2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til at det i proposisjonen er framlegg om endringar i sjøfartslova sitt kapittel om godstransport, og at lova elles er omstrukturert. Også i dei andre nordiske landa er tilsvarande lovendringar vedtekne eller på trappene. Komiteen peikar på at det vil bli ein felles grunnstruktur i dei nordiske sjølovane. Komiteen ser dette som viktig, da det vil bli enklare å samanlikne lovverket i dei ulike nordiske landa.

       Komiteen har merka seg skilnadene mellom Haag-Visby-reglane og Hamburg-reglane når det gjeld ansvarsgrunnlaget (ansvaret for nautisk feil og brann), ansvarsgrenser som går på beløp, lengda på foreldelsesperioden og geografisk område for anvending. Komiteen har vidare merka seg at ingen av dei andre nordiske landa har ratifisert Hamburg-reglane.

       Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, er samd med departementet i at det må leggjast vesentleg vekt på sams rettsreglar i dei nordiske landa, og at Noreg derfor ikkje skal slutte seg til Hamburg-reglane no. Men fleirtalet går ut frå at departementet arbeider vidare med sikte på ein felles nordisk ratifikasjon av Hamburg-reglane.

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti viser til dei forslag om erstatningsansvar i skipsfartssaker Sosialistisk Venstreparti tidlegare har fremma. I samanheng med handsaminga av denne proposisjonen vil denne medlemen streke under at Noreg må ratifisere FN-konvensjonen (Hamburg-reglane). Denne medlemen vil vise til dei merknadene LO - i samråd med Norsk Sjømannsforbund - har gjort i høve til denne proposisjonen. Denne medlemen vil kome tilbake med forslag til slik ratifikasjon ved eit seinare høve.

       Komiteen er innforstått med at det ikkje er framlegg om endringar når det gjelder erstatningsansvar for personskader og utbetaling i samband med skipsulykker. Komiteen viser til merknad frå sjøfarts- og fiskerikomiteen i Innst.S.nr.24 (1990-1991) når det gjeld dette spørsmålet, og reknar med at departementet vil kome tilbake til Stortinget med saka når det er vurdert.

       Komiteen viser til at dei særreglane for innanlands sjøtransport som Sjølovkomiteen gjorde framlegg om, ville ha gjeve større samsvar med reglane for veg- og jernbanetransport, m.a. like ansvarsgrenser ved veg-, jernbane- og innanlands sjøtransport. Komiteen har merka seg at omsynet til nordisk harmonisering av det sjørettslege regelverket ikkje krev slike reglar, og at reglane eventuelt ville ha blitt norske særreglar. Likeså har komiteen merka seg at dei økonomiske konsekvensane av slike reglar bør utgreiast. Komiteen ser det som viktig at det er størst mogleg samsvar mellom reglar for all innanlands transport, og reknar med at departementet kjem tilbake til saka ved eit seinare høve.

       Komiteen har merka seg at framlegget til nye reglar om stykkgodstransport og frakttinging av skip ikkje vil ha administrative eller økonomiske konsekvensar for det offentlege.

       Komiteen har òg merka seg at kvart kapittel i den nye lova startar med eit paragrafnummer som endar på 1, slik at nokre paragrafnummer står åpne.

       Komiteen viser til at den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) for tida arbeider med ein konvensjon om ansvar for transport av farlege og giftige stoff (HNS-konvensjonen), og at kap. 11 i lovframlegget er åpent for eventuelle framtidige reglar om m.a. ansvar ved transport av farleg gods o.l.