Heimevernslova § 4

Regelen i heimevernslova § 4 omhandlar plikta til å gjere teneste i Heimevernet. Tredje ledd fastset i dag at også menn under vernepliktig alder har tenesteplikt i Heimevernet i krig, frå og med det året dei fyller 18. Det vil seie at nokre grupper 17-åringar kan kallast inn til pliktig teneste i krigstid. For å sikre ei ufråvikeleg 18-års grense for tvungen teneste, føreslår departementet at tredje ledd i § 4 endrast slik at tenesteplikta først startar den dagen vedkomande fyller 18 år.

Det er tenesteplikta som startar frå og med den dagen vedkomande fyller 18 år. Med andre ord vil personar under 18 år ikkje lenger kunne verte rekrutterte til teneste i Heimevernet. Det må likevel understrekast at ein med tenesteplikt her siktar til den faktiske rekrutteringa, det vil seie det tidspunktet ein personleg må møte til militærteneste eller på annan måte fysisk startar den militære tenesta i dei væpna styrkane. Formalia spelar her ingen rolle med omsyn til innlemminga i Forsvaret.

Derimot råker regelen ikkje personar som vert tekne inn som frivillige. Frivillig teneste vert regulert av lova §§ 5 og 6. Den endringa som er føreslått i § 4 vil difor ikkje forby tilsetjing av barn ved kontrakt eller anna frivillig teneste i Heimevernet, til dømes i HV-ungdomen.

Framlegget vil på den andre sida ikkje hindre Forsvaret i å setje i verk tiltak som tek sikte på førebuing av tenesteplikta gjennom mellom anna gjennomføring av sesjon, klassifisering, innrullering, utskriving, opptaksprøver og andre testar, administrativ fordeling av personellet, utsending av rekrutteringsmateriell m.m., sjølv om vedkomande på tidspunktet for det førebuande tiltaket ennå ikkje har fylt 18 år.

Heimevernslova § 6

Om grunngjevinga for heimevernslova § 6 viser ein til pkt. 7 ovanfor.

Om tydinga av uttrykket «stridsrelatert verksemd», som vert nytta i lovframlegget, vil Forsvarsdepartementet seie følgjande:

Uttrykket er nytta som ei avgrensing mot dei disi­plinar frivillige mindreårige i Heimevernet ikkje skal gjevast opplæring i, eller på annan måte delta i, før dei fyller 18 år. Uttrykket må tolkast i lys av føremålet med regelen, som er at barn under 18 år ikkje skal gjevast opplæring eller på annen måte delta i verksemd som gjer det vanskelegare å unngå at disse i ein krigssituasjon vil gjere bruk av sine kunnskapar. Det er meint å dekkje militære strids- og våpenteknikkar, deltaking i felttenesteøvingar der stridselementet er ein vesentleg del og liknande operativ verksemd. Justisdepartementet seier i sine merknader at det er noko uklart kva som faller inn under forbodet, og viser mellom anna til at Forsvarsdepartementet har føresett at dagens våpentrening for HV-ungdom kan halde fram, medan opprekninga i føresegna til lov om Heimevernet pkt. 42 peiker nærast i retning av at til dømes våpentrening fell utanfor dei «ikkje-stridsrelaterte» disi­pliner. Justisdepartementet meiner difor at uttrykket bør klargjerast i motiva. Problemstillinga er også omtala i merknadene til Reserveoffiserers Forbund, som peikar på at dagens HV-ungdom i 16-17-års alderen kan «bli lidende ved en strengere tolkning av loven enn det departementet legger til grunn i sitt høringsutkast».

Til dette vil Forsvarsdepartementet seie at det vanskeleg kan la seg gjere å trekkje opp retningslinjer i motiva som kan løyse alle tvilsspørsmål. I praksis vil det truleg oppstå gråsoner der det kan reisast spørsmål om ein bestemt disiplin/verksemd er å rekne som stridsrelatert eller ikkje. Dette kan etter Forsvarsdepartementet si vurdering best løysast gjennom en næ­rare regulering gjennom endringar i føresegn til heimevernslova, eventuelt gjennom retningslinjer som kan gjevast av Forsvarets overkommando. Ei slik løysing synest også Ombodsmannen for Forsvaret, som i sine merknader viser til merknadene frå Forsvarets Ombodsmannsnemnd, å vere inne på. Det heiter her mellom anna:

«Nemnda vil også anta at det i forskriften til § 6 bør gis nærmere veiledende bestemmelser om hvilke opplæringstilbud Heimevernet kan by sitt frivillige personell under 18 år.»

Til spørsmålet om våpentrening fell utanfor eller innanfor uttrykket «stridsrelatert verksemd», vil Forsvarsdepartementet likevel seie at ein i alle fall har tolka gjeldande føresegn slik at våpentreninga til HV-aspirantane ikkje vert rekna for stridsrelatert verksemd.

Generelt kan ein også seie at aktivitetar som sjølvforsvar, feltskyting, bivuakkteneste, orienteringsløp med eller utan skyting, fjellklatring m.m. ikkje kan rek­nast som stridsrelaterte, av di dei ikkje primært rettar seg mot opplæring i strid eller stridsteknikkar, og av di dei har klare parallellar til sivile aktivitetar og idrettar. Opprekninga av kva som skal reknast som ikkje-stridsrelaterte disiplinar, gjev også ein peikepinn med omsyn til kva som reknast som stridsrelatert verksemd. Som døme på aktivitetar som må reknast som stridsrelatert, kan ein likevel nemne skytetrening som er meir direkte knytt til kamp, militære stridsteknikkar, taktikk m.m.

Departementet legg til grunn at ein skal forstå uttrykket i framlegget til nytt andre punktum i heimevernslova § 6 første ledd på same måte som den avgrensinga som er gjort i føresegna til heimevernslova, og meiner at framlegget til lovendring ikkje vil medføre eit forbod mot å gi mindreårige opplæring i enkle militære disiplinar som ikkje direkte omfattar stridsopplæring eller stridsrelatert verksemd.

Forbodet som vert føreslått er eit forbod mot opplæring eller deltaking i stridsrelatert verksemd. I departementet sitt høyringsbrev var det i utgangspunktet føreslått at forbodet berre skulle gjelde praktisk opplæring eller deltaking i stridsrelatert verksemd, med den grunngjevinga at det neppe vil være mogleg eller ønskjeleg å oppstille eit lovforbod mot at personer under 18 får ei teoretisk innføring om militære stridsteknikkar, taktikk osv. På bakgrunn av merknader frå Justisdepartementet og Ombodsmannen for Forsvaret har Forsvarsdepartementet likevel kome til at ein vil føreslå et generelt forbod mot opplæring i stridsrelatert verksemd. Forbodet vil difor i utgangspunktet også ramme teoretisk opplæring. Det vil kunne skape ei rekkje problem for fortolkinga å oppretthalde eit skilje mellom praktisk og teoretisk opplæring. Det er vidare ingen spesielle grunnar som talar for at barn under 18 år bør få ei systematisk teoretisk opplæring i stridsrelaterte disiplinar i Forsvaret. Føremålet med regelen gjev heller ikkje nokon grunn til å skilje mellom praktisk og teoretisk opplæring. Departementet viser i denne samanheng til merknadene frå Ombodsmannen for Forsvaret, som viser til ei erklæring vedtatt av Forsvarets ombodsmannsnemnd.

Vidare føreslår departementet at frivillige i Heimevernet som ikkje har fylt 18 år, straks skal fritakast frå teneste dersom riket er i krig eller krig truar, eller Forsvaret eller nokon del av det er beordra sett på krigsfot. Formuleringa «skal fritakast frå teneste» er å forstå som eit absolutt påbod om at dette personellet under slike omstende skal verte beordra frå tenesta/ikkje innkalla til ny teneste, slik at personane ikkje skal kunne reknast som «medlemmer» av dei væpna styrkane. Det vil ikkje vere høve for dei som ønskjer det å halde fram i tenesta. Regelen krev aktive tiltak frå Forsvaret si side.

Forsvarsdepartementet føreslår at heimevernslova § 6 andre ledd første punktum vert endra tilsvarande som i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser her til merknadene til heimevernslova § 4.

Vernepliktslova § 4

Framlegget til endringar i vernepliktslova § 4 første ledd er utforma og grunna likt med framlegget til endringar i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser difor til merknadene til heimevernslova § 4.

Framlegget til nytt femte ledd i vernepliktslova § 4 er identisk med framlegget til nytt anna punktum i heimevernslova § 6 første ledd. Departementet viser til merknadene ovanfor til denne regelen.

Vernepliktslova § 5

Framlegget til endringar i vernepliktslova § 5 første ledd anna punktum er utforma og grunna likt med framlegget til endringar i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser difor til merknadene til heimevernslova § 4.

Iverksetjing

Før lovendringane kan tre i kraft, vil det vere naudsynt å syte for at føresegnene til heimevernslova og vernepliktslova vert tilpassa endringane. Departementet føreslår difor at lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.