nye krav for å redusere utslepp av kloakk og forureining i sjøen, for ikkje eingong å nemne regjeringa sin rovdyrpolitikk, eller landbruksministeren i intervju med VG nyleg, der han entusiastisk tek til orde for å byggje ned meir natur.

Samla teiknar dette eit bilde av eit land og ei regjering som er i utakt med tida når det gjeld naturpolitikk. Samtidig skal vi no rundt om i verda selje inn Noreg som grøn eksportnasjon – ein frå før krevjande omdømejobb for eit land som tradisjonelt lever av å selje olje og gass. Difor er mitt spørsmål til kommunalministeren: I kva grad blei Noreg sitt omdøme internasjonalt, vår evne til å få gjennomslag internasjonalt i saker som er viktige for oss, det bildet vi teiknar av Noreg ute, vurdert av regjeringa før kommunalministeren gav grønt lys til å sprengje fjellet Aksla i Bremanger, i strid med alle faglege råd og til internasjonale protestar?


Les hele debatten