Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (ny organisering av arbeidet for samiske språk)

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 13 (2002-2003)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 114 (2001-2002)
  • Dato: 05.11.2002
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2
Til Odelstinget

1. Sammendrag

1.1 Innhald og bakgrunn for proposisjonen

1.1.1 Proposisjonens hovudinnhald

Kultur- og kyrkjedepartementet gjer i proposisjonen framlegg til lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven) § 3-12. Forslaget til lovendring inneber ei ny organisering av arbeidet for samiske språk. Lovforslaget endrar gjeldande rett ved at ein ikkje lenger er pålagt å ha eit eige språkorgan, men overlet til Sametinget å avgjere kva som er den beste måten å organisere arbeidet på. Formålet med endringa er å legge til rette for at arbeidet for samisk språk blir organisert av det organet som har best kunnskap om samiske forhold og kjenner behova best.

1.1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

Proposisjonen er dels ei oppfølging av St.meld. nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken, og dels ei tilpassing til Sametinget sin nye organisasjonsstruktur som blei sett i verk 1. januar 2001.

St.meld. nr. 55 (2000-2001) gjer greie for den prosessen som har vore sidan Sametinget blei oppretta i 1989, for å gje samane auka makt og innverknad ved å styrke Sametinget som det ansvarlege organet for utviklinga av det samiske samfunnet.

1.2 Departementets vurderingar og forslag - § 3-12 første ledd

1.2.1 Departementets forslag i høyringsnotatet

Samelova av 12. juni 1987 nr. 56 § 3-12 første ledd har i dag følgjande ordlyd:

"Det opprettes et Samisk språkråd. Sametinget oppnevner rådets medlemmer og fastsetter hvem som skal være rådets leder og nestleder."

Språkrådet sine funksjonar er bestemt i § 2 i forskrift fastsett av Kulturdepartementet 30. januar 1992. I høyringsnotatet gjorde Kultur- og kyrkjedepartementet framlegg om å endre § 3-12 første ledd slik at ein ikkje lenger er pålagt å ha eit språkorgan, men legg ansvaret for arbeidet med vern og vidare utvikling av dei samiske språka i Noreg til Sametinget. Departementet foreslo følgjande endring:

"Sametinget har ansvaret for å legge til rette for vern og videre utvikling av samiske språk i Norge."

Det blei i høyringsnotatet presisert at Kultur- og kyrkjedepartementet framleis vil ha eit overordna ansvar for arbeidet med samiske språk gjennom forvaltninga av samelova sine språkreglar. Departementet har framleis eit tilsynsansvar, og vil kunne gripe inn ovafor Sametinget i kraft av å vere forvaltar av språkreglane i samelova, som heimlar Sametinget sin kompetanse.

Lovforslaget var meint å innebere at Sametinget skal arbeide for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg, og at Sametinget sjølv kan få avgjere korleis dei nærare vil organisere dette arbeidet.

Når det gjeld å gje Sametinget det nærare ansvaret for arbeidet med samiske språk, er det i samsvar med det som er situasjonen i dag. Lovforslaget vil difor ikkje pålegge Sametinget noko nytt eller meir omfattande ansvar enn det dei allereie har påteke seg.

Departementet meiner det er uheldig dersom lovforslaget er egna til å skape tvil om kven som har det overordna ansvaret for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg. Departementet finn difor grunn til å endre sitt opphavlege forslag til § 3-12 første ledd. Det følgjer både av Grunnlova § 110 a og internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, at styresmaktene har eit overordna ansvar for å legge til rette for vern og utvikling av samiske språk. Styresmaktene følgjer opp dette ansvaret ved å påleggje Sametinget å drive samisk språkarbeid, og må ta omsyn til desse pliktene i sine løyvingar til Sametinget.

Departementet gjer følgjande framlegg til ny § 3-12 første ledd:

"Sametinget skal arbeide for vern og videre utvikling av samiske språk i Norge."

Departementet finn det ikkje naturleg å presisere nærare i lovteksten kva dette språkarbeidet skal omfatte eller korleis arbeidet skal organiserast innanfor dei rammene lovforslaget set.

Forslaget til lovtekst gjeld samiske språk i Noreg. Departementet vil med fleirtalsformuleringa presisere at ein i Noreg har fleire samiske språk; nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk og austsamisk/skoltesamisk. Sametingets arbeid skal omfatte alle desse.

1.3 Departementets vurderingar og forslag - § 3-12 andre ledd

I høyringsnotatet gjorde Kultur- og kyrkjedepartementet framlegg om ny § 3-12 andre ledd med følgjande ordlyd:

"Sametinget utarbeider hvert fjerde år en rapport til Kongen om situasjonen for samiske språk i Norge."

Som nemnd vil Kultur- og kyrkjedepartementet framleis ha eit overordna ansvar for samelova sine språkreglar. For å kunne føre tilsyn med lova på ein best mogleg måte, er det viktig at departementet har informasjon om situasjonen for samiske språk i Noreg og om Sametingets språkarbeid.

Allereie i dag eksisterer det ei årleg rapporteringsordning heimla i forskrift til samelovens språkreglar. Sametinget skal oversende Samisk språkråd sin årlege rapport til Kulturdepartementet, og leggje rapporten ved Sametingets årlege melding til Kommunaldepartementet.

Departementet tek difor ikkje her sikte på å opprette ein ny rapporteringsordning, men vil framleis knytte rapporteringa til Sametingets årsmelding som blir lagt fram for Kongen (Kommunal- og regionaldepartementet), jf. samelova § 1-3. Årsmeldinga blir lagt fram for Stortinget som ein del av ei stortingsmelding kvart år. Etter nogjeldande ordning omtalar Sametingets årsmelding språk, og slik vil det framleis vere, men forslaget til lovtekst sikrar at ein kvart fjerde år får ei grundig vurdering av situasjonen for dei samiske språka. Det vil ikkje vere naturleg med ei slik omfattande rapportering oftare enn kvart fjerde år. Rapporteringa blir då knytt til prinsippmeldinga om samepolitikken som Kommunal- og regionaldepartementet legg fram kvart fjerde år.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke og fra Senterpartiet, Ola T. Heggem, er enig i at det ikke lenger skal være lovpålagt å ha et eget språkorgan for samiske språk, men at det overlates til Sametinget å avgjøre hva som er den beste måten å organisere arbeidet på.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (ny organisering av arbeidet for samiske språk)

I

I lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold skal § 3-12 lyde:

§ 3-12 Organisering av samisk språkarbeid

Sametinget skal arbeide for vern og videre utvikling av samiske språk i Norge.

Sametinget utarbeider hvert fjerde år en rapport til Kongen om situasjonen for samiske språk i Norge.

II

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 5. november 2002

Sonja Irene Sjøli Torny Pedersen Trond Giske
leder ordfører sekretær