2. Enkelte andre spørsmål som proposisjonen tar opp

1. Forsøk med bruk av EDB ved avkryssing i manntalet - Evaluering av forsøka som vart godkjende i tilknytning til stortingsvalet

       § 94a i vallova gir departementet heimel til å godkjenne forsøk med elektronisk avkryssing i manntalet på valtinget. I tilknyting til stortingsvalet 1993 godkjende departementet to slike forsøk - i Oslo og Bergen.

       Oslo fekk store problem med å avvikle manntalsavkryssinga ved hjelp av det elektroniske systemet. Problema hadde si årsak i eit nettverkssamanbrot som på valdagen råka alle vallokala. Kommunen måtte derfor ta i bruk nødrutinen. I tilrådinga frå fullmaktskomiteen om stortingsvalet 1993 heiter det m.a. at:

       « ... komiteen vil be departementet gå nøye gjennom hele forsøksordningen før det på nytt blir gitt dispensasjoner i medhold av valgloven § 94a. »

       Bergen hadde òg visse praktiske problem med gjennomføringa av manntalsavkryssinga, utan at det fekk dei same konsekvensane som i Oslo.

       Kommunane har utarbeidd evalueringsrapportar om forsøka. Departementet har også gjort ei evaluering av forsøka. På grunnlag av desse evalueringane meiner departementet at ein kan dra m.a. desse slutningane:

1. Det er vanskeleg å sjå nytteverdiar eller økonomiske vinningar ved å innføre elektronisk avkryssing isolert.
2. Elektronisk avkryssing i manntalet - basert på dei systemløysingar, administrative planar og rutinar som vart nytta under valet i 1993 - gjer at valavviklinga generelt blir meir sårbar enn om avkryssinga skjer manuelt.
3. Røynslene frå forsøka i Oslo og Bergen 1993 syner at forsøka ikkje var vellykka. Kommunar og systemleverandørar hadde undervurdert dei problema som kunne dukke opp.
4. Elektronisk avkryssing i manntalet kan ikkje etablerast som ei generell ordning for alle kommunar på det noverande tidspunktet. Ein kan heller ikkje rå til at «nye» kommunar tek i bruk elektronisk avkryssing før det er klare indikasjonar på at røystegivinga også kan gjennomførast elektronisk.

       Det er vidare viktig at vala blir gjennomførte på ein måte som gjer at veljarane kan lite på at alt går rett for seg. Departementet er ikkje overtydd om at det som skjedde ved valet i 1993, var med på å auke engasjementet og tiltrua hos veljarane til bruk av edb i valsamanheng.

       I samband med valet i 1993 sende departementet ut ein invitasjon til kommunane om å sende inn søknader om samtykke til forsøk. Ein tilsvarande generell invitasjon bør etter departementet sitt syn ikkje sendast ut framfor valet i år.

       Departementet finn vidare at ein vanskeleg kan gå inn for at det blir godkjent nye forsøk, i alle fall ikkje ved valet i 1995, fordi det knyter seg for mange usikre faktorar til den elektroniske manntalsavkryssinga slik ho står fram i dag.

       Når det gjeld eventuelle framtidige forsøk, bør det ikkje setjast noka absolutt sperre mot å kunne godkjenne slike forsøk.

       Konklusjonen frå departementet får brei tilslutning frå høyringsinstansane.

2. Departementsgodkjenning av EDB-baserte valopppgjerssystem

       Etter lovendring av 5. mars 1993 skal edb-baserte system som blir nytta i samband med valoppgjer, godkjennast av departementet. Departementet skal etter lova fastsetje nærare krav til systema.

       I forarbeida til lovendringane seier departementet:

       « Det er ein føresetnad at berre eitt system kan godkjennast, og at kommunane gjer bruk av dette. »

       Tilrådinga gjeld direkte valoppgjerssystem for kommunestyreval, men må òg gjelde ved fylkestingsval.

       Godkjenninga frå departementet ber preg av å vere ei typegodkjenning. Det blir deretter opp til kommunar og fylkeskommunar å skaffe seg det systemet dei eventuelt ønskjer å bruke. Det er utarbeidd ein kravspesifikasjon for systemet, og basert på denne blir dei systemleverandørene som er interesserte, invitert til å sende inn ei framstilling av systemløysinga si. Dei innsende systemløysingane blir grundig granska og testa før dei eventuelt blir godkjende.

       Departementet er etter kvart kome til at det bør vere høve til å godkjenne fleire system for kommunestyrevaloppgjer, og fleire system for fylkestingsvaloppgjer, dersom det syner seg at fleire system stettar dei grunnleggjande krava.

       Departementet legg m.a. vekt på at behovet for edb-løysingar varierer etter storleiken på kommunen. Godkjenning av éin leverandør representerer ei avgrensing som kan føre til ei dårleg løysing for mange kommunar. Godkjenning av éin leverandør kan vidare resultere i ei uønskt konkurransevriding.

       Departementet meiner at ordlyden i lova ikkje er til hinder for at det blir opna for godkjenning av fleire system, trass i det som er sagt i forarbeida.

3. Økonomisk stønad til NTB til innsamling og tilrettelegging av valresultat

       Norsk Telegrambyrå har ved mange val henta inn grovteljingsresultat frå kommunane. Kommunane rapporterer inn dei mellombels valresultata til NTB. NTB overfører så resultata til IBM, som lager prognosar for det endelege valresultatet. NTB formidlar deretter prognosar og enkeltresultat frå kommunane til NRK og avisene.

       Oppdragsgivarar for NTB er avisene og NRK. Kommunal- og arbeidsdepartementet har ingen avtale med NTB som seier at byrået skal gjennomføre oppdrag for departementet.

       Søknad om slik stønad kom først før valet i 1979. Søknaden vart avvist, men NTB søkte på nytt framfor valet i 1981. Departementet fann at dette ikkje kunne vere ei statlig oppgåve. Resultatet av budsjettbehandlinga i Stortinget endte med at Sortinget løyvde kr. 700.000 til eit tilskot til NTB. Departementet tolka stortingsvedtaket i 1981-budsjettet som ei rettesnor for korleis søknader frå NTB skulle handsamast ved framtidige val. Sidan 1981 har derfor NTB ved kvart val fått statsstønad til innsamling og tilrettelegging av valresultata. Stønaden blir løyvd over budsjettet til Kommunal- og arbeidsdepartementet. Det har ikkje vore føresetnaden at staten skal fullfinansiere denne verksemda.

       Stønaden til NTB har auka sterkt - frå kr 700.000 i 1981 til kr 6.594.000 i 1993. Til folkerøystinga om EU vart det øyremerkt kr 6.500.000 som tilskot til NTB. Den same summen er løyvd i statsbudsjettet for 1995 når det gjeld stønad til NTBs verksemd i samband med kommunestyrevalet og fylkestingsvalet i år.

       Både NTB sjølv, NRK og avisene ser ut til å meine at offentleggjering av valresultat er ei statleg oppgåve som departementet skal betale fullt ut. For staten er likevel denne ordninga problematisk både ut frå eit økonomistyringsomsyn og ut frå konkurranseomsyn.

       Departementet har vore i kontakt med dei sentrale valstyresmaktene i Sverige og Danmark og fått opplysningar om korleis desse landa organiserer innsamling og publisering av valresultata.

       I Sverige dekkjer Riksskatteverket alle utgiftene til innsamling av resultat og utarbeiding av prognosar. I Danmark dekkjer Indenrigsministeriet ingen kostnader for media når det gjeld utarbeiding av prognosar ved riksvala. Media betaler alt sjølve. Ved kommunevala er Indenrigsministeriet ikkje engasjert, korkje i innsamling av valresultat eller utarbeiding av prognosar. Dette styrer media fullt ut på eiga hand, og dei betaler også alt sjølve.

       NTB har ikkje ansvar for dei formelle valoppgjera, som skjer i regi av valstyre og fylkesvalstyre. Verksemda til NTB er først og fremst nyheitsformidling. Etter departementet sitt syn må likevel staten ha eit visst medansvar når det gjeld å formidle valresultata til publikum. Dette hindrar ikkje at ein bør kunne vurdere om det er andre måtar å gjennomføre ordninga på enn det som følgjer av systemet i dag. Ein kan til dømes tenkje seg:

1. Det blir opna for konkurranse mellom fleire telegrambyrå når det gjeld innsamling og publisering av valresultat.
2. Det blir sett ei øvre grense for tilskotet, samstundes som ein innskjerpar at det i hovudsak dreier seg om nyheitsformidling.
3. Det blir opna for konkurranse mellom fleire firma når det gjeld tilrettelegging av valresultata. Dette får til følgje at det må utlysast ein tilbodsrunde.

       Etter departementet sitt syn er det truleg ein kombinasjon av punkta 2 og 3 som i dag står fram som mest formålstenleg. Departementet vil arbeide med spørsmålet om korleis innsamling, tilrettelegging og publisering av valresultata skal skje i framtida, både når det gjeld gjennomføring og finansiering. Ei omlegging kan venteleg ikkje skje før tidlegast i samband med stortingsvalet i 1997.

       Konklusjonane frå departementet blir kommenterte av tre høyringsinstansar: Kulturdepartementet, Norsk Rikskringkasting og Norsk Telegrambyrå.

4. Bør kvinnerepresentasjonen i kommunestyra styrkjast gjennom endringar i vallova?

       Etter kommunestyrevalet i 1991 utgjer kvinnedelen av kommunestyrerepresentantane 28,5 %. Det er ein nedgang på 2,7 prosentpoeng jamført med 1987 og representerer eit brot med ein langvarig tendens der kvinnedelen har auka ved kvart val. Valresultatet førte til at det frå fleire kantar vart reist krav om å endre reglane i vallova, slik at veljarane får avgrensa høve til å endre på røystesetlane.

       Departementet har engasjert valforskarane Tor Bjørklund og Ottar Hellevik til å gjere ein analyse av verknadene av dei endringane veljarane gjorde på røystesetlane, med omsyn til kjønnssamansettinga i kommunestyra. Analysen viste m.a.:

- Rettingane til veljarane var med på å minske kvinnedelen.
- Hovudårsaka til nedgangen i kvinnedelen i kommunestyra ser ut til å vere at partia i 1991 ikkje auka innslaget av kvinnelege kandidatar på listene.
- Retteaksjonane frå veljarane har meir preg av å vere aksjonar for mannlege kandidatar enn mot kvinnelege.
- Det kan ventast ei mobilisering til fordel for kvinner i 1995.

       Framlegg om endringar i vallova for å tryggje kvinnerepresentasjonen kan tenkjast på tre område:

- Krav til listeutkasta, til dømes om kvotering.
- Avgrensingar i veljarretten til å endre på røystesetlane, til dømes ved:
- Forbod mot bruk av slengjarar.
- Innføring av ei «sperregrense» som må brytast før endringane får verknad.
- Reglane om valoppgjer og kandidatkåring blir endra slik at ein sikrar ein viss representasjon av begge kjønn.

       Departementet meiner at ein ved utforminga av regelverket må ta omsyn til ønsket frå partia om å sikre ein viss kvinnedel i kommunestyregruppene, og retten veljarane skal ha til reell innverknad på personsamansetjinga i kommunestyra. Det er ei kjensgjerning at desse prinsippa lett kan kome i strid med kvarandre.

       Det kan listast opp fleire argument mot å gjere endringar i lovverket, m.a.:

- Det er eit grunnprinsipp i valordninga vår at parti og andre grupper som stiller til val, fritt skal kunne nominere dei kandidatane dei ønskjer.
- Kommunestyreval er tradisjonelt eit personval, og veljarane bør framleis kunne ha avgjerande innverknad på kven som skal representere dei.
- Framlegg om å innskrenke veljarretten til å påverke personsamansetjinga skapar lett negative reaksjonar frå veljargrupper.
- Kvoteringsreglar åleine er ikkje nok til å sikre betre rekruttering av kvinner til politikken.

       Departementet vil i tillegg peike på at det er uråd å seie om nedgangen i kvinnerepresentasjonen i kommunestyra ved valet i 1991 var ei eingongshending, eller om det er innleiinga på ei meir langsiktig utvikling. Ved vurdering av kvinnerepresentasjonen i folkevalde kommunale organ bør ein dessuten studere alle organ under eitt, ikkje berre ta for seg kommunestyra. Ved hjelp av gjeldande kumuleringsreglar kan partia langt på veg sikre kvinnelege kandidatar plass i kommunestyra.

       Departementet meiner derfor at dei ovannemnde omsyna taler for at det ikkje blir gjort framlegg om endringar i vallova no. Spørsmålet om det bør gjerast framlegg til endringar i vallova for å styrkje kvinnerepresentasjonen i kommunestyra, bør likevel vurderast nærare, mellom anna i lys av dei røynslene ein haustar i samband med kommunestyrevalet i 1995.

5. Innføring av postrøyster i Noreg?

       Tidleg i 1980-åra vart spørsmålet om å innføre postrøysting i Noreg utgreidd. Vallovutvalet av 1980 gjorde i tilrådinga si, Om en ny valglov (NOU 1982:6), framlegg om å innføre ei ordning med postrøyster, lik den ordning ein har i Sverige. Departementet fann - under oppfølging av tilrådinga frå Vallovutvalet - ikkje å kunne slutte seg til framlegget om postrøysting, ut frå desse omsyna:

- Endringa ville krevje grundig planlegging og føre til stor bruk av ressursar.
- Faren for feil ved førehandsrøystinga ville auke fordi talet på røystemottakarar måtte aukast.
- Ein del av valavviklinga ville bli lagt til eit etat som ikkje har noko å gjere med valarbeidet elles.
- Postrøysting kunne føre til at røystegjeving på valdagen ville tape terreng som den primære måten å røyste på.
- Ein auke i talet på førehandsrøyster ville skape meirarbeid for valadministrasjonen og dermed forseinke valoppgjeret.

       Departementet meiner det bør arbeidast vidare med spørsmålet om administreringa av førehandsrøystinga kan overførast til Postverket. Ei eventuell omlegging bør likevel ikkje forserast fram. Departementet meiner det er mest realistisk at ei eventuell overføring av ansvaret skjer i tilknyting til eit stortingsval, og legg stor vekt på at ei omlegging krev grundig førebuing, særleg i form av opplæring av dei funksjonærane som skal administrere ordninga. Det må òg vedtakast nødvendige lovendringar. Eit grundig informasjonsopplegg overfor veljarane må også gjennomførast. I tillegg bør fleire andre problemstillingar klarleggjast. Det gjeld mellom anna:

- Kan perioden for førehandsrøysting kortast ned?
- Bør det setjast ein siste frist for å kunne førehandsrøyste?
- Bør førehandsrøystinga vere endeleg?
- Bør det innførast ei obligatorisk ordning med valkort?

6. Bør ein halde fast ved ordninga med grovteljing og finteljing ved alle val?

       Vallova fastset at oppteljinga skal skje i to omgangar; grovteljing og finteljing. Lova slår fast at begge oppteljingsmåtane skal gjennomførast. Grovteljinga er ei enklare form for oppteljing enn finteljinga, og ho går anten føre seg ute i kvart vallokale i regi av røystestyra eller sentralt i kommunen, hos valstyret. Det er grovteljingsresultata som blir formidla til NTB, og som radio og fjernsyn presenterer valnatta og avisene dagen etter valet. Finteljinga er den endelege oppteljinga, som gir grunnlaget for valresultatet i kommunen. Særleg i samband med kommunestyrevalet er finteljinga viktig, fordi ho legg grunnlaget for samansetjinga av kommunestyret. Ved stortings- og fylkestingsval er finteljinga mindre viktig for valoppgjeret, fordi det skal skje ei etterfølgjande kontrollteljing i regi av fylkesvalstyret.

       I tilknyting til stortingsvalet i 1993 har departementet fått opplysningar som kan tyde på at fleire kommunar ikkje gjennomfører finteljing ved stortingsvalet. Dersom dette stemmer, meiner departementet at det er nødvendig å sjå nærare på ordninga. I same lei dreg utsegner om at ordninga verkar unødvendig. Det bør derfor vere aktuelt å avvikle ordninga med to oppteljingar ved stortingsval og fylkestingsval.

       Ein kan tenkje seg to alternativ for ei omlegging: Ordninga med finteljing blir oppheva, eller ein lét det vere opp til kvar kommune å avgjere om det skal haldast finteljing.

       Dersom ein avviklar ordninga med obligatorisk finteljing i kommunane, kan det få ein del konsekvensar, m.a.:

- Grovteljinga vil ta noko lenger tid fordi valstyret må ta stilling til tvilsame røyster og førehandsrøyster i samband med grovteljinga.
- Sikre prognosar for valutfallet vil kome noko seinare.
- Faren for feil i dei kommunale oppteljingsresultata kan auke når det berre skal teljast éin gong.

       Ei omlegging ser ut til å gi både fordelar og ulemper. Departementet vil ikkje no ta endeleg stilling til spørsmålet om ein bør gjere endringar i dei lovfesta oppteljingsrutinane. Dette bør greiast ut nærare, mellom anna i form av ein høyringsrunde med kommunane for å få fram synet deira.

7. Førehandsrøysting utanriks - Er det behov for endringar?

       § 3 i vallova fastset at personar som er busette utanfor riket, har røysterett. Personar med meir enn ti års registrert utanlandsopphald på valdagen må søkje om innføring i manntalet, mens personar med stuttare registrert utanlandssopphald skal manntalsførast automatisk. Førehandsrøysting utanriks kan skje ved norske utanriksstasjonar, hos røystemottakarar oppnemnde av departementet, eller om bord på norske skip i utanriksfart m.v.

       Førebuingane til førehandsrøysting utanriks er svært ressurskrevjande og tungvinte å administrere. Det gjekk t.d. med om lag 13 vekeverk i Kommunal- og arbeidsdepartementet og Norpost til å førebu førehandsrøystinga utanriks.

       Departementet ønskte på denne bakgrunn informasjon om i kva omfang retten til å førehandsrøyste i utlandet vart nytta, og bad derfor Statistisk sentralbyrå skaffe fram opplysningar frå kommunane om dette i tilknyting til innhenting av opplysningar til valstatistikken. Statistisk sentralbyrå opplyser at det i midten av mai 1993 var registrert 36.189 røysteføre nordmenn som hadde utvandra frå Noreg. Av dei tala departementet har fått, går det fram at 4444 personar førehandsrøysta utanriks. Av desse veljarane var 2403 registrerte som busette i utlandet. Valframmøtet mellom nordmenn registerte som busette i utlandet utgjer 6,6 %. Det vart førehandsrøysta i 105 land.

       Det aktuelle materialet er for tynt til at ein kan dra sikre slutningar når det gjeld i kva omfang dei som bur utanlands, gjer bruk av røysteretten. Departementet meiner derfor det kan vere grunn til å gjennomføre ei tilsvarande undersøking i samband med kommunestyrevalet og fylkestingsvalet i 1995.

       Departementet meiner det kan vere grunn til å vurdere røysterettsreglane for nordmenn busette i utlandet, medrekna spørsmålet om ein framleis skal krevje at dei som har budd utanlands i meir enn ti år, må søkje om å bli innførte i manntalet ved kvart val. Dersom framtidige undersøkingar stadfestar at valframmøtet mellom nordmenn busette i utlandet er svært lågt, meiner departementet at ein må sjå nærare på reglane om røysterett for denne gruppa.

       Det bør òg vurderast om opplegget for førehandsrøystinga utanriks kan organiserast på ein annan og mindre ressurskrevjande måte, til dømes ved at retten til å førehandsrøyste utanriks blir avgrensa til visse land der det bur etter måten mange nordmenn.