1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

       I proposisjonen vert det fremma forslag til ny lov om politiet. Lova skal erstatta politilova av 13. mars 1936 samt diverse eldre lover. Det vesentlegaste nye i utkastet er lovfestinga av politiet sine verkemiddel i arbeidet med å sikra den offentlege ro og orden. Det vert vidare føreslått heimlar for politiet sin funksjon som hjelpe- og serviceorgan for borgarane.

       Reglane om rett til å halda arrangement på offentleg stad står i dag i kommunale politivedtekter. Desse reglane vert nå tekne inn i politilova. Som utgangspunkt skal det berre gjelda ei meldeplikt for arrangøren, men politiet vil framleis kunna forby arrangement eller stilla nærare vilkår.

       Som i gjeldande politilov vert og ein del organisatoriske spørsmål regulert i lovutkastet. Desse reglane baserar seg i hovudsak på den eksisterande organiseringa der politimeistrane har ei sjølvstendig stilling i leiinga av sitt distrikt.

       Ulike alternativ til streikeforbodet ein inntil nyleg har hatt for politiet vert presenterte i proposisjonen. Sidan Stortinget har vedteke å oppheva streikeforbodet, går ein ikkje nærare inn på dei spørsmåla streikerett for politiet reiser.

       Ulike reglar om teieplikt for politiet vert samla i ein ny regel i politilova. Det vert ikkje gjort endringar i prinsippet om at staten har ansvaret for finansieringa av politiet.

       Gjeldande politilov har eit forbod mot å skipa og delta i såkalla friviljuge ordensvern. Regelen vert føreslått omformulert. Det vert ikkje gjeve nokre særreglar for vaktselskapa si verksemd. Reglane om politiet sitt ansvar for organisering av redningstenesta og for å iverksetja tiltak ved ulykkes- og katastrofesituasjonar vert lovfesta.