12. Ansvarsgjennombrot og erstatningsansvar

12.1 Ramma for lovforslaget

       Aksjelova inneheld enkelte reglar om erstatning. Ved sida av prosessuelle reglar er det presisert at det alminnelege aktløyseansvaret gjeld for skiparane av selskapet, styremedlemer med fleire. Også reglar om såkalla ansvarsgjennombrot kan medføre at aksjeeigarar blir utsette for eit ikkje-avgrensa personleg ansvar for tap valda ved drifta i selskapet. Norsk rett inneheld ikkje generelle lovfesta reglar om ansvarsgjennombrot. Ein reknar likevel med at domstolane vil kunne godta ein slik regel utan heimel i lov. I praksis kan vidare ulike tilordningssynspunkt føre til same resultat som ansvarsgjennombrot. Eit døme: Dersom nokon har levert til eit dotterselskap på kreditt, kan morselskapet i nokre tilfelle gjerast ansvarleg for å betale leveransen dersom ein kjem til at det er morselskapet som i realiteten har bestilt den. Aksjelovutvalget foreslår ein regel som presiserer arbeidsgjevaransvaret for styremedlem i aksjeselskap. Fleire høyringsinstansar peiker på at det er viktig med ei avklaring av gjeldande rett på dette punktet. Departementet har i tråd med utvalet sitt framlegg kome til at det ikkje er grunnlag for å foreslå ei lovregulering av spørsmåla om ansvarsgjennombrot og tilordning.

Merknader frå komiteen

       Komiteen stør at aksjelovene må innehalde reglar om erstatning og at erstatningsansvaret i hovudsak er knytta til den vanlege regelen om erstatningsansvar for den som aktlaust valdar tap for andre.

12.2 Arbeidsgjevaransvar for styremedlemer m.v.

       Hovudregelen i norsk rett er at både arbeidsgjevaren og arbeidstakaren vert erstatningsansvarlege andsynes ein tredjeperson som arbeidstakaren har påført tap ved aktløyse i tenesta. Gjeldande rett gjev ikkje grunnlag for arbeidsgjevaransvar for eit styremedlem som har fått vervet som følgje av sitt arbeidstilhøve. Dette er slått fast i ein høgsterettsdom i 1996.

       Aksjelovutvalget legg til grunn at det er uklårt om arbeidsgjevaransvaret gjeld styremedlem fordi utgreiinga til utvalet vart gjort før dommen i Høgsterett. Utvalet foreslår at ein arbeidsgjevar skal kunne haldast ansvarleg for tap som arbeidstakaren vert ansvarleg for som styremedlem i aksjeselskap eller allmennaksjeselskap dersom arbeidsgjevaren er aksjeeigar eller har ytt lån e.l. til selskapet, styremedlemen har vervet på grunn av tilsettingstilhøvet og instruks eller annan medverknad frå arbeidsgjevaren har verka inn på styremedlemen sin handlemåte.

       Høyringsinstansane er delt i synet på framlegget, nokre meiner regelen bør gjerast meir omfattande, mens andre ynskjer å avgrense den.

       Departementet meiner at det ikkje vil vere heldig heilt å avskjere eit arbeidsgjevaransvar for styremedlemer i dotterselskap. I proposisjonen vert ulike sider av problemstillinga drøfta. Departementet konkluderer som utvalet med at det bør innførast ein nærare avgrensa unnataksregel om erstatningsansvar for dei som har engasjert personar som styremedlemer i selskapa. Det bør m.a. leggjast vekt på om styremedlemen sine handlingar er gjort i medverkaren si økonomiske interesse. Lovgjevinga bør gje ei klår tilvising om at den som har engasjert eit styremedlem bør gjerast ansvarleg oftare enn det som har vore tilfelle. Det vert understreka at framlegget ikkje opnar for eit objektivt ansvar, jf. lovutkasta § 17-2.

Merknader frå komiteen

       Komiteen deler departementet sit syn på at det er naturleg å ta opp til vurdering om arbeidstilhøve og anna tilknyting kan danne grunnlag for solidaransvar mellom eit styremedlem og den som står bak styremedlemen. Tilsvarande gjeld i høve til andre tillitsvalde. Komiteen stør at ein ikkje skal avskjere eit slikt ansvar heilt. Dersom den som engasjerer styremedlemer direkte påverkar styremedlemene til eigen fordel, er det naturleg å gjere solidaransvaret gjeldande. Det vil her vere naturleg å vurdere om styremedlemen sin handlemåte er forårsaka av påverknad frå medverkaren.

       Komiteen meiner at det bør vere reglar for medverkaransvar, og er ikkje ueinig i at når nokon har medverka til val av eit styremedlem, så skal det ved vurderinga av vedkomande sit medverkaransvar leggjast vekt på om styremedlemen har handla i vedkomande sine økonomiske interesser, og om foretaket der styremedlemen verka, var ein del av vedkomande si verksemd.

       Men komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner at det kan stillast fleire spørsmål ved korleis ordlyden i § 17-2 skal tolkast. Er t.d. ordlyden uttømmande i høve til meir pragmatiske selskapsrettslege synsmåtar om ansvarsgjennombrot i AS-tilhøve? Står til dømes skadelidte sterkare når begge vilkår som er nemnde i første ledd andre punktum sler til enn når berre det eine sler til? Fleirtalet meiner spørsmålet om medverkaransvar er eit område som må nøye vurderast for å kome fram til reglar som er grensesetjande og som er klåre nok til å bli forstått og kan etterlevast utan store tolkingsproblem. Fleirtalet vil difor gå mot § 17-2 i begge lovene, og vil be departementet gjennomføre ei brei vurdering av dette spørsmålet og leggje fram forslag til lovregulering på dette området ved evalueringen av aksjelovene.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener hovedregelen fortsatt skal være at en skal ha et begrenset personlig ansvar og risiko ved å opprette et aksjeselskap, også i de tilfeller hvor det begås feil og man har en økonomisk interesse i aksjeselskapets virksomhet. En aksjeeier skal også kunne velge de personer han eller hun ønsker til styret uten å bli personlig ansvarlig alene av den grunn.

       Disse medlemmer mener likevel at det er behov for en regel om at den som har engasjert et styremedlem i et aksjeselskap skal hefte for styremedlemmets uaktsomhet i visse tilfeller, og viser i den forbindelse til proposisjonen s. 119, hvor det vises til Høyesteretts dom av 8. mai 1996:

       « Høyesteretts dom i Rt-1996-742 klargjør at skadeerstatningsloven § 2-1 ikke kan danne grunnlag for arbeidsgiveransvar for styremedlemmer i datterselskaper. Domstolen henviser spørsmålet til lovgiveren. Uten lovendring vil da slikt ansvar ikke kunne gjøres gjeldende for domstolene. »

       Disse medlemmer deler departementets syn på dette, og vil derfor gå inn for den lovendring som er foreslått i proposisjonen som ny § 17-2.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

« § 17-2 i aksjeloven og i allmenaksjeloven skal lyde:

§ 17-2. Medvirkeransvar

       (1) Den som forsettlig eller uaktsomt har medvirket til at et styremedlem begår en ansvarsbetingende feil under utføringen av vervet, svarer for skaden som medvirkningen har forårsaket. Når noen har bidratt til valget av styremedlemmet, skal det ved vurderingen av vedkommendes medvirkeransvar legges vekt på om styremedlemmet har handlet i vedkommendes økonomiske interesse, og om foretaket der styremedlemmet virket, var en del av vedkommendes virksomhet.

       (2) Regelen i første ledd gjelder tilsvarende når annen tillitsvalgt i et selskap begår en ansvarsbetingende feil under utføringen av vervet.

§§ 17-2 til 17-7 blir §§ 17-3 til 17-8. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet støtter forslaget om at regler om medvirkeransvar vurderes nærmere. Disse medlemmer vil derimot ikke med dette ha fastslått at det er hensiktsmessig med slike regler overhodet, men nøyer seg med å fastslå at de foreslåtte regler ihvertfall ikke er tilfredsstillende.

12.3 Direkte krav frå aksjeeigarar og kreditorar for skade som er valde selskapet

       Problemstillinga i denne samanhengen er om aksjeeigarar eller kreditorar kan gjere krav mot ein skadevaldar direkte, eller om det berre bør vere selskapet sitt krav som kan gjerast gjeldande. Høgsterett har i eit tilfelle godkjent direkte krav frå ei rekkje kreditorar, men normalt har kreditorane ikkje ein slik direkte rett. I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) gjekk ein inn for at aksjeeigarar (men ikkje kreditorar) i ei viss utstrekning skulle ha eit direkte krav, m.a. fordi dei ikkje åleine kunne framtvinge eit søksmål frå selskapet si side.

       I gjeldande rett er det ikkje endeleg avklart om ein aksjeeigar kan ha noko direkte krav. Aksjelovutvalget går inn for at ein aksjeeigar ikkje skal kunne krevje erstatning for sin del av tapet i selskapet. Det er delte syn blant høyringsinstansane om dette. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som peikar på at dersom ein ikkje får rett til å reise direkte krav, vil det kunne føre til at aksjeeigarar i mindretal vanskelegare vil vinne fram med sine erstatningskrav. Departementet foreslår etter dette at retten til direkte krav frå aksjeeigarar eller kreditorar ikkje skal stengjast, men at selskapet sitt krav skal ha prioritet, jf. lovutkasta § 17-7.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, stør forslaga.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil gå imot forslaget til § 17-6 i det disse medlemmer ikke finner det rimelig at en aksjeeier skal kunne fremme et erstatningskrav når selskapet har valgt å unnlate å fremme et slikt krav. Selv om kravets størrelse er begrenset av den enkelte aksjonærs eierandel, gir en slik regel åpenbar mulighet for å fremme sjikanøse eller uberettigede krav.