Vedlegg: Brev fra Kunnskapsdepartementet v/statsråden til familie- og kulturkomiteen, datert 28. mai 2008

Ot.prp. nr. 52 (2007-2008) Spørsmål om praktisering av retten til barnehageplass og finansiering

Eg viser til brev frå Familie- og kulturkomiteen av 23. mai d.å.

1.

Departementet vil i 2008 følgje utviklinga i barnehagedekninga tett gjennom å kartlegge utbygginga og å følgje opp dei aktuelle kommunane gjennom fylkesmennene. Målet er framleis at alle som ønskjer barnehageplass skal få tilbod om det. Frå 2009 er det foreslått innført ein lovfesta rett til plass for barn som har fylt eitt år innan august. Dette er en minimumsforplikting som kommunane må oppfylje. Retten til plass vil først gjelde frå opptaket i august 2009. Eg trur da at kommunane vil ha tilstrekkeleg dekning. Sjølv om det skulle vise seg at nokre få kommunar da gjenstår kan vi ikkje la desse hindre at barn skal få rett til barnehageplass.

Eg vil minne om at kommunane har hatt plikt til å sørgje for tilstrekkeleg med barnehageplassar sidan 2003. Regjeringa har lagt budsjettmessig til rette for at kommunane skal kunne byggje det som trengs av plassar til å kunne oppfylje retten til barnehageplass.

2.

Eg har merka meg at foreløpige KOSTRA-tall for 2007 viser at kommunane har økt bruken av frie midlar til drift av barnehagar med 700 mill. kroner sidan 2003. Frå 2006 til 2007 har det vært ei auke på 600 mill. kroner. Eg vil understreka at staten har følgd opp barnehageløftet med store løyvingar sidan 2003. Frå 2003 til 2008 gjekk løyvingane på barnehageområdet opp frå i underkant av 8 mrd. kroner til over 21 mrd. kroner. Kommunanes relative del av barnehagefinansieringa har dermed blitt redusert betydeleg sidan 2003.

Eit viktig omsyn ved utforminga av retningslinjene for skjønnsmiddelordninga var at den ikkje skulle gi insentiv til kostnadsauke i sektoren. Ordninga er difor utforma som ein kompensasjonsordning og ikkje ein refusjonsordning. For nye barnehageplassar etablert etter 2003 er kommunane kompensert ut frå eit gjennomsnittleg berekna meirbehov. Det betyr at kommunanes meirutgifter knytt til rein aktivitetsvekst er finansiert totalt sett, men at den enkelte kommune kan kome noko ulikt ut avhengig av kostnadsnivå. Staten har og kompensert kommunane for meirutgiftene ved innføring av og reduksjon i maksimalprisen og kommunal plikt til økonomisk likeverdig behandling av alle godkjente barnehagar.

Statlege tilskott og kommunale midlar til drift av barnehagar vert årleg justert for forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren. I ein sektor i størrelsesorden 25 mrd. kroner vil avvik frå den forventa faktoren gi store utslag. Høgare kostnadsvekst enn forventa i 2007 kan bidra til å forklare auka i kommunanes eigenfinansiering. Auka lønn for førskolelærarane kan til dømes vere ei av årsakene til at kostnadsveksten har vorte høgare enn forventa.

Skjønnsmidlar for nye plasser vert tildelt ut frå nasjonale gjennomsnittssatsar som er basert på siste tilgjengelege kostnadstal. På sikt vil desse satsane fange opp endringar i kostnadsbildet generelt. Vidare er det slik at tilskottspostar på statsbudsjettet som går til kommunane, blir løyva med forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren. Dersom reell pris- og kostnadsvekst viser seg å være ulik den forventa, blir dette ikkje justert i etterkant. Dette gjeld for alle sektorar, ikkje berre barnehagesektoren.

Eg meinar at kommunane samla sett har blitt kompensert for meirutgiftene dei har hatt som følgje av innføringa av maksimalpris og plikt til økonomisk likeverdig behandling av offentlege og private barnehagar. Vidare er det gitt kompensasjon for meirutgifter ved drift av nye barnehageplassar basert på de siste tilgjengelege kostnadstala, justert for forventa pris- og kostnadsvekst i kommunesektoren. Kommunane har i tillegg blitt kompensert gjennom årlege prisjusteringar av rammetilskottet.