Helse- og omsorgsdepartementet
gjer framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar
i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp,
psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2022. Endringane for legehjelp
og psykologhjelp vert gjorde på grunnlag av forhandlingar med Den
norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi
vert gjorde på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane
Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende
Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsette
i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane er
enno ikkje avslutta.
Regjeringa vil kome
attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.
Basistilskot, driftstilskot
og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsette
for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.
Tingingane med Den
norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka
om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli
2022–30. juni 2023 tok til 20. mai 2022. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane
og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 25. mai. Tingingane
om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten
og dei regionale føretaka starta 20. mai. Ingen av desse forhandlingane
er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram
til avtalar i løpet av juni.
Spørsmålet om eventuelle
endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda
frå 1. juli 2022 på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening,
Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje
leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa
gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar
i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og
løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra
forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagde fram for Stortinget seinare.