Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Gjennomføring av rv 555 Sotrasambandet i Hordaland som OPS-prosjekt med delvis bompengefinansiering

Prop. 41 S (2017-2018), Innst. 270 S (2017-2018)

Vedtak 732

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet kan inngå ein OPS-kontrakt for prosjektet rv. 555 Sotrasambandet og gjennomføre arbeid knytt til prosjektet i regi av Statens vegvesen, men slik at dei samla statlege pliktene ikkje overskrid ei ramme på 10,5 mrd. kroner, innanfor ei øvre ramme for investeringar og drift av prosjektet på 17 mrd. kroner. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å prisjustere rammene i seinare år.

Vedtak 733

Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av rv. 555 Sotrasambandet i Hordaland. Vilkåra går fram av Prop. 41 S (2017–2018).

Vedtak 734

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

Vedtak 735

Rv. 555 Sotrasambandet i Hordaland blir gjennomført som OPS-prosjekt.