2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til at Odelstinget tidlegare har handsama spørsmålet om namsmyndigheit for Statens Innkrevingssentral (SI) til å drive inn uteståande krav. Komiteen viser m.a. til Innst.O.nr.128 (1992-1993).

       Komiteen vil peike på at framlegget ikkje fører med seg utvida oppgåver ved SI, men berre ein utvida myndigheit til å drive inn krava. Komiteen vil i den samanheng vise til ønskje frå ein samla justiskomité i Innst.O.nr.20 (1993-1994) om at ein prinsipiell gjennomgang av SI sitt ansvarsområde for nye oppgåver vert lagt til SI.

       Komiteen viser til at framlegget til endringar forutset å føre til meir effektiv innkreving av krav og meir likearta handsaming av inndriving av uteståande krav, og stør framlegget frå Regjeringa.