Grønt lys til taksonomi-reglar i Europaparlamentet

EU vedtok i fjor eit overordna rammeverk for klassifisering av kva økonomisk aktivitet som skal reknast som miljømessig berekraftig. Gjennom såkalla delegerte rettsaktar skal Europakommisjonen fastsette meir detaljerte reglar på ulike område. Den fyrste delegerte rettsakta vart lagt fram 4. juni og gjeld reglar knytt til tiltak for avgrensing av og tilpassing til klimaendringar. Europaparlamentet og medlemslanda har i utgangspunktet frist til 7. oktober for å kome med innvendingar. Fleirtalet i dei to ansvarlege komiteane i Europaparlamentet stemte 27. september for å støtte framlegget. Rolla til naturgass og kjernekraft, kompetansen til å regulere skog og biodrivstoff var sentrale tema i debatten. Naturgass var også sentral da Parlamentet vedtok sin posisjon til ordninga med transeuropeiske nettverk for energi (TEN-E).

Det var finanskomiteen og miljøkomiteen som røysta over tre ulike resolusjonar som alle tok til orde for å avvise Kommisjonens framlegg til delegert rettsakt. Alle dei tre resolusjonane vart avvist med stort fleirtall. Ein av resolusjonane tok mellom anna til orde for å revidere rettsakta slik at kjernekraft og naturgas  klassifiserast som klimavenleg. Det vart også hevda at Kommisjonen ikkje har kompetanse til å regulere spørsmål knytt til skog og dermed ikkje kan utforme taksonomireglar for skog. Ein annan resolusjon ynskte mellom anna at biodrivstoff  på visse vilkår må reknast som grønt, medan den siste ville sikre det motsette. I Parlamentet ynskte fleire medlemmar forlenga frist for å vente på eit varsla framlegg om reglar for naturgass og kjernekraft som er forsinka frå Kommisjonen. Dette var det heller ikkje stemning for. Medlemslanda i Rådet vart 29. september på si side samde om å forlenge vurderingsperioden med to månader til 7. desember.

Blant dei som ynskte å avise den aktuelle rettsakta i Europaparlamentet var svenske Jessica Polfjärd (Moderaterna/EPP) og Emma Wiesner (Centerpartiet/Renew Europa). Polfjärd uttalte etterpå til Europaportalen at «Jag är såklart djupt besviken. Vi har varit tydliga från början: kommissionens förslag kommer slå mot det svenska klimatarbetet, vår energiförsörjning, och vår konkurrenskraft». Andre svenske medlemmar som deltok i avrøystinga hadde eit anna syn. Jytte Guteland (Socialdemokraterna/S&D) sa at sjølv om ho var kritisk til delar av systemet, er klassifiseringssystemet samla sett nødvendig for å sikre grøn omstilling. Spørsmålet var også oppe på plenumsmøtet i Europaparlamentet denne veka. To resolusjonar frå ytre høgre-gruppa Identitet og Demokrati og frå den konservative gruppa (ECR) tok til orde for å revidere den delegerte rettsakta. Også her var det mellom anna spørsmålet om rolla til naturgass og kjernekraft og kompetansen til å regulere skog det handla om. Heller ikkje i plenum var det fleirtall for å sende den delegerte rettsakta attende til Kommisjonen.

EUs revisjonsrett la 27. september fram ein rapport som kritiserte at det stadig er for lønsamt i EU å investere i prosjekt som ikkje er berekraftige. Forsinka innføring av taksonomien bidreg til dette. Sveriges medlem av Revisjonsretten Eva Linström ledet arbeidet med rapporten. Linström uttalte til Europaportalen av EU bør vere eit fyrtårn for berekraftige investeringar. Rapporten tek mellom anna til orde for at fastsetting av reglane i taksonomien må vere basert på vitskaplege råd og det heiter mellom anna at «We found the risk that the EU Taxonomy will not be as effective in supporting the EU’s commitment to reach net-zero emissions by 2050 if the delegated acts weaken the science-based criteria proposed by the Technical Expert Group. In particular, we noted that the 2020 Commission’s proposal  contradicted the Technical Expert Group’s proposal by classifying certain gas-fueled power plants as sustainable without requiring them to reach net-zero emissions by 2050 as proposed by the experts. The Commission temporarily excluded the EU Taxonomy criteria for gas fueled power plants from the draft delegated act published in April 2021 and plans to include them later in 2021». Prinsippet i taksonomien om at investeringar ikkje skal gjere vesentleg skade bør leggjast til grunn for heile EU-budsjettet, ifølge rapporten frå Revisjonsretten.

Taksonomien opnar for at det kan etablerast ei raudliste over aktivitetar som ikkje kan få støtte. Kommisjonens rådgjevande gruppe for berekraftig investeringar møttes 29. september. Leiaren for plattforma, Nathan Fabian, sa til Politico 30. september at plattforma vil gå gjennom tilbakemeldingar for å vurdere om dette er noko investorane ynskjer. Samstundes vil det kome framlegg til ein sosial taksonomi. Dette var tidlegare varsla før sommaren, jf. omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 1. juni i år, og eit utkast vart sendt på høyring i sommar.

Miljøkomiteen i Europaparlamentet vedtok 28. september sin posisjon til reviderte retningsliner for såkalla prosjekt av felles interesse under ordninga med transeuropeiske nettverk for energi (TEN-E). Komiteen ynskjer å støtte utvikling av infrastruktur for hydrogen og karbonfangst og -lagring. I tillegg legg komiteen vekt på at prosjekta ikkje skal føre til auka energikostnadar for forbrukarane. Komiteen vil i utgangspunktet ikkje at naturgassprosjekt skal kunne støttast, men i ein overgangsperiode skal det unntaksvis kunne gis støtte dersom naturgass erstattar olje, kol eller andre meir forureinande fossile energikjelder. Rådet vedtok sin forhandlingsposisjon i juli og ynskjer også mellom anna å fase ut naturgass med visse overgangsordningar. Det er nå klart for forhandlingar mellom institusjonane om dei endelege retningslinene.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Jeannette Berseth


Sist oppdatert: 06.10.2021 10:23