Auka finansieringsbehov og revidert framdriftsplan for E39 Rogfast i Rogaland og justering i vedtekne rammer for rv 13 Ryfast i Rogaland

Prop. 54 S (2020-2021), Innst. 150 S (2020-2021)

Vedtak 470

  • 1. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre prosjektet E39 Rogfast i Rogaland basert på revidert kostnadsramme på 24 800 mill. 2020-kroner. Vilkåra går fram av Prop. 54 S (2020–2021).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å fråfalle kravet om at evalueringa av økonomien og takstane for prosjektet rv. 13 Ryfast skal skje i mars 2021, men å fasthalde at gjennomgangen av økonomien i prosjektet og vurderinga av takstane skal skje eitt år etter at innkrevjinga er sette i gong.