1. Samandrag

       Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til ny lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen. Det vert òg gjort framlegg om endringar i lov av 31. oktober 1946 nr. 2 om mål og vekt.

1.1 Lov om tekniske kontrollorgan

       Det vert understreka i proposisjonen at framlegget ikkje går lenger enn EØS-avtalen krev.

       For å gjennomføre prinsippet i EØS-avtalen om fri flyt av varer, er det mange reglar som tek sikte på å fjerne tekniske handelshinder. Slike hinder kan vere at ulike land set ulike nasjonale minstekrav til eigenskapane ved produkta, m.a. for å sikre vern av helse, tryggleik og miljø. Ein prøver å samordne krav gjennom utvikling av eit felles regelverk for heile EØS-området. Produkt som ikkje oppfyller krava, skal ikkje omsetjast. Det er krav om at mange produkt skal prøvast og samsvarsvurderast før dei kan marknadsførast i EØS-landa (førmarknadskontroll).

       Retten til å utføre samsvarsvurdering etter produktreglane i EØS-avtalen vert gjeven av offentleg styresmakt ved særskild løyve. Dei som får slikt løyve, vert kalla teknisk kontrollorgan.

       Verksemda til tekniske kontrollorgan er utøving av offentleg styringsrett. Reglane i forvaltningslova om klagerett vil gjelde for dei samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer.

       Produktreglane som krev bruk av tekniske kontrollorgan gjeld berre ein mindre del av dei produkta som vert omsette på EØS-marknaden, m.a. byggjevarer, maskinar, personleg verneutstyr og leiketøy.

       Det er gjeve standardiserte prosedyrar (modular) som skal brukast ved samsvarsvurdering av ulike produkt. I direktiv som regulerer krav til produkt, vert det fastsett kva for prosedyre som skal nyttast ved prøving av kvart einskild produkt.

       Både offentlege og private organ kan verte peika ut som teknisk kontrollorgan. Førmarknadskontroll og marknadskontroll skal vere skilde oppgåver og gjerast av ulike organ. Ansvaret for marknadskontrollen ligg på offentlege styresmakter. Offentleg organ med ansvar for marknadskontroll, kan ikkje verte tekniske kontrollorgan med mindre det vert organisatorisk skilje mellom funksjonane.

       Tekniske kontrollorgan skal vere organisert som uavhengige tredjepartsorgan og ha dei kvalifikasjonar som direktiva fastset. Dei institusjonane som oppfyller krava i dei relevante europeiske standardane fastsette i EN 45000-serien, tilfredsstiller òg krava i direktiva.

       Ein offentleg eller privat institusjon som arbeider i samsvar med eit dokumentert kvalitetssystem og har vist kompetanse til å utføre nærare definerte oppgåver, kan få ei formell godkjenning, akkreditering. I Noreg vert akkreditering tildelt av Norsk Akkreditering, som er ei avdeling i Direktoratet for måleteknikk.

       Framlegget stiller ikkje krav om akkreditering for å bli peika ut som teknisk kontrollorgan. Nærings- og energidepartementet ser det likevel som ein føremon at dei nødvendige kvalifikasjonane vert dokumentert gjennom akkreditering. Det medverkar til å samordne kompetansen til melde organ, og styrkjer kvaliteten på samsvarsvurderinga. Det vil òg gjere handsaminga av søknaden i fagdepartementet lettare.

       Fagdepartementet kan regulere talet på tekniske kontrollorgan innan kvart produktområde, om det er sakleg grunn for det. Departementet peikar på at så lenge tekniske kontrollorgan kan tilby tenester innan heile EØS, vil det ikkje utan vidare vere grunn for å nekte godkjenning ut frå at norsk næringsliv ikkje har bruk for meir enn eit teknisk kontrollorgan på dette området.

       Utpeiking av kontrollorgan skal gjerast av det departementet som har ansvaret for å gjennomføre det produktdirektivet utpeikinga gjeld. Fagdepartementet skal sende melding til Utanriksdepartementet, som så sender den formelle meldinga til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, og dei andre EØS-landa.

Godkjenning som teknisk kontrollorgan kan trekkjast tilbake. Styresmaktene er ansvarlege for at kontrollorgana tilfredsstiller krava som er fastsette i EØS-avtalen, og at dei driv verksemda si i samsvar med reglane.

       Departementet gjer framlegg om ein eigen gebyrheimel, da gebyrheimelen § 27 a i forvaltningslova er lite eigna i høve til verksemda til tekniske kontrollorgan.

1.2  Lov om endringar i lov om mål og vekt

       Dei endringane det er framlegg om, er ikkje ein konsekvens av EØS-avtalen, og vert fremja uavhengig av den.

       Det er framlegg om heimel i lov om mål og vekt til å gje forskrifter om betaling for dei tenestene som Norsk Akkreditering utfører. Det er allereie forskrifter om gebyr gjevne med heimel i forvaltningslova. Den nye føresegna gjev heimel for å fastsetje gebyr for andre tenester enn i dag.

       Sjølv om Norsk Akkreditering vert betre i stand til å finansiere verksemda si, reknar departementet det ikkje som realistisk at avdelinga kan fullfinansiere den.

       Dei kontrollfunksjonane Justervesenet har hatt, er no mindre viktige, medan det har vorte eit stadig viktigare ledd i infrastrukturen for internasjonal handel. Departementet finn det derfor naturleg å revurdere embetsstatusen til den øvste leiaren. Bakgrunnen er at det er viktig å kunne leggje opp til meir fleksible tilsettingsordningar. Det kan m.a. vere aktuelt å tilsetje på åremål. Det er framlegg om at stillinga som justerdirektør vert ei tenestemannsstilling. Føresegna om at dei andre tenestemennene i Justervesenet vert tilsette av departementet, fell bort. Reglar i tenestemannslova regulerer dette.