11. Fusjon (samanslåing) og fisjon (deling)

       Utvalet har i sine lovutkast i hovudsak vidareført dei reglane om fusjon og fisjon som vart foreslått i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) og som til dels vart gjennomført ved ei lovendring i 1995, men likevel med vesentlege redaksjonelle endringar. Reglane i utkastet til aksjelov er på nokre punkt enklare enn i allmennaksjelova.

       Utvalet har nytta uttrykka samanslåing og deling i staden for fusjon og fisjon. Det er delte meiningar om dette blant høyringsinstansane. Departementet har valt å halde på omgrepa fusjon og fisjon. Det vert m.a. vist til at fusjon er nytta i gjeldande aksjelov og er godt innarbeidd.

       Fusjon og fisjon av selskap vert karakterisert ved at eit selskap overdreg heile eller delar av verksemda samla til eit anna selskap mot at vederlag frå det overtakande selskapet vert ytt direkte til aksjeeigarane i det overdragande selskapet. Det er eit vilkår for fusjon at vederlaget skal vere aksjar i det overtakande selskapet, eventuelt med eit tillegg av anna vederlag som ikkje går ut over 20 %. Ved fusjon er det særreglar for overdraging av verksemd som er annleis enn det som elles gjeld etter vanlege selskapsrettslege reglar. T.d. kan eit kvalifisert fleirtal av aksjeeigarane tvinge eit mindretal til å akseptere fusjonsavtalen. Eit anna særtrekk er at kreditorane og andre medkontrahentar ikkje har noko ufråvikeleg krav på oppgjer i samband med overdraginga.

       Utvalet foreslår at fusjons- og fisjonsreglane skal gjelde uavhengig av kva slags vederlag som vert ytt. Fleire høyringsinstansar har kritiske merknader til utvalet sitt framlegg på dette punktet. Departementet meiner det gjev den klåraste og beste avgrensinga dersom ein framleis tek atterhald om at reglane i lova skal gjelde for tilfelle der vederlaget vert ytt i form av aksjar, eventuelt med eit mindre tillegg. Mellom anna omsynet til aksjeeigarane, særleg minoritetsgrupper, talar for at fusjons- og fisjonsreglane skal gjelde tilfelle der det i realiteten berre skjer ei ombytting av aksjar. Også samanhangen med skattereglane talar for ei slik løysing.

       Det er to metodar for rekneskapsføring av ein fusjon, oppkjøpsmetoden eller kontinuitetsmetoden. Det har vore brei semje om at bruk av oppkjøpsmetoden ikkje er tillate. Ved bruk av oppkjøpsmetoden skal det overdragande selskapet sine eigedelar innarbeidast i det overtakande selskapet sin rekneskap til verkeleg verdi. Ved kontinuitetsmetoden skal eigedelar i det overdragande selskapet vidareførast i det overtakande selskapet sin rekneskap til balanseførte verdiar.

       I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) argumenterte departementet for at verdien av eigedelane ikkje skulle endrast ved fusjon eller fisjon, dvs. at ein rekneskapsmessig bør byggje på eit kontinuitetsprinsipp. Ein ga likevel uttrykk for at det kunne vere grunn til å vurdere saka på ny i samband med oppfølginga av Regnskapslovutvalget sitt arbeid. Aksjelovutvalget tek ikkje stilling til kva for rekneskapsreglar som skal gjelde. Regnskapslovutvalget foreslår at både fusjonar og fisjonar som hovudregel skal rekneskapsførast etter eit transaksjonsprinsipp, dvs. at kapitalinnskotet skal førast til verkeleg verdi, og at verdi ut over det aksjane er skrivne ut på skal sjåast på som overkurs.

       Berre eit fåtal av høyringsinstansane uttaler seg om spørsmålet og desse stør framlegget frå Regnskapslovutvalget.

       Etter departementet sitt syn kan det frå ein selskapsrettsleg ståstad ikkje reisast innvendingar mot at både fusjonar og fisjonar som hovudregel skal rekneskapsførast i samsvar med transaksjonsprinsippet.

Merknader frå komiteen

       Sjølv om samanslåing og deling er godt dekkjande norske ord har ikkje komiteen innvendingar mot at uttrykka fusjon og fisjon vert nytta, sidan uttrykket fusjon er brukt og innarbeidd i gjeldande aksjelov.

       Komiteen stør forslaga til verkeområde for reglane.

       Komiteen har ikkje innvendingar mot departementet sitt syn at både fusjonar og fisjonar som hovudregel skal rekneskapsførast i samsvar med transaksjonsprinsippet.

       Komiteen meiner fusjonsreglane er eitt av dei områda der det er særleg trong til å få ei vurdering av korleis dei nye reglane fungerer i praksis, og viser til at komiteen ber om ei evaluering av lova etter 5 år.