Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, leiaren Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud, frå Høgre,
Ingunn Foss, Peter Frølich og Frida Melvær, frå Framstegspartiet,
Himanshu Gulati og Solveig Horne, frå Senterpartiet, Jenny Klinge
og Emilie Enger Mehl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Petter Eide,
viser til at Justis- og beredskapsdepartementet i denne proposisjonen
foreslår å lovfeste prinsippet om påtalemakta sitt sjølvstende,
inkludert å fastsette at ingen kan instruere påtalemakta i enkeltsaker
eller omgjere påtalemakta sine avgjerder. Vidare vert det foreslått
å oppheve det generelle instruksjons- og omgjeringsmyndet Kongen
i statsråd har overfor Riksadvokaten, og oppheve føresegnene om
at Kongen i statsråd har eksklusiv påtalekompetanse i saker om straffbare
handlingar gjorde av embetsmenn og andre tjenestemenn som er tilsette
av Kongen. Komiteen viser
også til at forslaga byggjer på straffeprosessutvalet si utgreiing NOU
2016:24 Ny straffeprosesslov.
Komiteen er
positiv til at regjeringa i denne saka gjer framlegg om å lovfeste
eit prinsipp om at påtalemakta skal vere uavhengig, og at det instruksjons-
og omgjeringsmyndet og den eksklusive påtalekompetansen som i dag
ligg til Kongen i statsråd, vert avskaffa. Komiteen er samd i at det er
eit sentralt rettsstatleg prinsipp å ha ei fri og uavhengig påtalemakt,
eit prinsipp som har brei oppslutning og som har vore ufråvikeleg
praksis i Noreg i meir enn hundre år. Komiteen er glad for at påtalemakta
si uavhengigheit, som i dag byggjer på politisk tradisjon, no vert
beskytta gjennom lov. Komiteen er
samd i at eit rettsleg vern vil gje større motstandskraft dersom
påtalemakta i framtida skulle bli utfordra av udemokratiske krefter.