Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 84/96 av 20. desember 1996 om endring av artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for å fremje energieffektivitet (SAVE II).

1. Samandrag

       Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til at EØS-komiteen si avgjerd nr. 84/96 av 20. desember 1996 gjeld innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for å fremje energieffektivitet (SAVE II 1996-2000). Programmet SAVE II vart skipa ved rådsvedtak av 16. desember 1996, og er ei vidareføring av programmet SAVE (« Specific Actions for Vigorous Energy Efficiency »), som har gått frå 1990 til 1995.

       Vidare viser departementet til at samarbeidet mellom EFTA og EU på energiområdet i hovudsak har vore knytt til direktiv som har innverknad på den indre energimarknaden. Frå EFTA si side har ein jamnleg vurdert dei programma og aktivitetane som ligg utanom den indre marknaden. Det har vore eit ønske både frå EFTA og EU å styrkje samarbeidet innan energieffektivitet og fornybare energikjelder. Partane samarbeider i dag på desse områda under det 4. rammeprogram for forsking, som er ein del av EØS-avtala. EU har også meir bruksretta programaktivitetar innan energieffektivitet og fornybare energikjelder, og departementet viser til at desse programaktivitetane er viktige med tanke på det overordna målet om å fremje arbeidet med ei berekraftig energiutvekling. Soleis vedtok EØS-komiteen 19. juli 1996 å innføre ein ny artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid om energiprogram og energiaktivitetar knytte til miljøet. Noreg kom då med i programmet for fornybare energikjelder (ALTENER) som går frå 1993 til 1997. Avgjerda i EØS-komiteen om EFTA-landa si deltaking i SAVE II-programmet er ei naturleg oppfølging av desse aktivitetane.

       Det er i proposisjonen gjort nærare greie for SAVE II-programmet (vedlegg 2) og for EØS-komiteen si avgjerd (vedlegg 1).

       Departementet viser til at det norske tilskotet til SAVE II-programmet i 1996 var rekna til om lag 59.000 ECU (om lag 480.000 NOK). Over ein 5-års periode vil det samla tilskotet nå opp i om lag 765.000 ECU eller omlag 6 mill. NOK.

       Tilskotet frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt budsjettkapittel 1825 Energiøkonomisering post 21 Informasjon og opplæring m.v.

       Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Breimo, Faremo, Fevåg, Gaundal, Gjul og Hegna, frå Høgre, Fatland og Finstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Chaffey, frå Kristeleg Folkeparti, Frafjord Johnson og representanten Hillgaar, har ingen merknader.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, lederen Queseth Haarstad, Skaug og Giil, viser til at Senterpartiet stemte imot at Norge skulle inngå EØS-avtalen fordi avtalen har mange uheldige virkninger for norsk folkestyre og muligheten til å føre en god fordelings- og miljøpolitikk, og har for øvrig ingen merknader.

3. Uttalelse frå utanrikskomiteen

       Utenrikskomiteen viser til de respektive fraksjoners merknader og slutter seg til utkastet til innstilling.

       Fremskrittspartiets representant har ingen merknader.

4. Komiteen sin tilråding

       Komiteen viser for øvrig til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       Stortinget samtykker til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 84/96 av 20. desember 1996 om endring av artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for å fremje energieffektivitet (SAVE II) i samsvar med eit framlagt forslag.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 7. mai 1997.

Ragnhild Queseth Haarstad, Paul Chaffey,
leiar. ordførar og sekretær.