Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet

Europaparlamentet hadde plenumsmøte i Strasbourg førre veke. Det førre og det kommande toppmøtet, energi, klima og europeisk konkurranseevne var sentrale tema på dagorden. Mellom anna gav Parlamentet formell tilslutning til tre rettsakter i Klar for 55-pakken og til å starte forhandlingar med Rådet om bygningsenergidirektivet. I fleire av debattane var det vist til nye initiativ knytt til konkurranseevne, energi og grøn omstilling frå Kommisjonen. Dette omfatta framlegga til reform av energimarknaden, overgangen til netto-null industri og tilgangen til kritiske råmateriale og meldingar om den indre markanden etter 30 år, den langsiktige konkurranseevna til EU og ein europeisk hydrogrenbank som alle kom førre veke. Parlamentet markerte den internasjonale kvinnedagen og tek til orde for eit direktiv om minsteinntekt. Det var også møte i den felles EØS-parlamentarikarkomiteen i Strasbourg førre veke.

Ved opninga av møtet bad parlamentspresident Metsola om eit minutt stillheit til minne om dei som omkom i togulykka i Hellas og dei som har mista livet i Middelhavet i forsøk på å nå Europa. Ho understreka også at det er viktig for global matforsyning av Russland gjev samtykke til å forlenge kornavtalen i Svartehavet. Dagsorden vart utvida mellom anna med ein debatt om effektar for europeisk finansiell stabilitet etter bankkrisa i USA og ein debatt om behovet for å styrke europeisk forsvar og auke våpenleveransane til Ukraina.

Formelt samtykke til tre klimarettsakter og omkamp om bilar
Parlamentet gav med solide fleirtal tysdag formelt samtykke til tre rettsakter under Klar for 55-pakken. Dette gjaldt LULUCF-forordninga om inkludering av utslepp og opptak av klimagassar frå arealbruk og skogbruk, innsatsfordelingsforordninga og den marknadsstabiliserande reserven for kvotehandel. Det er tidlegare oppnådd uformell semje med Rådet om desse tre rettsaktene, og også Rådet må nå formelt godkjenne denne semja før rettsaktene er endeleg vedteke.

Parlamentet gav i februar formelt samtykke til semja med Rådet om utsleppskrav til bilar som medførte eit forbod mot brenselsmotorar frå 2035. Dei siste vekene har det kome kraftige reaksjonar på at den tyske regjeringa vil røyste mot vedtaket i Rådet. Tyskland har fått med seg i alle fall Italia, Polen og Bulgaria og har dermed nok støtte til å sikre eit blokkerande mindretal. Det uvanleg at det kjem omkamp i tolvte time og ein del er uroa for at dette skal danne presedens og gje omkampar for andre rettsakter framover. Politico skreiv 16. mars at europaparlamentspresident Roberta Metsola vil skrive eit brev til EU-landa der ho ber om at avtalen med Europaparlamentet blir respektert.

Klar for forhandlingar om bygningsenergidirektivet
Parlamentet gav samtykke til å starte forhandlingar med Rådet om bygningsenergidirektivet. Dette skjedde med eit fleirtal på 343 mot 216 røyster og 78 som avsto. Det kom sterkt støtte til direktivet frå fem av dei politiske gruppene i debatten måndag. Direktivet vil krevje betre isolerte bygningar, men sikrar også økonomisk støtte til dei gruppene som treng hjelp til renovering. Parlamentet vil at alle nybygg skal ha nullutslepp frå 2028 og at offentleg nybygg skal ha det alt frå 2026. Det skal også innførast energikrav til eksisterande bygg. Fleirtalet meiner dette er positivt ikkje minst i lys av dei høge energiprisane som er i Europa nå. Ytre høgre gruppa (ID) og den konservative gruppa (ECR) var sterkt kritiske til direktivet og meinte det var eit uttrykk for ei unødvendig formyndarhaldning som vil påføre huseigarar høge og unødvendige utgifter.

Debatt om toppmøtet i februar og det kommande toppmøtet i mars
Onsdag var det debatt om toppmøtet i februar og det kommande toppmøtet 23. – 24. mars der både president for Det europeisk råd, Charles Michel, og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok. Charles Michel la i sin tale vekt på behovet for kortsiktige tiltak for å løyse akutte krisar utan å undergrave den grøne og digitale omstillinga som skal sikre vekst framover. Han var også opptatt av samarbeide med tredjeland i kampen mot trafficking og behovet for legale migrasjonsruter til Europa. Han la også stor vekt på behovet for meir våpenhjelp til Ukraina. Det var også eigne debattar om våpenstøtte og korleis fleire dødsfall i Middelhavet kan hindrast. Det var her brei politisk støtte til meir våpenhjelp til Ukraina. Ytre venstre-gruppa var kritisk til dette og meinte meir våpen berre betyr meir krig, øydeleggingar og død og at det berre er våpenindustrien som har glede av dette. I debatten om dødsfall i Middelhavet var det delte syn. Behovet for å vedta asyl- og migrasjonspakta vart gjentatt. Ein del tek til orde for at EU bør ha eigne redningsbåtar i Middelhavet, medan andre la vekt på å hindre at båtar legg ut i det heile tatt og å auke innsatsen mot menneskesmugling.

Von der Leyen som møtte president Joe Biden i USA veka før, la onsdag vekt på at måla på mange måtar er like både i amerikanske Inflation Reduction Act (IRA) og EUs grøne giv. Begge initiativa skal hindre klimaendringar og samstundes bidra til investeringar og vekst. EU og USA er i dialog og forhandlingar for å unngå ein del av problema som IRA kan skape for europeisk næringsliv og konkurranseevne, inkludert krav om bruk av lokale kritiske råmateriale og insentiv for grøn industri. Det er viktig at EU når målet om at forskingsinnsatsen skal vere tre prosent av BNP og å sikre reduserte administrative byrder for verksemder i EU. Ho viste til at Kommisjonen dagen etter ville legge fram både framlegg til ei forordning som skal fremje europeisk netto-null teknologi og eit framlegg om ei forordning som skal sikre tilgangen til kritiske råmateriale. Same dag la Kommisjonen også fram ei melding om den indre marknaden etter 30 år og ei melding om den langsiktige konkurranseevna til EU. Kjernekraftsteknologi er ikkje inkludert i framlegget om netto-null teknologi. Politico skreiv førre veke at Frankrike både før og etter framlegginga har argumentert kraftig for at også kjernekraftsteknologi må vere omfatta. Begge forordningsframlegga er elles merka som EØS-relevante av Kommisjonen.

I debatten onsdag var det mange som var opptatt av å sikre konkurranseevna til europeisk næringsliv i møte med IRA. I tillegg til elementa von der Leyen la vekta på, var fleire opptatt av å styrke dei europeiske kapitalmarknadane og av ein meir ambisiøs handelspolitikk inkludert nye handelsavtaler med USA og andre demokrati. Også i spørjetimen tysdag, der høgrepresentanten for utanrikssaker, Josep Borrell, drøfta det transatlantiske tilhøvet, var det fleire som etterlyste meir omfattande handelsavtaler mellom EU og USA. Borrell kommenterte at han også gjerne skulle ha hatt dette i møte med IRA, men at EU inntil vidare må basere samarbeidet på det rammeverket som faktisk er på plass.

I debatten onsdag var Kommisjonen kritisert for å leggje for stor vekt på synspunkta til energiprodusentane og ikkje ta omsyn til interessene til forbrukarane. Det kom også kritikk av at den grøne energiomstillinga vil medføre at EU går frå å vere avhengige av Russland og russisk gass, til å gjere seg avhengig av Kina og kinesiske innsatsvarer og produkt. Denne problemstillinga var det også fleire som tok opp i spørjetimen med energikommissær Simson, jf. omtale nedanfor. Enkelte meinte elles von der Leyen teikna eit for rosenraudt bilete av kor konstruktiv dialogen mellom EU og USA er knytt til IRA.

Spørjetime om sikkerheit for energiforsyning
Energikommissær Kadri Simson deltok onsdag i ein spørjetime om sikkerheit for energiforsyning i EU i 2023. Debatten skjedde same dag som ho la fram Kommisjonens framlegg til reform av energimarknaden på ein pressekonferanse i Strasbourg. Simpson fekk mellom anna spørsmål om korleis EU kan sikre nok gass til å fylle lagra neste vinter, om omstillinga vil føre til at EU bli avhengig av Kina i staden for Russland og om korleis Kommisjonen vil sikre meir stabile energiprisar framover.

Simson la vekt på at EUs energisituasjon er langt betre nå enn for eit år sidan og viste mellom anna til at fyllingsgraden i gasslagera er dobbelt så høg som for eit år sidan. Prisane er også lågare enn i fjor. Kommisjonen meiner det europeiske marknadssystemet har tent Europa godt gjennom mange år, og ynskjer ikkje å endre dette. Systemet med marginalprising er viktig for å sikre samsvar mellom tilbod og etterspørsel i marknaden. Derimot er det behov for tiltak som skjermar forbrukarane og næringslivet for store prisvariasjonar og ekstreme prisnivå. Eit sentralt tiltak er også å auke takten i omlegginga til fornybar energi og å effektivisere energibruken. Det er derfor viktig å vedta rettsaktene i Klar for 55-pakken raskt. Det er vidare viktig å fjerne flaskehalsar i overføringskapasitet internt i EU og å sikre at fornybare energiprosjekt kan godkjennast raskare.

Jamvel om EU er glad for at Noreg og andre land har levert gass til erstatning for russisk gass, er målet å redusere forbruket av fossil energi raskt. USA har vore ein viktig leverandør av LNG og EU ventar å kunne kjøpe tilsvarande volum LNG frå USA også i år. Det er samstundes viktig at EU er solidariske med andre land og ikkje støvsugar marknaden for all LNG og dermed pressar opp prisane for fattigare land.

Simson fekk også spørsmål om rolla til hydrogen og viste til den planlagde meldinga om ein europeisk hygdrogenbank som vart lagt fram 16. mars. I meldinga viser Kommisjonen til at hydrogen vil spele ei viktig rolle i overgangen til klimanøytralitet i 205o og målet om å bli uavhengig av russisk energi. Kommisjonen foreslår eit rammeverk for produksjon, forbruk, infrastrukturutvikling og reguleringar for ein framtidig hydrogenmarknad og i tillegg bindande kvotar for fornybar forbruk av energi i industri og transport. EUs Innovasjonsfond skal etter planen gje hygdrogenbanken ei støtte på 800 millionar euro frå starten.

Debatt med den litauiske presidenten
Den litauiske presidenten Gitanas Nausėda understreka i ein tale til Europaparlamentet at fortsatt støtte til Ukraina er nødvendig ikkje berre for at Ukraina skal vinne krigen, men også for Europa som vi kjenner det, skal overleve. Han viste til at dei baltiske landa har gjeve mest støtte til Ukraina i høve til BNP, og oppmoda dei store landa i Europa til å trappe opp støtta. EU må opne medlemskapsdøra for både Ukraina, Georgia og Moldova og medlemskapsforhandlingane med Ukraina bør starte alt i år. Han var også opptatt av at den grøne omstillinga er viktig både for klimaet og for å gjere EU uavhengig av russisk energi.

Det vanka mange godord til Litauen for støtta til Ukraina og Belarus i debatten etter talen. Fleire viste også til at resten av Europa ikkje hadde lytta da dei baltiske landa åtvara mot Russland i tidlegare år.

Dataforordninga
Europaparlamentet gav samtykke til å starte forhandlingar med medlemslanda i Rådet om den nye dataforordninga som skal klargjere vilkåra for tilgang og bruk av industridata. Dette er data som blir generert frå produkt som smartklokker, bilar som er kopla til nettet, smarte hushaldningsapparat og også fabrikkrobotar. Måler er at slike data i større grad skal kunne nyttast innovasjon, men også at andre enn produsentane skal få tilgang i samband med reperasjon og service på produkta. Parlamentet er opptatt av å sikre at utveksling av data ikkje går utover forretningsløyndommar og av unngå ulovleg overføring av data. Medlemslanda i Rådet er ikkje klare med sin posisjon ennå.

Ny folkehelsekomité klar
Europaparlamentet har vedteke å opprette ein ny underkomité for folkehelse under miljø-, folkehelse- og matsikkerheitskomiteen (ENVI). Den skal arbeide med spørsmål knytt til programsamarbeid og særskilt innsats knytt til folkehelse, farmasøytiske og kosmetiske produkt, helseaspekt knytt til bioterror, Det europeiske legemiddelbyrået og Det europeiske smittervernbyrået. Underkomiteen som får 30 medlemmar, vil ikkje vedta lovgjeving – det vil stadig skje i ENVI.

Vil ha direktiv som sikrar minsteinntekt
Eit direktiv for minsteinntekt vil gjere nasjonale ordningar for dette meir tilgjengelege og effektive. Det meiner eit fleirtal i Europaparlamentet på 336 mot 174 representantar og 121 som avsto. Resolusjonen meiner også medlemslanda jamleg må vurdere sine nasjonale system for å sikre at dei er tilstrekkelege og reflekterer nasjonal fattigdomsrisiko. Det er også viktig at slike ordningar blir gjort tilgjengelege for utsette grupper som til dømes heimlause.

Markering av den internasjonale kvinnedagen
Både den iranske fredsprisvinnaren Shirin Ebadi and den italienske astronauten Samantha Cristoforetti deltok på ein seremoni i Europaparlamentet onsdag som markerte den internasjonale kvinnedagen. Presidentane i Europaparlamentet, Det europeiske råd og Europakommisjonen deltok i markeringa. Parlamentspresident Metsola la mellom anna vekt på at kvinnedagen bør bidra til styrke likestilling på alle samfunnsområdet og at EU må ratifisere Istanbul-konvensjonen. Kommisjonspresident von der Leyen ga honnør til dei mange modige kvinnene som demonstrerer i Iran og la vekt på at gode rollemodellar er viktige for å fremje likestilling.

Uro for utviklinga i Belarus og debatt om Georgia, Israel og Moldova
Europaparlamentet er uroa over korleis regimet i Belarus slår ned på opposisjonelle og ber EU utvide sanksjonane mot landet. EU-landa bør førebu rettssaker mot tenestemenn som er involvert i brot på menneskerettane. EU bør styrke samarbeidet med dei demokratiske kreftene i landet.

Josep Borrell, EUs høgrepresentant for utanrikssaker, deltok i drøftingar med parlamentarikarane om situasjonen i Georgia og Moldova og den negative utviklinga for demokratiet i Israel og konsekvensar for dei palestinske sjølvstyreområda.

Brot på menneskerettane i Iran, Tunisia og Kambodsja
Regimet i Iran må gje jenter tilgang til utdanning på lik linje med gutar. Styresmaktene i Tunis må stanse aksjonane mot sivilsamfunnet og styresmaktene i Kambodsja må stanse undertrykkinga av opposisjonen og tillate fri og rettferdige val i juli år. Det var sentrale punkt i tre resolusjonar som Europaparlamentet vedtok torsdag.

Effektar i Europa av bankkrisa i USA
Ved opninga av plenumsmøtet vart det fleirtal for eit nytt dagsordenspunkt for å drøfte effektar for finansiell stabilitet i Europa av kollapsen til Silicon Valley Bank (SVB) og to andre bankar. I debatten onsdag la finanskommissær Mairead McGuinness vekt på at effektane ville vere avgrensa og at den europeiske banksektoren er i solid. Kommisjonen har gjort framlegg om auka kapitalkrav for europeiske bankar. Rådet og Parlamentet er i ferd med å starte forhandlingar om dette regelverket. I debatten var det spurt om det kanskje var behov for enda strengare kapitalkrav enn det Kommisjonen har gjort framlegg om.

Klar for forhandlingar om ein europeisk digital identitet
Europaparlamentet er klar for å forhandle med Rådet om framlegget ei forordning knytt rammeverket for ein europeisk digital identitet. Målet er å gje innbyggjarane tilgang til elektronisk identifikasjon og autentifisering på nettet utan å måtte bruke kommersielle tilbydarar og dermed styrke tillit, sikkerheit og personvern. Det skal leggje til rette for meir elektronisk samhandling mellom næringsdrivande, borgarar og offentlege myndigheiter på tvers av landegrensene og dermed styrke den indre marknaden. Rådet vedtok sitt mandat i desember.

Europaparlamentet glad for Windsor-avtalen
Europaparlamentet er glad for Windsor-avtalen som klargjer Nord-Irland-protokollen i avtalen som vart inngått etter at Storbritannia gjekk ut av EU. I ein resolusjon som vart vedteke med 537 mot 43 røyster og 38 som avsto, legge Parlamentet vekt på det er viktig å sikre rettane til borgarane etter brexit. Parlamentet meiner også at Storbritannia gjennom faktiske brot og trugslar om brot på avtala med EU, har bidratt til at gjennomføringa av avtala er svekka.   

Møte i den felles EØS-komiteen
Fem norsk stortingsrepresentantar møtte onsdag og torsdag kollegaer frå Europaparlamentet, Island og Liechtenstein i den 59. møtet i den felles EØS-parlamentarikerkomiteen. På dagsorden stor mellom anna den russiske aggresjonen i Ukraina, energi, den europeiske reaksjonen til den amerikanske Inflation Reduction Act og framlegget om eit kriseinstrument for den indre marknaden. Frå norsk side deltok følgjande medlemmar av EFTA-EØS delegasjonen: Trine Lise Sundnes (A, leiar), Siver Bjørnstad (FrP), Heide Nordby Lunde (H), Jan Tore Sanner (H) og Solveig Vitanza (A). Sjå bilete frå møtet her.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 20.03.2023 14:37
: