4. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ikkje merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i lov av 20. desember 1974 nr. 73 om dyrevern.

I.

I lov av 20. desember 1974 nr. 73 om dyrevern blir det gjort følgjande endringar:

§ 22 skal lyde:

§ 22.  Løyve til forsøksverksemd o.a.

       Løyve etter § 21 vert gjeve av eit utval som departementet nemner opp for 4 år om gongen.

       Kongen kan gjeva føresegner om korleis utvalet skal vera skipa, om arbeidsoppgåver og arbeidsmåte, og om høve til inspeksjon.

       Kongen kan i føresegn fastsetja at utvalet på avgrensa område kan delegere retten til å gje løyve til biologiske forsøk på dyr til ein person som utvalet har godkjent som ansvarleg for forsøksdyrverksemda i ein bedrift eller institusjon.

       Departementet er klageinstans når det gjeld klage over utvalet sine vedtak.

Kapittel VII skal lyde:

Kapittel VII - Dyrevernnemnder, tilsyn og tiltak

§ 23.  Dyrevernnemnder.

       Til å føre tilsyn med dyrehaldet, skal det i kvart veterinærdistrikt vere ei eller fleire statlege dyrevernnemnder. Talet på dyrevernnemnder i det einskilde veterinærdistrikt vert fastsett av fylkesmannen etter tilråding frå distriktsveterinæren.

       Kvar dyrevernnemnd skal ha 3 medlemer. I særlege tilfelle kan nemnda ha 5 medlemer. Distriktsveterinæren er ansvarleg for sekretariatsfunksjonen til nemnda. Distriktsveterinæren er ikkje medlem av nemnda, men har møteplikt utan stemmerett.

       Medlemmene og like mange varamedlemer skal oppnemnast av fylkesmannen for 4 år om gongen etter framlegg frå dei einskilde kommunane. Distriktsveterinæren skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det fyrst og fremst oppnemnast folk med praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell og med kunnskap om og interesse for dyrevern. Ingen skal oppnemnast mot sin vilje.

       Nemnda vel leiar og nestleiar.

       Nemnda er vedtaksfør når minst halvparten av medlemene - mellom dei leiaren eller nestleiaren - er til stades.

       For å kunne gjera lovleg vedtak må minst halvparten av dei som er med i nemnda, røysta for det.

       Dyrevernnemnda skal føre bok over møta sine. I den skal førast inn alle vedtak med grunngjeving, og i tilfelle med utsegner frå sakkunnige.

       Innan utgangen av januar månad skal dyrevernnemnda senda melding om arbeidet som er gjort i førre året til fylkesmannen og til fylkesveterinæren.

§ 24.  Tilsyn og tiltak.

       Dyrevernnemnda har plikt til å halda seg orientert om dyrehaldet i distriktet og å gjere uanmelde inspeksjonar.

       Meiner dyrevernnemnda at det er grunn til å tru at husdyr, selskapsdyr eller dyr som vert haldne i fangenskap på annan måte, kjem i fåre for å lida i utrengsmål, skal nemnda straks sjå etter korleis stoda er.

       Dersom nemnda finn grunn til det, skal ho enten rettleia eigaren eller innehavaren om tiltak som kan retta på tilhøva, eller gje dei pålegg som er naudsynt for at denne lova eller føresegner gjevne i medhold av lova blir følgde. Pålegg som ein innehavar får, skal eigaren og få melding om.

       Vert eit pålegg ikkje etterkome, skal nemnda taka dei åtgjerder som trengst. Politiet skal når dyrevernnemnda ber om det, hjelpa til med iverksetting av vedtak og inspeksjonar.

       Tiltak som vert sett i verk etter dette kapittel, er ikkje til hinder for at det vert reist straffesak etter § 31.

§ 24 a.  Mellombels tiltak og avliving.

       Dersom det er naudsynt, kan dyrevernnemnda, politiet og distriktsveterinæren etter vedtak, mellombels ta med seg dyr eller på annan måte sjå til at dyret får høveleg tilsyn og stell. Har politiet eller distriktsveterinæren mellombels teke med seg dyr, fell vedtaket bort om det ikkje er stadfesta av dyrevernnemnda innan 3 dagar. Mellombels forvaring av dyr skal normalt vare høgst 3 veker. Dyrevernnemnda avgjer om dyret skal leverast attende til eigar, seljast, verta omplassert eller verta avliva.

§ 24 b.  Avliving iverksett av distriktsveterinæren.

       Dersom det vil føra til unødig liding for eit dyr å leva vidare, kan distriktsveterinæren straks iverksetja avliving av dyret. Dette gjeld og for dyr i mellombels forvaring etter § 24 a.

§ 24 c.  Dyrevern på slakteri.

       Tilsynsveterinæren skal føre tilsyn med dyr som kjem inn til slakteriet og om naudsynt gje melding til dyrevernnemnda. Tilsynsveterinæren skal føre tilsyn med handsaming av slaktedyr og kan gje dei pålegg som er naudsynte for at denne lova eller føresegner gjevne i medhald av lova blir følgde innanfor slakteriet sitt område.

       Dyrevernnemnda har inspeksjonsrett, men kan ikkje gje pålegg for tilhøve innanfor slakteriet sitt område.

       Departementet kan i føresegn fastsetja vilkår for etablering og drift av slakteri, herunder krav om godkjenning og vilkår for å trekkje godkjenninga attende.

§ 25.  Vedtak og klage.

       Departementet kan bestemme at distriktsveterinæren eller annan offentleg veterinær kan gjera vedtak etter føresegner gjevne med heimel i denne lova.

       Vedtak som dyrevernnemnda, distriktsveterinæren, tilsynsveterinæren eller politiet har gjort kan verta påklaga til fylkesveterinæren.

       Klage på vedtak etter § 24 b må settast fram straks.

§ 26.  Tvangsmulkt.

       Kongen kan i føresegn fastsetje at dyrevernnemnda kan ileggja eigar eller innehavar som ikkje oppfyller pålegg gjevne i medhald av denne lova innan den fristen som er sett, tvangsmulkt i form av einskild mulkt eller løpande dagmulkt. Størrelsen på tvangsmulkta skal fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt og kva kostnader dette kjem til å medføre. Pålegg om mulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 27.  Dekking og fordeling av utgifter.

       Utgifter med tiltak etter §§ 24, 24 a og 24 b skal eigaren eller innehavaren bera, og dei er tvangsgrunnlag for utlegg.

       Maktar ikkje eigaren eller innehavaren å bera utgiftene, eller er det ikkje råd å få greie på kven som eig eller har dyret i si varetekt, skal staten bera utgiftene.

       Staten dekkjer utgiftene med arbeidet til dyrevernnemnda, inkludert skyss-, kostpengar, og godtgjersle til medlemene, sekretæren og eventuell sakkunnig, i samsvar med gjeldande satsar.

II.

       Denne lova trer i kraft straks.

Oslo, i næringskomiteen, den 23. februar 1995.

Svein Ludvigsen, Lars Gunnar Lie, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.