1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Samferdselsdepartementet legg med proposisjonen
fram forslag til endringar i taubanelova og tivolilova som vil gi
eit lovgrunnlag for Statens havarikommisjon til å undersøke ulykker
og hendingar på desse områda.
Desse endringane vil leggje til rette for at
undersøking av ulykker og hendingar på taubane- og tivoliområdet
vert forankra i lov på same vis som for transportgreinane og Forsvaret.
Lovframlegget reiser etter departementet sitt
syn få prinsipielle spørsmål av noko særleg omfang.
Det er fleire omsyn som ligg bak framlegget
om å gje Statens havarikommisjon kompetanse til å undersøke ulykker
på taubane- og tivoliområda.
Det vert i proposisjonen lagt til grunn at tenester
og innretningar som er regulerte av taubanelova og tivolilova, etter
sin art kan vere både mangearta og tidvis risikofylte. Dei vert
nytta av både barn og vaksne. I periodar kan bruken vere særs omfattande,
noko som i seg sjølv kan auke risikoen for uønskte hendingar. Det
er difor ei klar forventning i samfunnet om at verksemdene tar vare
på sikkerheita til brukarane på ein god måte.
Departementet viser i proposisjonen til at dei
òg har merka seg at det er eit ønske frå både tilsynsmyndigheita
og undersøkingsmyndigheita om å systematisere arbeidet med undersøkingar
av ulykkar og hendingar innanfor både taubane- og tivoliområdet.
Ulykkesundersøkingar i regi av Statens havarikommisjon er baserte
på lang erfaring, kunnskap og godt innarbeidd metodikk. Det er utstrekt
kontakt med aktørane etter ei ulykke eller hending for å sikre at
aktørane bidreg til å få eit godt resultat av dei undersøkingane
som vert gjorde. Eit velfungerande system for ulykkesundersøkingar
er eit viktig bidrag til det ulykkesførebyggjande arbeidet. Samstundes
peikar departementet på at eit slikt arbeid krev kontinuerleg innsats
og bygging av tillit mellom myndigheiter og aktørar over tid. Undersøking
av ulykker i tråd med framlegget vil etter departementet sitt syn
kunne gje verdifull læring for vidare førebygging av ulykker og
hendingar og dermed bidra til ei kontinuerleg betring av sikkerheita.
Departementet legg i proposisjonen til grunn
at det ulykkesførebyggjande sikkerheitsarbeidet skal bidra til å
oppnå det overordna omsynet bak lovene om at det i fyrste rekkje
skal vere trygt å bruke taubaneanlegg og fornøyingsinnretningar
for publikum. Departementet vonar at det samla sikkerheitsnivået
vert betre når ein finn fram til dei underliggande årsakene til
ei ulykke eller alvorleg hending, slik at liknande hendingar kan
førebyggjast for framtida.
Vidare er tiltak som skal sikre at undersøkingsmyndigheita
mottar relevante opplysningar om ei ulykke eller hending som har
funne stad, sentralt i arbeidet med å finne fram til dei bakanforliggande
årsakene til ulykka eller hendinga.
I tillegg kjem det fram i proposisjonen at fleire
andre europeiske land har tilsvarande institusjonar som Statens
havarikommisjon med oppgåver innan gransking av ulykker på taubaner
og kabelbaner, m.a. Frankrike, Portugal, Sveits, Tsjekkia, Italia,
Austerrike, Nederland, Sverige og Finland.