3.1 Sammendrag

3.1.1 Det saklege verkeområdet

Eit viktig mål med å revidere fiskerilovgjevinga er å utvide verkeområdet for lova til å omfatte alle viltlevande marine ressursar. I dag regulerer saltvassfiskelova fiske i sjøen med unntak av anadrome laksefisk. Med fisk forstår vi her også pigghudar og skal- og blautdyr. Artar som fell utanfor denne opprekninga og botnfaste artar og tilhøyrande genetiske ressursar er såleis ikkje regulerte i saltvassfiskelova.

Havrettskonvensjonen gjev kyststaten suverene rettar over alle levande og ikkje-levande naturførekomstar i vatnet over havbotnen, på havbotnen og i undergrunnen i den økonomiske sona. Det same gjeld for anna verksemd med sikte på økonomisk utnytting og utforsking av den økonomiske sona.

Forslaget frå utvalet til ny havressurslov inneber at det saklege verkeområdet vert utvida slik at ein får ei felles forvaltning for alle viltlevande marine organismar. Utvalet har foreslått at lova skal gjelde "all utnyttelse av viltlevende marine ressurser og tilhørende genetisk materiale". Lova vil dermed i tillegg til sjøpattedyr, fisk, pigghuder og skall- og blautdyr som i dag, kunne regulere utnytting av mellom anna mikroorganismer, svamp, planteplankton, koraller og tang og tare, og anadrome artar. Utvalet foreslår vidare at botnfaste artar etter havrettskonvensjonen art. 77 nr. 4 må omfattast av havressurslova. Botnfaste artar har hittil vore omfatta av kontinentalsokkelova. Med den teknologiske utviklinga og forsking på stadig større havdjup, er det sannsynleg at fleire botnfaste artar vil kunne vekkje kommersiell interesse. Det same gjeld andre artar og organismar på og under havbotnen, og genetisk materiale i dette området.

Den mest tradisjonelle utnyttinga av viltlevande marine ressursar er biomasseuttak i form av fiske, fangst, sanking og plukking. Utvalet foreslår at lova i tillegg til sjølve haustinga også skal gjelde for "omlasting, levering, landing, mottak, transport, oppbevaring og omsetning for å kontrollere at høsting er i samsvar med bestemmelser fastsatt i eller i medhold av loven", jf. forslaget til § 1-2 andre ledd.

Utvalet viser til at det ikkje berre er såkalla ulovleg, urapportert og uregulert haustingsverksemd (UUU-fiske) i internasjonalt farvatn som svekkjer effektiviteten til nasjonale og internasjonale forvaltningsvedtak. Det gjeld også aktivitet som direkte eller indirekte stør eller legg til rette for at slik hausting kan skje. Utvalet foreslår difor ein heimel til å hindre norske leveringar av støttetenester til utanlandsk haustingsverksemd som vert driven i strid med norske eller samarbeidande kyststatars ressursforvaltingsinteresser innanfor regionalt samarbeid. Utvalet går inn for at lova også skal gjelde for "annen aktivitet" enn det som er nemnt ovanfor dersom slik aktivitet "har betydning for forvaltningen og utnyttelsen av viltlevende marine ressurser", jf. forslaget til § 1-2 tredje ledd.

Departementet sluttar seg til forslaget frå utvalet om å utvide det saklege verkeområdet for lova. Å samle forvaltninga av alle viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale i ei lov, harmonerer med det overordna målet om ei berekraftig og økosystembasert forvaltning. Departementet foreslår difor at lova skal gjelde "all hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale", jf. § 3 første ledd.

Departementet kan ikkje sjå at ei slik utviding rettsleg sett er noko problem då Noreg som kyststat, på kontinentalsokkelen og innanfor den økonomiske sona, har suverene rettar over naturressursane med omsyn til å undersøkje eller utnytte desse ressursane. Når det gjeld genetisk materiale, vil departementet peike på at då havrettskonvensjonen vart til, vart ikkje utnytting av genetisk materiale i havet nemnt i traktaten. I art. 56 (1) (a) er det likevel snakk om "så vel levende som ikke-levende naturforekomster i vannmassene over havbunnen, på havbunnen og i undergrunnen". Reint språkleg kan vi forstå dette slik at genetisk materiale er omfatta. Det er vanskeleg å sjå grunnar til at ei slik utnytting skal falle utanfor kyststatens reguleringsrett.

Utvidinga av det saklege verkeområdet inneber at nye aktivitetar som marin bioprospektering og utnytting av marine genressursar vert omfatta av verkeområdet for lova, i tillegg til aktivitetar som indirekte utnyttar ressursane. Dei materielle føresegnene i lova og dei andre fullmaktene vedkomande kvotar, kontroll og tekniske reguleringar kan nyttast på all aktivitet som krev tilgang til og/eller uttak av ein viltlevande marin ressurs så langt dei høver. Departementet sluttar seg også til forslaget frå utvalet om å ikkje ha ei nedre grense for kva som er omfatta av verkeområdet for lova.

Utvalet har både i utgreiinga og i lovforslaget langt på veg nytta uttrykka "hausting" og "haustingsverksemd" i staden for fiske, fangst og fiskeri. Departementet foreslår i tillegg å ta inn omgrepet "anna utnytting" i verkeområdeføresegna for å presisere at lova ikkje berre gjeld for sjølve haustinga, men også for aktivitetar knytte til denne, både før og etter haustinga.

Departementet meiner at det vil vere tenleg at avgrensinga mot anadrome artar går direkte fram av lova. Anadrome laksefiskar skal definerast på same måte som i lakse- og innlandsfisklova.

Det kan oppstå grensedragingar mellom lov om akvakultur av 17. juni 2005 og havressurslova blant anna når det gjeld lagring av villfanga fisk og skaldyr. Korleis denne grensa skal trekkjast følgjer nærare av Ot.prp. nr. 61 (2004-2005).

Departementet sluttar seg elles til dei avgrensingar utvalet gjer.

Etter at utvalet la fram innstillinga si er det saklege verkeområdet for saltvassfiskelova utvida som følgje av lovendring av 22. desember 2006, jf. Ot.prp. nr. 98 (2005-2006). Det vart etter desse endringane presisert at det saklege verkeområdet for lova også skal gjelde generelt for mottak og levering av forsynings- og støttetenester. Endringane vart gjort for å følgje opp tiltaka mot UUU-fartøy på havet. Desse endringane vert førte vidare i § 3 andre ledd.

Når det gjeld forholdet mellom havressurslova og den kommande naturmangfaldlova, vil den alminnelege forvaltninga av viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale verte gjort med heimel i havressurslova, slik det er bestemt mellom anna i forvaltningsprinsippet. Føresegnene i naturmangfaldlova om formål og alminnelege prinsipp for berekraftig bruk vil supplere havressurslova i vurderingar og avgjerder styresmaktene gjer om hausting etter havressurslova.

3.1.2 Dei stadlege og personelle verkeområda

Departementet foreslår i hovudsak å vidareføre det stadlege verkeområdet i saltvassfiskelova. Lova gjeld etter § 4 første ledd såleis på norsk fartøy, på norsk landterritorium unnateke Jan Mayen og Svalbard, i norsk sjøterritorium og indre farvatn, på den norske kontinentalsokkelen og i område oppretta med heimel i sonelova §§ 1 og 5.

Utvalet foreslår som ein følgje av utvidinga av det saklege verkeområdet for lova at det geografiske verkeområdet for havressurslova også skal omfatte kontinentalsokkelen. Kyststaten har såleis suverene rettar til å utnytte naturførekomstane på kontinentalsokkelen, og ingen statar kan drive slik verksemd på kontinentalsokkelen utan uttrykkeleg samtykke frå kyststaten. Departementet meiner difor det er uproblematisk at den nye havressurslova skal gjelde også på kontinentalsokkelen.

Departementet meiner at havressurslova på same måte som saltvassfiskelova bør gjelde for territorialfarvatnet ved Svalbard. Systemet etter havressurslova for sjøterritoriet og indre farvatn utanfor Svalbard, vert då slik at reguleringar som gjeld "saltvannsfiske og fangst av ikke stedegne sjøpattedyr" framleis kan fastsetjast med heimel i svalbardlova § 4, medan forvaltninga av andre organismar enn saltvassfisk, krepsdyr og ikkje-stadeigne sjøpattedyr skjer med heimel i svalbardmiljølova og havressurslova. Kompetanse til å fastsetje rapporteringsreglar for alle fartøy i sjøterritoriet ved Svalbard, som no er heimla i saltvassfiskelova, kan såleis vidareførast med heimel i havressurslova. Slike føresegner kan også fastsetjast med heimel i svalbardlova. Lova vil vidare gjelde for soner oppretta i medhald av lov om Noregs økonomiske sone § 1 og § 5.

Departementet meiner at det personelle verkeområdet for havressurslova i hovudsak skal vidareføre gjeldande rett etter saltvassfiskelova. Det er gjort endringar i føresegna med sikte på å gjere lovverket tydelegare og enklare. Føresegnene om personelt verkeområde er samla i § 5.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at lovens saklige virkeområde utvides i forhold til saltvannfiskeloven, slik at havressursloven skal gjelde for all høsting og annen utnyttelse av viltlevende marine ressurser og tilhørende genetisk materiale, noe komiteen støtter.

Komiteen støtter forslaget om i hovedsak å videreføre det stedlige og personelle virkeområdet til saltvannfiskeloven. Komiteen viser til at havressurslovens stedlige virkeområde utvides til også å gjelde på kontinentalsokkelen, og slutter seg til dette.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at nytt næringsregelverk ikke skal legge ytterligere byrder på næringsdrivende som gir særnorske konkurranseulemper. Disse medlemmer mener at næringsregelverk skal skape forutsigbarhet, og at modernisering av regelverk skal skape klarhet og innebære forenkling.