5. Reglar om saksførebuing

5.1 Samandrag

Kapittel 5 i proposisjonen gir ei vurdering av saksførebuingsfasen, samt behovet for klarare reglar om rett til å ta initiativ til grenseendring og grensefastsetjing. Departementet føreslår fleire og meir detaljerte lovreglar som gjeld initiativ og saksførebuing. Søknad om grensejustering eller grensefastsetjing skal kunne setjast fram av innbyggjarar og grunneigarar i dei kommunane søknaden gjeld, av næringsdrivande som har sin registrerte forretningsstad der og av kommunestyret eller fylkestinget i dei kommunane eller fylkeskommunane søknaden gjeld. Søknad om samanslåing eller deling skal berre kunne setjast fram av kommunestyret eller fylkestinget i dei kommunane eller fylkeskommunane endringsforslaget gjeld. Departementet skal på eige initiativ kunne ta opp spørsmål om grenseendring eller grensefastsetjing. Søknad om grenseendring eller grensefastsetjing skal vere skriftleg og grunngitt, og må innehalde forslag til ny inndeling. Søknaden skal etter forslaget sendast til Fylkesmannen i det fylket grensesaka gjeld.

Vidare inneheld kapittel 5 forslag om at departementet er ansvarleg utgreiingsorgan og gjer den saksutgreiinga som ein meiner trengst. Departementet vil delegere den praktiske gjennomføringa av saksutgreiinga til Fylkesmannen, utgreiingsutval eller liknande. Departementet kan avvise søknad frå søkjarar som ikkje har initiativrett. Avvisinga skal vere skriftleg og må vere grunngitt. Kommunale, fylkeskommunale og statlege forvaltningsorgan har opplysnings- og medverknadsplikt i rimeleg utstrekning, når den som gjer utgreiinga ber om det. Dei kommunar eller fylkeskommunar ei sak gjeld, skal få uttale seg før det blir teke avgjerd om grenseendring eller grensefastsetjing. I saker om samanslåing eller deling må slik fråsegn bli gitt av kommunestyret eller fylkestinget sjølv. Endeleg føreslår departementet ein lovregel om at kommunen bør hente inn innbyggjarane sine synspunkt på eit aktuelt forslag til grenseendring. Ei høyring kan skje på ulike måtar, og kommunen avgjer sjølv korleis dei vil gå fram.

Det blir føreslått at departementet skal fastsetje korleis utgiftene ved utgreiinga skal fordelast. Departementet avgjer om dei skal berast av dei interesserte kommunane eller fylkeskommunane, eller heilt eller delvis av staten.

Sjå §§ 5, 8, 9, 10 og 11 med nærmare omtale i kap. 12.

5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen vil peke på at en klar svakhet ved dagens lov er at den ikke har regler om hvem som kan ta initiativ til en inndelingsendring. Dette fører til at hvem som helst i prinsippet kan fremme forslag om dette. Komiteen mener det er bra at lovforslaget inneholder klare regler om hvem som har initiativrett i de forskjellige typer grenseendringer Komiteen mener at de lokale interessene må vektlegges og ser det som positivt at forslag til grensejusteringer og grensefastsetting blant annet kan komme fra innbyggere.

Komiteen vil vise til at dagens lov har få regler når det gjelder utredninger og saksforberedelser. Komiteen ser det som positivt at det lovfestes at kommuner, fylkeskommuner og innbyggerne blir tatt med i prosessen ved en endring av kommune- og fylkes­inndelingen. Dette styrker lokaldemokratiet. Da det ikke bare knytter seg lokale interesser, men også nasjonale interesser til kommune- og fylkesinndelingen finner komiteen det riktig at det er departementet som er ansvarlig utredningsorgan og er ansvarlig for den saksutredningen som trengs.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet legg vekt på at initiativ til endringar i kommunestrukturen skal kome frå dei som bur i dei aktuelle kommunane. Denne medlemen ynskjer ikkje ei utvikling der departementet framstår som å vite best kva som tener innbyggjarane i den einskilde kommune og er ueinig i at departementet på eige initiativ skal kunne ta opp spørsmål om grenseendring eller grensefastsetjing.