Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag til endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om
pensjonsordning for apoteketaten og lov 1. juli
1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til
medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten.
Pensjonsordning for apoteketaten er ei fondsoppbygd tenestepensjonsordning
som vert administrert av Statens Pensjonskasse. Pensjonsordninga
vert leidd av eit styre der tariffpartane i apoteksektoren
er representerte.
Apoteksektoren har i dei seinare åra gått gjennom store
endringar. Ved lov 2. juni 2000 nr. 39 om apotek (apotekloven)
vart det opna for større konkurranse blant apoteka. Den
nye apotekloven, som trådde i kraft 1. mars 2001,
opna for at også andre enn apotekarar kan eige og drive
apotek. Som følgje av endringane i apoteksektoren, er det
behov for å gjere tilpassingar i lov om pensjonsordning
for apoteketaten og lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere
med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten.
Forslaga i proposisjonen er i stor grad baserte på tilråding
frå styret for ordninga.
Departementet sende 24. februar 2005 ut på høyring
eit forslag til endringslov.
Som ei følgje av endringane i apoteksektoren, ønskjer
departementet å vurdere om apoteka på fritt grunnlag
skal kunne velje pensjonsordning, slik anna privat verksemd gjer.
Det må vurderast om det i framtida er naturleg med ei eiga
lovfesta pensjonsordning for apoteksektoren, eller om verksemdene skal
kunne velje å vere omfatta av andre pensjonsordningar.
Departementet vil arbeide vidare med desse spørsmåla
som ein del av oppfølginga av Stortingets behandling av
St.meld. nr. 12 (2004-2005) Pensjonsreform - trygghet for pensjonene.
Det går fram av § 3 nr. 1 kva som
skal reknast som pensjonsgivande tenestetid. Det vert foreslått å klargjere
at betalt pensjonspremie er eit vilkår for at tenestetida
kan reknast som pensjonsgivande tenestetid.
Pensjonsordning for apoteketaten er ei fondsoppbygd pensjonsordning,
og det går fram av loven § 28 at utgiftene
til pensjonar og administrasjon av pensjonsordninga skal dekkjast
ved pensjonspremiar. Departementets forslag i § 3
nr. 1 er ei presisering av gjeldande rett.
Lov om pensjonsordning for apoteketaten § 4
andre ledd gir heimel for at tid med permisjon utan lønn og
anna mellombels fråvær vert rekna som pensjonsgivande
tenestetid når dette er bestemt i tariffavtale mellom Norges
Apotekerforening og arbeidstakarorganisasjonane.
Departementet foreslår at føresegna vert endra slik
at tid med permisjon utan lønn og anna mellombels fråvær
vert medrekna som pensjonsgivande tenestetid dersom dette
er bestemt i tariffavtale og styret i pensjonsordninga har akseptert
avtalen om slik medrekning. Endringa er nødvendig av di
Norges Apotekerforening ikkje lenger er tariffpart og då det er
fleire tariffområde i apoteksektoren. Departementet foreslår
ei nødvendig tilpassing til endringane som skjedde i 2001
då apoteksektoren fikk fleire tariffområde, og
foreslår ikkje oppheving av ordninga slik einskilde av
høyringsinstansane ønskjer.
Pensjonsgrunnlaget for apotekarar er i dag 120 pst. av høgaste
faste tariffbestemte lønn for provisorar. For andre medlemmer
er pensjonsgrunnlaget den faste tariffbestemte eller avtalte lønna,
avgrensa oppover til pensjonsgrunnlaget for apotekarar. Eit pensjonsgrunnlag
på 120 pst. av provisors lønn tilsvarer 8,37 gonger
grunnbeløpet i folketrygda (G) pr. 1. mai
2006. Pr. 1. mai 2005 tilsvarte grunnlaget 8,14 G og pr.
1. mai 2002 8,99 G.
Departementet foreslår § 5 endra slik
at pensjonsgrunnlaget vert knytt til den faste arbeidsinntekta for
arbeidsforholdet som gir rett til medlemskap i pensjonsordninga.
Forslaget er ei harmonisering til lov om Statens Pensjonskasse.
Føresegnene i dei to lovene er i stor grad like, og departementet
finner det derfor ikkje riktig å følgje reglane
i lov om foretakspensjon. Vidare vert det foreslått at
styret får fullmakt til å bestemme at også anna
arbeidsinntekt i tilknyting til arbeidsforholdet skal reknast med
i pensjonsgrunnlaget. Variable tillegg kan då også verte pensjonsgivande.
Departementet foreslår at det maksimale pensjonsgrunnlaget
vert endra frå 120 pst. av høgaste faste tariffbestemte
lønn for provisorar til 10 G. Departementet foreslår
ikkje 12 G som maksimalt pensjonsgrunnlag slik det opphavleg blei
foreslått i høyringsbrevet. Forslaget frå departementet
om å setje maksimalt pensjonsgrunnlag til 10 gonger grunnbeløpet
i folketrygda, er basert på innspel frå Pensjonerte
Apotekeres Forening, og tek sikte på å balansere dei
ulike synspunkta frå organisasjonane. Forslaget inneber
at arbeidstakarar som etter lovendringa er i stilling med rett til
medlemskap er omfatta. Departementet vil konsultere styret i pensjonsordninga
med omsyn til verknadstidspunktet for endringa, slik at omsynet
til dei verknader endringa har på økonomien i
pensjonsordninga vert vareteke.
For apotekarar som både har apotekkonsesjon og driftskonsesjon,
må det etter departementets oppfatning fastsetjast eit
normert pensjonsgrunnlag, det vil seie eit grunnlag som ikkje har
direkte samanheng med arbeidsinntekta i stillinga som gir rett til
medlemskap. Desse apotekarane er ikkje lønnsmottakarar,
men sjølvstendig næringsdrivande. Det vert foreslått
at pensjonsgrunnlaget vert fastsett av styret i pensjonsordninga.
Fastsetjinga av eit normert pensjonsgrunnlag for denne gruppa apotekarar
er ei vidareføring av dagens regelverk. Det normerte pensjonsgrunnlaget
kan ikkje overstige det maksimale pensjonsgrunnlaget på 10
G.
Dei faglege foreiningane har i dag rett til å uttale seg
når pensjonsgrunnlaget vert endra. Departementet kan ikkje
sjå at det er behov for å oppretthalde ein slik
rett då pensjonsgrunnlaget vert knytt direkte til arbeidsinntekta
for alle medlemmene. I den grad nokon skulle ha behov for å uttale
seg, er dei faglege foreiningane representerte i styret i pensjonsordninga,
og kan uttale seg der.
Etter lov om pensjonsordning for apoteketaten § 6
nr. 1 andre ledd har apotekarane ei særskilt plikt til å halde
fram i stillinga inntil bevilling til å drive apotek er
meldt til etterfølgjaren. Departementet foreslår
at føresegna vert oppheva. Dette er ikkje eit forhold som
bør regulerast i pensjonslovgivinga, av di reglar om driftskonsesjon
i dag går fram av apotekloven kapittel 3. Ingen
av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.
Departementet foreslår at aldersgrensa på 68 år, som
gjeld for alle andre medlemmer i pensjonsordninga enn apotekarar
og provisorar, vert heva til 70 år. I dag har apotekarar
og provisorar 70 års aldersgrense. Aldersgrensene går
fram av loven § 6 nr. 1 tredje ledd. Ei aldersgrense
medfører rett og plikt til å slutte i tenesta,
jf. loven § 6 nr. 1 første ledd. Ved avgang
skal pensjonen utbetalast.
Forslaget er ei harmonisering til kva som er den normale aldersgrense
for medlemmer i Statens Pensjonskasse. Forslaget inneber at medlemmene
ikkje lenger kan nytte den såkalla 85-årsregelen
til å ta ut ordinær alderspensjon frå 65 år.
Men medlemmene er i dag omfatta av AFP-reglar som gjer det mogleg å kunne
ta imot AFP frå 65 år berekna som ein ordinær tenestepensjon.
Slik sett får ikkje forslaget om heving av aldersgrensa
frå 68 år til 70 år mykje å seie. Men
det er grunn til å poengtere at AFP-reglane kan verte endra
ved seinare revisjon av tariffavtaler. Ei slik endring kan resultere
i at medlemmen ikkje lenger kan ta imot tenestepensjonsberekna AFP
frå 65 år. Dette vil det vere opp til tariffpartane å avgjere.
Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget om å heve
aldersgrensa til 70 år.
Etter lov om pensjonsordning for apoteketaten § 9
første ledd første punktum gjeld alderspensjon for
apotekar frå den første dagen i månaden
etter at apoteket vert teke over av ny innehavar. Departementet
foreslår at føresegna vert oppheva. Det avgjerande
for om alderspensjon skal komme til utbetaling bør etter
departementets oppfatning vere at apotekarane har avslutta arbeidsforholdet,
ikkje at apoteket må vere overteke av ein ny innehavar.
Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.
Føresegna i lov om pensjonsordning for apoteketaten § 20
første ledd andre punktum seier at for enkje eller enkjemann
etter apotekar, gjeld enkje- eller enkjemannspensjonen frå og
med den månaden der apoteket vert overdratt til ein ny
innehavar. Styret er gitt høve til å dispensere
frå denne regelen, og kan gi løyve til pensjon
frå eit tidlegare tidspunkt. Departementet foreslår å oppheve
også denne føresegna. Dette medfører
at alle enkje- og enkjemannspensjonar tek til å gjelde
frå og med månaden då medlemmen døyr.
Etter departementets syn bør enkje- og enkjemannspensjon
komme til utbetaling uavhengig av kva stilling avdøde hadde.
Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.
I einskilde tilfelle har medlemmer av Pensjonsordning for apoteketaten
ei tidlegare opptent privat kollektiv pensjonsforsikring. Omfanget
av slike tilleggsordningar er ikkje kjent, men er truleg lite. Etter § 25
kan pensjon frå pensjonsordninga reduserast når medlemmen
har slik privat ordning. Etter føresegna kan ikkje medlemmer
som har opptent rettar i privat kollektiv pensjonsordning få høgare
pensjon frå Pensjonsordning for apoteketaten for seg og
sine etterlatne, enn at den saman med den private pensjonsretten utgjer
full pensjon etter lovens føresegner. Departementet foreslår
at føresegna vert oppheva då ho i dag ikkje har
noko å seie i praksis. Ingen av høyringsinstansane
er ueinig i forslaget. I den grad det skal skje samordning av pensjonsytingane,
vil heimelen for dette gå fram av lov 6. juli
1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser.
Føresegnene om premiefastsetting og fordeling av premien
mellom arbeidsgivar og arbeidstakar finst i lov om pensjonsordning
for apoteketaten § 29 nr. 2. Pensjonspremien er
i dag lik for alle, og vert fastsett av Kongen. Den vert berekna
som ein prosentdel av pensjonsgrunnlaget.
Departementet foreslår at premien kan differensierast
for dei ulike verksemdene, som ein naturleg følge av endringane
i apoteksektoren som skjedde frå 1. mars 2001.
Dei aktuelle tariffområda har no forskjellige lønns-
og arbeidsvilkår som kan gi ulike utslag på pensjonspremien
i pensjonsordninga. Det bør også kunne få verknad
for pensjonspremien at ein del verksemder har eit vellykka arbeid
med å redusere uttaket av for eksempel uførepensjon.
Forslaget vil stimulere verksemdene til å arbeide for utsett
pensjonering slik at dei kan få lågare pensjonspremie.
I dag er det ikkje slik stimulering sidan det er ein felles premiesats
for alle. Ei differensiering av premien er også ein nødvendig
føresetnad for at verksemder skal kunne velje å ha
AFP-ordning utanfor Pensjonsordning for apoteketaten. I dag er AFP-premie
ein integrert del av pensjonspremien. Premien skal ikkje vere ulik på grunn
av alder eller kjønn.
Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget om å opne
for differensiering av premiesatsane, men Arbeidsgiverforeningen
NAVO og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
meiner styret i pensjonsordninga, som ansvarleg for økonomien
i ordninga, må fastsetje satsane.
Etter departementets oppfatning bør fullmakta til å fastsetje
premien berre overførast frå Kongen til departementet.
Fullmakta til å fastsetje premien bør ikkje overførast
til styret så lenge departementet har det konstitusjonelle
ansvaret for Statens Pensjonskasse som er det administrative organet
for ordninga. Departementet finn heller ikkje at Statens Pensjonskasse
skal vere ansvarleg for å fastsetje premien då dette
gir uklare ansvarsforhold. Det vert foreslått at styret
i pensjonsordninga gir si innstilling til departementet om kva premien
bør vere.
Lov om pensjonsordning for apoteketaten § 34 tredje
ledd gir styret i Pensjonsordning for apoteketaten høve
til å bestemme at pensjonane skal aukast tilsvarande tariffbestemte
lønnsaukar. Departementet foreslår at det vert
gitt høve til ein alternativ reguleringsmåte i
tillegg. Styret i Pensjonsordning for apoteketaten bør òg
kunne velje at pensjonane vert regulerte tilsvarande som auken av
grunnbeløpet i folketrygda (G). G-regulering vert nytta
ved justering av pensjoner frå folketrygda, og er den reguleringsforma
som gjeld elles for avtalepartane i Overføringsavtalen
(avtalar som Statens Pensjonskasse har inngått med andre
pensjonsinnretningar om overføring av pensjonsrettar i
offentlege tenestepensjonsordningar).
Arbeidsgiverforeningen NAVO er ueinig i forslaget då dette
etter deira oppfatning vil medføre ein årleg kamp
i styret om kva storleik som skal nyttast. Vidare meiner foreininga
at ei G-regulering inneber at forhold utanfor sektorens økonomi
avgjer pensjonsreguleringa. Departementet ønskjer likevel å fremje
forslaget. Etter departementets oppfatning inneber forslaget ein
fordel for pensjonsordninga ved at det vert lettare å få til
fleksible løysingar.
Departementet foreslår også at høvet
til å redusere pensjonane etter § 34
tredje ledd vert avgrensa til å gjelde tilfelle der omsynet
til økonomien i pensjonsordninga gjer det nødvendig.
I dag kan styret også setje ned pensjonane dersom lønningane
vert sette ned. Forslaget er ein konsekvens av at det er fleire
tariffområde i apoteksektoren.
Avtalefesta pensjon for medlemmer av Pensjonsordning for apoteketaten
er både lovfesta og tariffesta. Lov 1. juli 1994
nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap
i Pensjonsordning for apoteketaten viser til tariffavtale, og det
er tariffavtalen som i størst grad styrer korleis ein reknar ut
ytingane. Etter § 2 i loven er det eit krav at
Norges Apotekerforening er part i tariffavtalen. Men frå 1. januar
2001 er arbeidsgivaransvaret som Norges Apotekerforening tidlegare
hadde, overført til Handels- og Servicenæringens
Hovedorganisasjon (HSH), og frå 1. mars 2001 vil
også andre arbeidsgivarpartar vere aktuelle. Endringane
i kven som er tariffavtalepart medfører eit behov for endring
av lovteksten.
For at dei forskjellige tariffavtalane om AFP skal kunne omfattast
av loven, foreslår departementet at det vert stilt krav
om at tilknytinga til loven for tariffavtalen vert avgjord av styret.
I styret sit tariffpartane representerte.
Departementet foreslår at endringane i lov om pensjonsordning
for apoteketaten trer i kraft frå den tid Kongen fastset.
Endringa av aldersgrensa frå 68 år til 70 år,
jf. § 6 nr. 1 tredje punktum, vert foreslått å ikkje
få verknad for dei som når loven trer i kraft
har mindre enn 10 år igjen til aldersgrensa og som ikkje vel å vere
omfatta av den nye aldersgrensa.
Endringa i § 5 om maksimalt pensjonsgrunnlag inneber
at arbeidstakarar som etter lovendringa er i stilling med rett til
medlemskap er omfatta. Pensjonistar er ikkje omfatta. Heller ikkje
dei som før lovendringa har gått ut av pensjonsordninga,
slik at dei ikkje lenger er vanlege medlemmer, er omfatta. Denne
løysinga er ein konsekvens av at pensjonsgrunnlaget ved
pensjoneringstidspunktet vert nytta for heile pensjonsoppteninga.
Forslaga vil ikkje ha økonomiske konsekvensar for staten.
For Pensjonsordning for apoteketaten vil kostnaden ved utvidinga
av pensjonsgrunnlag i § 5 vere todelt. For det
første vil det vere ein eingongskostnad ved å oppgradere
opptente rettar. For det andre vil det vere ein auka kostnad for løpande
opptening. Eingongskostnaden ved å heve maksimalt pensjonsgrunnlag
til 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda vil vere på ca.
60 mill. kroner. Den årlege kostnaden vil vere ca. 5 mill.
kroner. Ved ei eventuell lønnsgliding vil den løpande
meirkostnaden kunne stige. Pensjonsordninga dekkjer dei administrative
kostnadene ved endringa. Pensjonsordningas bufferkapital er 230
mill. kroner pr 31. desember 2005.
Departementet foreslår at endringa i lov om avtalefestet
pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning
for apoteketaten §§ 2 og 3 trer i kraft
frå den tid Kongen fastset.