4. Forslag fra mindretall

4.1 Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag

       I lov om tomtefeste gjøres følgende endringer:

§ 5 første ledd skal lyde:

       Avtale om tomtefeste skal gjerast skriftleg. For nye festeavtaler skal det seiast i avtala om festet gjeld tomt til bustadhus eller fritidshus eller tomt til anna føremål, og tomteverdien skal opplysast.

§ 7 første ledd skal lyde:

       For nye festeavtaler gjeld feste av tomt til bustadhus og fritidshus til festet vert sagt opp av festaren eller tomta vert innløyst.

§ 15 skal lyde:

§ 15. Regulering av festeavgift.

       Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus, kan kvar av partane krevje den avtalte festeavgifta regulert i samsvar med endringa i pengeverdien i tida sidan festeavtala vart inngått, om ikkje dei tvillaust har avtalt at festeavgifta skal stå uendra. Er festeavgifta tidlegare regulert, er det tidspunktet for forrige regulering og den avgift som då vart lovleg innkrevd, som dannar grunnlaget for reguleringa. Dersom det i avtala er fastsett ein reguleringsmåte som gjev ein lågare festeavgift enn den som fylgjer av fyrste og andre punktum, gjeld avtala.

       Ved feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje den avtalte festeavgifta regulert i samsvar med endringa i pengeverdien i tida sidan festeavtala vart inngått, med mindre partane tvillaust har avtalt at festeavgifta skal stå uendra eller har avtalt regulering på annan måte. Vert partane ikkje samde om ny festeavgift og dei ikkje har avtalt eller vert samde om annan avgjerdsmåte, høyrer avgjerda under skjønn.

       Avgiftsregulering kan skje kvart tiande år, om ikkje anna er avtalt. Avtala kan likevel ikkje fastsetje at reguleringa skal skje oftare enn kvart år.

       Når avgiftsregulering er avhengig av at ein av partane krev det, kan kravet berre gjelde framtidige terminar.

       Kongen kan i forskrift fastsetje kva for multiplikatorar som skal nyttast når festeavgifta vert regulert i samsvar med endringa i pengeverdien.

Kapittel VI, overskriften skal lyde:

Kapittel VI. Innløysing av tomt festa bort til bustadhus og fritidshus.

§ 32 skal lyde:

§ 32. Rett til innløysing av tomt festa bort til bustadhus og fritidshus

       For nye festeavtaler som gjeld feste av tomt til bustadhus og fritidshus, kan festaren krevje tomta innløyst når det er gått 30 år av festetida - med mindre kortare tid er avtalt - og seinare kvar gong det er gått 10 nye år. Krav på innløysing må festaren setje fram skriftleg seinast eitt år innan innløysingstida er inne.

       For festeavtaler inngått etter 1975, men før lova her tek til å gjelde, gjeld fyrste ledd tilsvarande, likevel slik at festaren fyrst kan krevje innløysing når det er gått 50 år av festetida.

       For festeavtaler inngått før 1976 der husa på tomta er i varig bruk som bustadhus eller fritidshus for festaren, festarens ektemakte, livsarving, fosterbarn som står i same stilling som livsarving, eller av nokon som dei to siste åra har høyrt til same husstand som festaren, kan festaren krevje tomta innløyst når det er gått 50 år av festetida - og seinare kvar gong det er gått 10 nye år - eller når festetida er ute. Krav på innløysing må festaren setje fram skriftleg seinast eitt år innan innløysingstida er inne. Dersom krav om innløysning er sett fram mindre enn eitt år før festetida er ute, kan det gjevast oppreising mot orsakande oversitjing av fristen. Når innløysingsvilkåra vert fastsett ved skjønn etter § 35 fjerde ledd, høyrer også spørsmål om oppreising under skjønnet.

       For festeavtaler som nemnt i tredje ledd der tomta er festa bort på festarens livstid, kan dei som er nemnt i føresegna krevje tomta innløyst når festaren døyr. Krav på innløysning må setjast fram skriftleg seinast innan eitt år etter at festaren døydde.

       Vert det ikkje gjeve samtykke frå offentleg styresmakt til deling av eigedomen, kan festaren i høve til bortfestaren krevje lenging av festet på same vilkår som før, kvar gong for minst 10 år. Er festeavtala inngått før 1976, og festaren krev lenging etter førre punktum, kan bortfestaren når festetida er ute krevje endringar i festevilkåra i samsvar med det som har grunnlag i festeavtala, eller - dersom nye festevilkår ikkje har grunnlag i festeavtala - krevje ny festeavtale med nye vilkår. Vert partane ikkje samde om dei nye vilkåra, høyrer avgjerda under skjønn.