Spørsmål
Hallgrim Berg (H): "Nasjonale og internasjonale finansieringsselskap er interesserte i å bygge flyplass på Hurum, kostnadsfritt tilbakelevert til staten etter 25-30 driftsår. Føresetnaden er høve til innsyn i dei værdata, underlagsdokument og den målemetodikk og resultat-tolking som er nytta på Hurum som grunnlag for Hafnor-rapporten.
Vil statsråden sørge for at dette komplette materialet vert stilt til disposisjon for interessentar?"