Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Medlemskap i Statens Pensjonskasse

St.prp. nr. 56 (2003-2004), Innst. S. nr. 238 (2003-2004)

Vedtak 497

I medhald av lov 28. juli 1949 om Statens Pensjons­kasse § 20 tredje leddet blir det fastsett følgjande reglar om medrekning av tenestetid for tenestemenn i Norsk Romsenter:

1.   Tenestemenn i Norsk Romsenter som blir medlem­mer av Statens Pensjonskasse fordi dei har stillin­gar som gjer at dei blir overførte til staten, får tida før medlemskapen i Statens Pensjonskasse god­skriven som pensjonsgivande tenestetid i Statens Pensjonskasse dersom dei har vore omfatta av ei kollektiv pensjonsforsikring i Storebrand. Det er ein føresetnad at premiereservane blir overførte til staten.

2.   Dei tilsette som tidlegare har arbeidd ein annan stad, og der har vore medlem i ei anna pensjonsor­dning, får denne tida rekna med, dersom premiere­serven frå den tidlegare pensjonsordninga er blitt overførd til Storebrand, eller det er avtalt at verdien av den fripolisen vedkommande har i andre ordnin­gar, går til frådrag i utbetalinga frå Storebrand.

3.   Går tenestemennene i Norsk Romsenter over frå deltidsstilling til større deltidsstilling eller til full stilling ved overgangen til statsteneste, kan pens­jonsgrunnlaget reduserast i forhold til arbeidstida etter føresegnene i § 15 i pensjonslova.

4.   I høve til føresegnene i pensjonslova inneber medrekninga at statstenestemenn ved Norsk Rom­senter blir sett på som om han/ho har vore medlem av Statens Pensjonskasse i vedkommande tidsrom når det gjeld føresegn om opptaksreglar, berekning av pensjon med vidare.

5.   Arbeids- og administrasjonsdepartementet kan så langt det trengst gi utfyllande føresegner for gjen­nomføring av ordninga ovanfor.