Ei innarbeiding av ein eller fleire menneskerettskonvensjonar
i lovgjevinga, vil skape eit formelt grunnlag for å bruke
desse konvensjonane, og styrke konvensjonane si stilling. Menneskerettighetslovutvalget
uttalar mellom anna at innarbeiding av konvensjonane i lovgjevinga
kan oppfattast som ei ny understreking av at norske styresmakter
tek menneskerettane alvorleg. Dette kan kanskje styrke gjennomslaget for
norske styresmakter og ikkje-statlege organisasjonar sitt arbeid
for respekt for menneskerettane i andre land.
Blant høyringsinstansane vert det gjeve uttrykk for
at innarbeiding av menneskerettskonvensjonar vil gje eit viktig
signal om norske styresmakter si vektlegging av menneskerettane
i den nasjonale rettsorden.
Departementet er einig i desse vurderingane. Innarbeiding av
menneskerettskonvensjonar i norsk lovgjeving vil òg kunne
føre til auka kunnskap om konvensjonane.
Før Noreg ratifiserer menneskerettskonvensjonar, vert
det gjort ein gjennomgang av konvensjonsreglane i høve
til norsk rett, og dei nødvendige tilpassingar eller atterhald
vert teke. Denne prosedyren fører til at norsk rett som
regel innfrir krava i menneskerettskonvensjonane som Noreg er bunde
av. Det kan likevel finnast område i lovgjevinga som er
blitt oversett. Det kan heller ikkje utelukkast at konvensjonsorgana
si tolking av konvensjonen vert endra over tid og at dette kan føre
til motstrid med ein norsk lov eller praksis.
Slik departementet ser det, kan det ikkje på generelt
grunnlag konkluderast med at menneskerettskonvensjonar bør
eller ikkje bør innarbeidast i lovgjevinga. Dette må vurderast
konkret i høve til kvar einskilde konvensjon. Gjeldande
praksis, som går ut på at ein utan vidare nøyer
seg med å konstatere eller skape rettsharmoni gjennom atterhald
eller spredte lovendringar, bør ein likevel gå bort
frå.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Vidar Bjørnstad, Astrid Marie Nistad, Jan Petter Rasmussen
og Ane Sofie Tømmerås, frå Framstegspartiet Jan
Simonsen, og Jørn L. Stang, frå Kristeleg Folkeparti,
Finn Kristian Marthinsen og Åse Wisløff Nilssen,
frå Høgre, leiaren Kristin Krohn Devold og Bjørn
Hernæs, og frå Senterpartiet, Tor Nymo,
vil understreke at det er eit svært viktig signal til enkeltpersonar,
institusjonar, styresmakter og omverda at Noreg no inkorporerar
som eiga lov den europeiske menneskerettskonvensjon og dei to FN-konvensjonane
om høvesvis økonomiske, sosiale og kulturelle
rettar, og sivile og politiske rettar.
Komiteen vil understreke at den europeiske menneskerettskonvensjonen
og dei to FN-konvensjonane er ei demokratisk, moralsk og etisk rettesnor
for eit rettferdig samfunn, for utvikling av verda og for eit globalt
ansvar for utsette menneske. Målsettinga med lov om styrking
av menneskerettar er å styrkje enkeltmenneska si stilling
i norsk rett. Inkorporeringa i norsk lov vil styrke rettsvernet
til enkeltindividet og slik legge grunnlaget for at alle får
ei mest mogleg rettferdig handsaming i vårt eige land.
Det er innafor den enkelte stat at individa eller minoritetar får
sine menneskerettar anten respektert eller krenka.
Komiteen vil understreke at det er viktig å vektlegge
at Noreg no i lovs form underlegg seg dei nemnde menneskerettskonvensjonane.
Det er ei understreking av at norske styresmakter tek menneskerettane
på alvor. Det vil styrke rettstryggleiken til eigne borgarar
og samstundes gje oss truverde i vårt internasjonale arbeid,
der norske styresmakter og ikkje-statlege organisasjonar arbeider
for respekten for menneskerettane i andre land.
Ved inkorporeringa vil ein styrke det enkelte menneske sine rettar
som grunnleggjande, som må takast omsyn til i norsk rettsvesen
og som det etter Grunnlova § 110 c påligg
staten å sikre:
«Det paaligger Statens Myndigheder at respektere og
sikre Menneskerettighederne.
Nærmere Bestemmelser
om Gjennomførelsen av Traktater herom fastsættes
ved Lov.»
Komiteen er samd med departementet i at dei grunnleggjande
menneskerettskonvensjonar bør innarbeidast i lovgjevinga.
Gjeldande praksis, som går ut på at ein utan vidare
nøyer seg med å konstatere eller skape rettsharmoni
gjennom atterhald eller spredte lovendringar, bør ein gå bort
frå. Sjølv om konvensjonane er ratifisert frå norsk
side og Noreg er bunden av dei, gjer vi dei uttrykkjeleg operative
for norske domstolar gjennom lov. Med denne lovfestinga sikrar vi
at menneskerettar fullt ut vert lagde til grunn ved norske domstolar.
Komiteen vil likevel understreke at det ikkje
er nokon automatikk i at ei innarbeiding av menneskerettskonvensjonane
i norsk lovgjeving fører til auka kunnskap om konvensjonane.
Her trengst spesiell kompetanse for å bygge opp den nasjonale
kompetansen. Komiteen kjem attende til dette punktet
i merknadene under pkt. 9.