2. Bakgrunnen for lovrevisjonen

       Før någjeldande politilov hadde ein ei blanding av kommunale og statlege politiordningar. Ved lova av 1936 var det ei hovudsak at politiet fullt ut skulle vera statleg.

       I lensmannsetaten var ordninga frå gamalt av at lensmannen hadde sine inntekter i det vesentlege frå gebyr og frå privat erverv. Det var først i 1974 at lensmannen vart ein statstenestemann med full løn i si stilling. Gjennom ein lovrevisjon i 1976 vart politilova gjort gjeldande for lensmannsetaten.

       Politirolleutvalet kom i 1981 og i 1987 med to innstillingar om politiet si rolle og oppgåver i samfunnet. Desse innstillingane har vore sentrale under lovarbeidet.

       På nokre område er det skjedd endringar den seinare tida som gjer det naudsynt med nye reglar i politilova, m.a. har ein oppretta Politihøgskolen, og styringa av politi- og lensmannsetaten er blitt samordna.

       Politiet sitt arbeid kan skjematisk delast inn i følgjande område:

- Sikra ro og orden
- Hjelp til publikum
- Arbeid med straffesaker
- Andre oppgåver.

       Det eksisterar inga samla lovregulering av dei to første punkta. Politiet sitt arbeid med straffesaker er derimot regulert i detalj i straffeprosesslova. Kategorien « andre oppgåver » omfattar eit svært spreidt felt.

       Mangelen på lovregulering når det gjeld politiet si tryggjing av ro og orden, er eit unntak frå legalitetsprinsippet, dvs. at styresmaktene må ha lovheimel for å gjera inngrep overfor einskildpersonar eller i private tilhøve elles. Spørsmål om lovfesting av disse oppgåvene har vore drøfta fleire gonger. Politirolleutvalet har uttalt at lovfesting av sentrale reglar om metodar og framgangsmåtar i politiet var ynskjeleg.

       Til grunn for lovutkastet ligg ei eiga utgreiing som har vore på høyring til ei rekkje instansar.

       Regjeringa fremma i 1993 Ot.prp. nr. 83 (1992-1993) om ny politilov. Proposisjonen vart trekt attende same år avdi ein ønskte ei meir omfattande utgreiing av spørsmålet om streikerett for politiet. Eit utval har vurdert dette spørsmålet og lagt fram si innstilling i NOU 1994:1 .