3. Komiteens merknader

       Komiteen viser til Noregs EØS-avtale og at norsk lovgjeving må leggje til grunn dei rettsaktene og direktiv som etter kvart vert omfatta av avtalen, med mindre ein gjer bruk av vetoretten.

       Komiteen stør framlegget frå Regjeringa om å vedta ei særskilt gjennomføringslov som vil omfatte generelle reglar for dei ulike transportformene og som vil gje heimel til å innarbeide fellesrettsaktene i form av forskrifter. Komiteen viser til at det no vil bli reglar om innføring av eit rekneskapssystem for infrastrukturkostnadene for veg, jernbane og innanlands vannveg. Det er positivt at det slik vil bli mogleg å samanlikne infrastrukturkostnadene for ulike transporttypar.

       Komiteen viser til at statsstøtte som har samanheng med offentleg tenesteyting, er i samsvar med traktaten. Det kan vere gjennomføring av transporttilbod som ikkje er kommersielt lønsame, og kan omfatte driftsplikt og transportplikt og plikt til å godkjenne takstar. Komiteen meiner det er viktig at ein og i framtida har stor fridom når det gjeld utforming av støtteordningar for regional transport.

       Komiteen meiner det er positivt at dei ulike landa sine behov for infrastruktur blir klarlagt og at ein vurderer samanhengen i utbygginga av infrastruktur i dei ulike landa. EØS-avtalen legg opp til at det blir etablert ein konsultasjonsprosedyre og ein komité for transportinfrastruktur.

       Komiteen vil peike på at EØS-avtalen skal sørgje for at det vert sett forbod mot bruk av ulike prisar og transportvilkår for same slags gods på same transportstrekning alt etter kor godset kjem frå eller mottakarland. Dette er praksis i Noreg og i dag. Forordninga om dette inneheld detaljerte prosedyrereglar, og det blir føresett at medlemsstatane gjennomfører sanksjonsbestemmelsar for overskriding av reglane. Komiteen er einig i at konkurransetilsynet får ansvar for handhevinga av reglane.

       Komiteen legg vekt på at grensekontrollen av kjøretøy ikkje vert forringa.Komiteen har merka seg at EU gjennom ulike støttetiltak vil fremje bruken av kombinerte transportar, og det er m.a. heimel for økonomisk støtte til kombinerte transportar i form av avgiftsrefusjon.

       Komiteen viser for øvrig til de enkelte partiers merknader i Innst.S.nr.248 (1991-1992) og Innst.S.nr.177 (1993-1994).