Vedlegg 2

Brev fra Fiskeridepartementet, statsråden, til Stortingets næringskomite, datert 10. oktober 1997.

OT.PRP. NR. 2 (1997-1998) OM LOV OM OPPHEVING AV LOV AV 1. JUNI 1982 NR. 42 OM RETTLEDNINGSTJENESTEN I FISKERINÆRINGEN OG ENDRINGER I VISSE ANDRE LOVER MM

       Eg viser til Ot.prp.nr.2 (1997-1998) som er fremma for Stortinget i Statsråd 10. oktober 1997. Saka som blei teken opp i Ot.prp.nr.33 (1996-1997) blir nå fremma på nytt for Stortinget.

       I samband med den førebelse drøftinga av Ot.prp.nr.33 (1996-1997) i Næringskomiteen i vårsesjonen 1997 blei det mellom anna reist spørsmål om habilitet knytt til forvaltar/kontroll- og rettleiarrolla i ein samla ytre fiskerietat. Det er innhente ei særskilt vurdering av dette spørsmålet frå Lovavdelinga i Justisdepartementet, etter avslutninga av vårsesjonen 1997.

       Konklusjonen frå Lovavdelinga er at denne type av kombinasjonar av roller innanfor ein og same etat ikkje kan reknast å kome i strid med habilitetsreglane. Utsegna frå Lovavdelinga endrar dermed ikkje på dei vurderingane som er gjort på dette punktet i Ot.prp.nr.33 (1996-1997). utsegna frå Lovavdelinga i brev av 9. desember 1997 til Fiskeridepartementet følgjer vedlagt.

       Eg viser elles til at Næringskomiteen i brev av 7. mai 1997 retta ein del spørsmål til Fiskeridepartementet om Ot.prp.nr.33 (1996-1997). Svarbrevet av 13. mai 1997 frå departementet, som inneheld både spørsmåla frå komiteen og svara frå departementet, ligg også ved til den nye Næringskomiteen si orientering.