1.1 Om forslaget

Kultur- og kyrkjedepartementet legg i proposisjonen fram forslag om å oppheva lov om Norsk språkråd. Formålet er å leggja til rette for at Norsk språkråd frå 1. januar 2005 skal kunna erstattast av ein ny institusjon som førebels er omtalt som eit kompetansesenter for norsk språk.

Departementet viser til at det ikkje trengst alternativ lovheimel for å etablera den nye institusjonen frå 1. januar 2005. Det blir likevel streka under at dette ikkje er til hinder for at spørsmålet om alternativ lovgjeving kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.

Gjennom behandling av innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kulturmeldinga, Innst. S. nr. 155 (2003-2004), har Stortinget stadfesta si støtte til skipinga av det nye kompetansesenteret for norsk språk, og det heiter at komiteen ventar på at departementet kjem tilbake til Stortinget med ei sak om dette.

Det går fram av proposisjonen at det førebels ikkje er aktuelt å ta standpunkt til korleis den nye institusjonen bør innrettast, og kva for organisering og styringsordning det bør leggjast opp til på meir varig basis.

Departementet vil leggja opp til at den nye institusjonen formelt blir etablert med verknad frå 1. januar 2005.

Ein føresetnad for å kunna gjennomføra det formelle skiftet frå gammal til ny institusjon frå 1. januar 2005 er at det noverande lovgrunnlaget blir endra. Dette er bakgrunnen for at departementet i denne proposisjonen fremjar forslag om å oppheva lov om Norsk språkråd.

Departementet vil elles koma tilbake med nødvendige framlegg om formell etablering av den nye institusjonen i samband med budsjettframlegget for 2005.

1.2 Spørsmålet om eit alternativt lovgrunnlag

I Innst. S. nr. 155 (2003-2004) har eit mindretal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, medlemene frå Arbeirdarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vist til at Norsk språkråd i si tid vart oppretta ved eiga lov, og at også den nye institusjonen derfor må ha ei klar lovforankring. Mindretalet ber Regjeringa koma tilbake til Stortinget med ei vurdering av korleis dette best kan gjerast.

Departementet finn det ikkje formålstenleg å gjera ei endeleg vurdering av lovspørsmålet i denne omgang. Det er ikkje noko formelt krav om lovheimel for å etablera den nye institusjonen. Dette hindrar ikkje at spørsmålet om alternativ lovgjeving i ei eller anna form kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.

Med utgangspunkt i den lova som no blir foreslått oppheva, finn departementet det rett allereie i denne proposisjonen å drøfta spørsmålet om ei spesifikk lovforankring av den nye institusjonen noko nærmare.

Heimel i lov er nødvendig for å gi statlege styresmakter rett til å gjennomføra tiltak som inneber inngrep i private forhold. Ingen av føresegnene i nove­rande lov om Norsk språkråd har eit innhald som gir rett til den type inngrep som her er nemnde.

Det er på det reine at Norsk språkråd også utan å ha forankring i lov kunne vore tillagt dei same oppgåvene og fullmaktene som i dag. Når Norsk språkråd likevel vart forankra i eiga lov, må det sjåast i samanheng med den spesielle språkpolitiske situasjonen som låg til grunn for at det til slutt vart semje om å skipa eit råd for språkvern og språkdyrking til avløysing av det tidlegare organet Norsk språknemnd.

Dagens språkpolitiske situasjon er annleis enn den gongen Norsk språkråd vart førebudd, og den nye institusjonen er derfor tenkt innretta på ein annan måte. Eit overordna utgangspunkt er at den nye institusjonen skal driva eit meir utoverretta arbeid og leggja stor vekt på haldningsskapande tiltak. Her er det andre verkemiddel enn lovgjeving som først og fremst trengst.