2. Bakgrunnen for lovframlegget

Arbeidet for å hindre bruk av barnesoldatar har lenge stått på den internasjonale dagsorden, men problemstillinga har vorte endå meir fokusert på dei siste par åra. Problemet med å rekruttere barn til ulike former for væpna styrkar, til dømes til ikkje-statlege opprørsgrupper, er omfattande og stigande. Dette gjeld i den seinare tida ikkje minst interne konfliktar, særleg i den «tredje verda» (i DR. Kongo, Liberia, Rwanda, Sierra Leone, Sri Lanka, etc.), der barn har delteke som meir eller mindre regulære soldatar. I følgje ein rapport frå Redd Barna frå 1996 deltek ein kvart million mindreårige - nokon av dei berre sju år gamle - i krigshandlingar kvart år (i 1995 i 33 konfliktar i 26 land). I følgje ein nyare rapport frå Amnesty International frå 1998, Children In The Firing Line, er i dag minst 300 000 barn over heile verda aktive som soldatar i krig. Ein del av desse barna er meir eller mindre frivillig vorte soldatar, ein del andre er blitt rekruttert gjennom tvang. Omfanget og auken i talet barnesoldatar vert stadfesta i Redd Barnas rapport frå 1998, «Barn - de usynlige soldater».

FN sin barnekonvensjon av 20. november 1989 artikkel 38, tilleggsprotokoll I til Genèvekonvensjonane av 1949 (gjeldande i internasjonale væpna konfliktar), artikkel 77 og tilleggsprotokoll II til Genèvekonvensjonane av 1949 (gjeldande i ikkje-internasjonale væpna konfliktar) artikkel 4 nr. 3 (d), omhandlar spørsmålet om forbod mot rekruttering til og bruk av barn i væpna styrkar. Etter tilleggsprotokoll I til Genèvekonvensjonane, artikkel 77, skal partane i ein væpna konflikt mellom anna treffe eitkvart mogleg tiltak for å hindre at barn som ikkje har fylt 15 år deltek direkte i strid, og særleg skal dei avstå frå å rekruttere slike barn til sine væpna styrkar. Den same forpliktinga går fram av Barnekonvensjonen artikkel 38 nr. 2 og 3. Ein del statar ga einsidige erklæringar då dei ratifiserte Barnekonvensjonen om at dei ikkje vil rekruttere barn under 18 år til deira væpna styrkar. Noreg har ikkje avgitt en slik erklæring.

Etter gjeldande folkerett skal statane vidare, ved rekruttering av personar mellom 15 og 18 år, sikre at dei eldste vert prioriterte ved inntak, jf. Barnekonvensjonen artikkel 38 nr. 3 og tilleggsprotokoll I til Genèvekonvensjonane artikkel 77 nr. 2.

For interne konfliktar si vedkomande (ikkje-internasjonale væpna konfliktar), gjeld tilleggsprotokoll II til Genèvekonvensjonane. Artikkel 4 nr. 3 bokstav c i konvensjonen lyder: «Barn skal gis den omsorg og hjelp som de behøver, og i særdeleshet skal barn som ikke har fylt femten år, ikke rekrutteres til de væpnede styrker og heller ikke tillates å ta del i fiendtligheter». For ikkje-internasjonale væpna konfliktar er det ikkje nokon motsvarande regel om at dei eldste blant 15-18-åringane skal prioriterast ved uttak, men ein meiner at Barnekonvensjonen artikkel 38 også vil gjelde i interne konfliktar som har ein slik intensitet eller er av ein slik karakter at tilleggsprotokoll II til Genèvekonvensjonane gjeld.

Medan det i internasjonale væpna konfliktar gjeld ein regel om at partane berre skal hindre at barn som ikkje har fylt 15 år deltek direkte i strid, gjeld det i interne konfliktar ein regel om at ein ikkje skal tillate barn å delta i strid, uten at ein gjer nokon skilnad på direkte og indirekte deltaking. Etter ordlyden i konvensjonsreglane har ein difor, sannsynlegvis utilsikta, kome i den situasjonen at barn i dette høve er betre verna i interne konfliktar enn i internasjonale konfliktar.

Det er eit ønskje om å styrke barns rettar i væpna konfliktar og stanse vervinga av barn til soldatar. Fleire statar og internasjonale organisasjonar meiner mellom anna at den absolutte aldersgrensa på 15 år etter gjeldande folkerett er sett for lågt og difor bør hevast til 18 år.

Ei internasjonal arbeidsgruppe leidd av Sverige under FN sin menneskerettskommisjon har på bakgrunn av dette arbeidd for å kome fram til ein tilleggsprotokoll til Barnekonvensjonen om barns rettar i væpna konfliktar (Optional Protocol to the Convention on the Rights of the Child on Involvement of Children in Armed Conflicts). Heving av aldersgrensa har stått sentralt i dette arbeidet. Noreg har vore representert i arbeidsgruppa ved Utanriksdepartementet. Sidan 1994 har arbeidsgruppa hatt seks sesjonar i arbeidet med å forhandle fram denne tilleggsprotokollen. Arbeidet var prega av at fleire land har store problem med ei 18-års grense, og det var difor vanskeleg å kome fram til eit kompromiss. Dette skuldast ikkje berre problem og uvilje frå land der problemet med barnesoldatar er stort, men også problem for vestlege land på grunn av nasjonale lovverk og praksis kring aldersgrenser for rekruttering til dei væpna styrkane. Dette gjeld sjølv om vestlege lands bruk av 17 år gamle rekruttar generelt har ein heilt annan karakter enn dei overgrepa som barnesoldatar i konfliktar i den tredje verda vert utsett for. USA og Storbritannia mellom andre har gitt uttrykk for sterk skepsis til ei rein 18-års grense, av di dette vil kunne skape problem for rekruttering av personell til deira væpna styrkar.

Den 17.  juni 1999 vart det etter internasjonale forhandlingar i Genève vedteke ein ILO-konvensjon om forbod mot og umiddelbare tiltak for å avskaffe dei verste formene for barnearbeid (Convention concerning the Prohibition and Immediate Action for the Elimination of the Worst Forms of Child Labour). Spørsmålet om barnesoldatar sto sentralt under forhandlingane. Det var eit fleirtal for at barnesoldatar skulle verte omfatta av konvensjonen, men det var ulike syn på om det burde vere eit totalforbod, eller om ein skulle opne for frivillig rekruttering av barn under 18 år til deltaking i væpna konfliktar. Noreg var her mellom dei landa som ønska eit totalforbod. Mange utviklingsland, samt arbeidstakargruppa, ønskte det same. Fleire vestlege land som baserer seg på verving av barn under 18 år til dei væpna styrkane stilte seg likevel kritiske til eit totalforbod. I løpet av forhandlingane om ei «pakkeløysing» modifiserte fleire av landa samt arbeidstakargruppa sine synspunkt. Noreg, saman med fleire andre land, arbeidde aktivt for å få så strenge restriksjonar som råd i dette spørsmålet. For ikkje å stå i vegen for å vedta konvensjonen ved konsensus, aksepterte Noreg likevel det kompromisset som vart forhandla fram (artikkel 3 bokstav a), som mellom anna seier at tvungen eller obligatorisk rekruttering av barn under 18 år for bruk i væpna konflikt («forced or compulsory recruitment of children for use in armed conflict») skal reknast som ein av dei verste former for barnearbeid. Regelen vart av mange land sett som eit første steg på vegen mot eit sterkare internasjonalt regelverk på dette området. Det vart samstundes oppmoda til å føre vidare arbeidet og diskusjonen i FN sine forhandlingar om ein tilleggsprotokoll til Barnekonvensjonen.