2. Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til forslaget frå departementet om at ansvaret for stormskadar på skog som hovudregel skal overførast frå naturskadeordninga til staten til alminneleg forsikring. Likevel skal naturskadeordninga tre inn når skadeomfanget er særleg omfattande. Dette gjeld når ei enkelt skadehending fører til forsikringsutbetaling på meir enn kr 200 000 000.

Fleirtalet har merka seg at ei samla skognæring er usamd i forslaget om som hovudregel å overføre ansvaret for stormskadar på skog frå naturskadeordninga til staten til alminneleg forsikring. I ei tid med klimaendringar (og?) spørsmål rundt kva som blir konsekvensane av desse, blir forslaget til lovendring oppfatta som eit negativt signal til næringa.

Fleirtalet har òg merka seg at forsikringsselskapet Skogbrand har uttalt at ei endring av forsik­ringsvilkåra vil føre til at reassuransepremien stig. Skogbrand har dessutan påpeikt at det vil vere umog­leg å få etablert ei utvida forsikringsordning før årsskiftet, og at ei ordning tidlegast vil få verknad frå 2006.

På denne bakgrunnen vil fleirtalet gå mot forslaget frå departementet om endring av § 5 i naturskadelova.

Fleirtalet er samd med departementets merknader og forslag til endringar i naturskadelova §§ 7, 8, 10 og 11 eller til endringane i lov om naturskadeforsikring § 1 første ledd.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, og frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, viser til framlegget frå departementet om at ansvaret for stormskadar på skog skal overførast frå naturskadeordninga til staten til alminneleg forsikring. Likevel skal naturskadeordninga tre inn når skadeomfanget er særleg omfattande. Dette gjeld når ei enkelt skadehending fører til ei forsikringsutbetaling på meir enn kr 200 000 000.

Desse medlemene viser vidare til St.prp. nr. 1 (2004-2005) frå Landbruks- og matdepartementet og Stortinget si handsaming av denne, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 (2004-2005), der Stortinget slutta seg til endringane i naturskadeordninga innafor eit samla budsjettopplegg. Dette inneber at kostnadene til den statlige naturskadeordninga blir redusert med om lag 24 mill. kroner årleg i gjennomsnitt.

Desse medlemene sluttar seg etter dette til hovudlinjene i departementet sitt framlegg til endringar i lov 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskadar (naturskadeloven) og lov 16. juni 1989 nr. 70 om naturskadeforsikring.

Desse medlemene har merka seg at skognæringa ikkje er einig i framlegget knytt til naturskadelova § 5 om at ansvaret for stormskadar på skog som hovudregel blir overført frå staten si naturskadeordning til alminneleg forsikring. Desse medlemene har òg merka seg at forsikringsselskapet Skogbrand har peikt på at ei utvida forsikringsordning på dette området først kan vere på plass i 2006.

Desse medlemene vil peike på at hovudformålet med naturskadelova er å yte erstatning i dei tilfeller det ikkje er mulig å teikne alminneleg forsikring mot den aktuelle naturskaden. For stormskadar på skog finst det i dag eit forsikringstilbod i marknaden.

Desse medlemene meiner at dette tilbodet må kunne bli utvikla vidare. Det vil òg vere mogleg å utvikle nye forsikringsordningar i konkurranse med dei som nå er i marknaden. Private aktørar kan ikkje konkurrere med ei ordning finansiert over statsbudsjettet. For å leggje til rette for ei framtidsretta utvikling av private ordningar er det difor viktig at staten reduserer sitt tilbod.

Desse medlemene sluttar seg derfor til at ansvaret for stormskadar på skog som hovudregel blir ført over frå staten si naturskadeordning til alminnelig forsikring.

Desse medlemene støtter også framlegget om at endringa skal tre i kraft frå 1. januar 2005. Endringa har vore varsla i rimeleg god tid, og marknaden må om nødvendig få på plass ei mellombels forsik­ringsordning som gjeld frå same tid.

Desse medlemene er elles samd med departementet sine merknader og forslag til endringar i naturskadelova §§ 7, 8, 10 og 11 og lov om naturskadeforsikring § 1.