Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om endringar i lønnsgarantilova

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 24 (2004-2005)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 9 (2004-2005) Del II
  • Dato: 30.11.2004
  • Utgiver: Kommunalkomiteen
  • Sidetall: 2
Til Odelstinget

Samandrag

Lønnsgarantiordninga gir staten plikt til, innanfor fastsette grenser, å dekkje lønn, feriepengar og ein del andre ytingar som arbeidsgivar ikkje er i stand til å betale på grunn av konkurs. Ved utbetaling av lønnsgarantidekning trer staten inn i kravet til arbeidstakaren i konkursbuet. Ordninga har eit sosialt tilsnitt og skal sikre at arbeidstakarane får dekt krava sine sjølv om arbeidsgivaren går konkurs. Staten garanterer i dag for krav opp til tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G). Dette utgjer kr 176 334 pr. 1. mai 2004.

Utgiftene til staten i samband med lønnsgarantiordninga har auka kraftig dei seinare åra. Det er difor naudsynt med tiltak som kan avgrense utgiftene. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår difor at grensa for maksimal dekning gjennom lønnsgarantiordninga vert redusert frå 3 G til 2 G (frå kr 176 334 til kr 117 556). Endringa vert gjennomført ved ei endring av lønnsgarantilova § 1 tredje leddet. Innstrammingstiltaket vil føre til at arbeidstakarane får lågare dekning enn i dag. På den andre sida vil dette først og fremst få noko å seie for arbeidstakarar med høge opptente krav. Den gjennomsnittlege utbetalinga pr. arbeidstakar låg på om lag 55 000 kroner i 2003. Det er difor relativt få arbeidstakarar som vert ramma av forslaget.

Det er rekna ut at dei føreslåtte endringane vil innebere ein reduksjon av lønnsgarantiutbetalingane på om lag 26 mill. kroner for 2005. Den årlege innsparinga er utrekna til å vere om lag 53 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogs­nes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstre­parti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at lønnsgarantiordninga gir staten plikt til, innafor fastsette grenser, å dekkje lønn, feriepengar, og ein del andre ytingar som arbeidsgjevar ikkje er i stand til å betale på grunn av konkurs. Ved utbetaling av lønnsgarantidekning trer staten inn i kravet til arbeidstakaren i konkursbuet. Komiteen viser til at ordninga har eit sosial tilsnitt og skal sikre at arbeidstakarane får dekt krava sine sjølv om arbeidsgivaren går konkurs.

Komiteen er kjent med at EU-direktiv 80/989/EEC og endringsdirektiv 2002/74/EC krev at alle EU/EØS-land har ein garantiinstitusjon som sikrar arbeidstakarane lønn ved konkurs hos arbeidsgjevar, og at Noreg er bunden av direktivet gjennom EØS-avtala.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, har merka seg at utgiftene til staten i samband med lønnsgarantiordning har auka kraftig dei seinare åra, og at Regjeringa difor meiner det er naudsynt med tiltak som kan avgrense utgiftene. Fleirtalet ser det som viktig at endringane skal ha eit tilsnitt som ikkje gir vesentleg dårlegare vilkår for majoriteten av arbeidstakarane som vert råka av konkurs hos arbeidsgjevar. Med bakgrunn i at den gjennomsnittlege utbetalinga pr. arbeidstakar var om lag 55 000 kroner i 2003, og maksimalgrensa vert foreslått redusert til 2 G, meiner fleirtalet at dette er ivaretatt.

Eit anna fleirtal, medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, meiner lønnsgarantiordninga er viktig for å sikre arbeidstakarane i ein situasjon der bedrifter går konkurs. Dette fleirtalet har merka seg at Regjeringa meiner det er naudsynt å endre ordninga. Dette fleirtalet ber Regjeringa følgje nøye med på korleis ordninga utviklar seg, for å sikre at den framleis fungerer etter formålet.

Dette fleirtalet stør framlegget i proposisjonen.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, viser til Sosialistisk Venstrepartis alternative budsjett der disse medlemmer gikk imot Regjeringens forslag om å kutte ordningen med lønnsgaranti ved konkurs fra 3 til 2 G.

Endringen vil ramme et lite mindretall som trenger en slik ordning. Det er verd å merke seg at beregnet innsparing er 26 mill. kroner i 2004 og at regjeringspartiene mener det er greit å belaste mennesker som har mistet jobben med et slikt kutt. I praksis betyr innstrammingen at de som har det største behovet for økonomisk bistand i en slik situasjon, blir rammet hardest.

Disse medlemmer vil derfor gå imot lovendringen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og det som står framanfor, og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i lønnsgarantilova

I

I lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. skal § 1 tredje leddet første punktum lyde:

Kravene dekkes av garantien i den utstrekning de har fortrinnsrett etter kapittel 9 i lov om fordringshavernes dekningsrett, dog begrenset i det enkelte tilfelle til et beløp som svarer til to ganger folketrygdens grunnbeløp på fristdagen.

II

Endringa trer i kraft 1. januar 2005.

Endringa gjeld berre for bu der krav om konkurs kjem til skifteretten etter at lova er iverksett, for forsikringsselskap og bankar der vedtak om å setje institusjonen under offentleg administrasjon vert gjort etter dette tidspunktet, insolvente dødsbu der dødsfallet skjer etter dette tidspunktet og insolvente selskap der tvangsavvikling i medhold av aksjelova § 16-15 og allmennaksjelova § 16-15 vert bestemt etter dette tidspunktet.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 30. november 2004

Magnhild Meltveit Kleppa Anita Apelthun Sæle
leiar ordførar