Europaparlamentet drøftar om gass og kjernekraft er bærekraftig

Finanskomiteen og miljøkomiteen i Europaparlamentet har i fellesmøter drøfta framlegget til ei delegert rettsakt knytt til bærekraftig finans med kriterium for investeringar i gass og kjernekraft. Mange i Europaparlamentet er skeptiske til å klassifisere investeringar i desse energikjeldene som bærekraftige og over hundre parlamentarikarar har alt bedt Kommisjonen om å trekke framlegget. Nathan Fabian, leiar av plattforma for bærekraftig finans, tok til orde for å etablere ein ny gul kategori i taksonomien for klassifisering av investeringar i energi som kan spele ei rolle i overgangsfasen mot grøn energi. Parallelt er det rask framgang for mange av dei 15 rettsaktene i lovpakken Fit for 55 og Europaparlamentet vil i stor grad ha sine posisjonar klare før sommaren.

Europaparlamentets finanskomité (ECON) og miljø-, folkehelse- og matsikkerheitskomité (ENVI) har den siste veka hatt to møter om framlegget til den delegerte rettsakta for bærekraftig finans, den såkalla taksonomien. Rettsakta er basert på taksonomiforordninga som trådde i kraft i 2020. Det fyrste møtet var 15. mars med Nathan Fabian, leiar av plattforma for bærekraftig finans. 22. mars møtte dei to komiteane Mairead McGuinness, EU-komissær for finansielle tenester, finansiell stabilitet og kapitalmarknadsunionen. Europaparlamentet og medlemslanda i Rådet har i utgangspunktet fire månadar frå 9. mars til å vurdere den delegerte rettsakta. Denne fristen kan eventuelt utvidast med to månader. Europaparlamentet kan avvise den med simpelt fleirtal i ei plenumsavrøysting. Euractiv skreiv 18. mars at 102 medlemmar av Europaparlamentet (MEP) har signert eit brev som ber Kommisjonen om å trekke framlegget. I brevet blir det vist til målet om å gjere EU uavhengig av russisk gass innan 2030. Framlegget til taksonomireglar vil auke investeringane i gass i strid med dette målet heiter det i brevet.

Også i møta var mange MEP svært kritiske til Kommisjonens framlegg knytt til gass og kjernekraft og fleire tok til orde for å avvise framlegget. Kritikken kom spesielt frå medlemmane frå dei fem partigruppene til venstre og i sentrum og mange sa det gjev heilt feil signal å kategorisere gass og kjernekraft som bærekraftig. Dei spurte mellom anna om framlegget var i samsvar med føre-var-prinsippet og med kriteria i taksonomiforordninga. Kommisjonen vart skulda for arroganse og for å ha ignorert tidlegare vedtak frå Europaparlamentet. Fleire meinte framlegget ikkje er basert på vitskaplege kriterium, men basert på politiske vurderingar. Det kom også spørsmål om framlegget faktisk kan før til mindre bærekraftige investeringar og ikkje meir bærekraft. Marknaden vil ikkje respondere slik Kommisjonen legg til grunn vart det sagt. Det var peika på at målet om å gjere EU uavhengig av russisk energi, vil krevje auka investeringar i energi og energiinfrastruktur. Da er det enda viktigare at taksonomien fremjar bærekraft. Kommisjonen vart også skulda for å bevisst å forsinka utviklinga av ein ny, gul kategori. MEP frå den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre (ID) var meir positive til framlegget og viste mellom anna til at gass og kjernekraft er ein nødvendig del av energimiksen i lang tid framover. Dei sa det alt før krigen i Ukraina hadde vore ein vanskeleg energisituasjon i Europa og at den nå er forverra. I tillegg er det nødvendig å investere meir i forsvar og da blir det vanskelegare å prioritere dyre, grøne løysingar. EU må nå sikre nok energi til akseptable prisar og det er modig av Kommisjonen å fremje dette framlegget.

Nathan Fabian var i si innleiing og sine svar på spørsmål svært kritisk til framlegget og meinte det korkje var i samsvar med kriteria i forordninga eller 1,5-graders målet. Han understreka at vurderingane hans knytte seg til miljøspørsmål og at Europakommisjonen sjølvsagt også må ta omsyn til effektar for energiprisar og sikker forsyning av energi. Likevel meinte han det er problematisk at framlegget vil kategorisere visse investeringar som grøne, sjølv om dei ikkje er det med dagens teknologi. Han tok til orde for å etablere ein ny gul kategori i taksonomien for klassifisering av investeringar i energi som kan spele ei rolle i overgangsfasen mot grøn energi. Fabian sa han ikkje er motstandar av bruk av gass, men at det er nødvendig med gode kriterium. I visse tilfelle kan det også vere betre å vidareføre kol i ein kortare periode og så erstatte kol med grøn energi, framfor å investere i halvgode løysingar basert på gass som blir del av energisystemet i mange år framover. Han meinte mange overdriv kor miljøvenleg kjernekraft er fordi dei ikkje tek omsyn til heile livsløpet frå bygging til avvikling av kraftverka og lagring av radioaktivt avfall.

McGunniess tok seg god tid i møtet 22. mars og sa fleire gonger at ho var der for dialog, men at det er opp til Parlamentet å ta stilling til framlegget. Krigen i Ukraina har gjort den heilt nødvendige omlegginga til grøn energi enda viktigare, jf. målet om at EU skal bli sjølvforsynt med energi. Taksonomien skal bidra til å gje insentiv til grøne investeringar. Framlegget som nå er på bordet, vil ikkje sementere bruken av gass. Både gass og kjernekraft er likevel nødvendig i ein tidsavgrensa overgangsperiode før målet om at all energi skal vere fornybar kan nås. Gass og kjernekraft er ikkje grøn energi, men har mykje lågare utslepp enn kol. Alle nye gasskraftverk må byggjast slik at gass kan erstattast med fornybar energi seinare. Uansett er det investeringar i fornybar energi og tiltak for energieffektivisering som skal ha prioritet. Samstundes må Kommisjonen ta omsyn til at energimiksen varierer mykje mellom EU-land og at for mange land er gass og/eller kjernekraft nødvendig for å sikre nok energi i overgangsfasen. Ingen blir tvinga til å investere i gass eller kjernekraft, men det er viktig med strenge krav til investeringar i desse energikjeldene som uansett vil komme. Da er det betre å regulere enn å overlate til marknaden å fastsette kriteria. Ein ny gul kategori vil vere krevjande å utvikle og forsinke innføringa av kriteria. Framlegget er basert på vitskap, men Kommisjonen må også ta politiske omsyn.

Europaparlamentets posisjonar knytt til Fit for 55
Europakommisjonen la i juli 2021 fram lovpakken Fit for 55. Den omfattar ei rekkje rettsakter som skal bidra til å nå målet om 55 prosent kutt i klimagassar fram til 2030, jf. også oversikt på Europalov. I Europaparlamentet er det i hovudsak miljø-, folkehelse- og matsikkerheitskomiteen (ENVI), industri-, forskings- og energikomiteen (ITRE) og transport- og turismekomiteen (TRAN) som handsamar framlegga, men mange andre komitear gjev også innspel til desse komiteane. ENVI har laga ei oversikt over timeplanen for dei rettsaktene denne komiteen er hovudansvarleg for eller som den skal gje innspel til andre komitar på.

For dei fleste framlegga har nå saksordførarane lagt fram sine framlegg til innstillingar – det vil i praksis seie framlegg til konkrete endringar i Kommisjonens utkast til rettsakter. Det har også kome endringsframlegg frå andre medlemmar av Europaparlamentet til dei fleste framlegga. For enkelte rettsakter er det til dels svært mange endringsframlegg. Til dømes er det i ENVI lagt fram til saman 1477 endringsframlegg knytt til revisjonen av kvotehandelssystemet og 1316 til karbongrensejusteringsmekanismen. ENVI drøfta endringsframlegga til desse to rettsaktene på sitt møte 22. mars. Avrøystingane i komiteane vil i hovudsak skje fram til mai og ENVI vedtok 15. mars si innstilling til den fyrste rettsakta i pakken, nemleg revisjon av marknadsstabiliseringsmekanismen.

Etter vedtak i ansvarleg komité må Europaparlamentet i plenum deretter godkjenne komitéposisjonen som grunnlaget for forhandlingar med Rådet for kvart enkelte framlegg. Dette er i stor grad venta i juni. Rådet er også i ferd med å samle seg om felles haldningar til mange av rettsaktene og forhandlingar med Parlamentet kan dermed starte i sommar eller tidleg på hausten.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Jeannette Berseth


Sist oppdatert: 22.03.2022 11:07