14. Inntekter

    Tabellen nedanfor syner dei største statsinntektene av skattar og avgifter for perioden 1989-1993 i mill. kroner.

Tabell 14. Større statsinntekter (mill. kroner)

  1989 1990 1991 1992 1993
Statsskatt inkl. arveavgift 22.208 20.613 20.875 15.096 10.615
Folketrygdavgifter 73.248 75.298 79.060 81.929 78.175
Meirverdi- og investeringsavgift 60.063 61.110 61.383 65.403 71.931
Oljeskattar 13.890 26.058 32.093 25.484 26.614
Toll og andre avgifter 33.066 34.986 37.179 42.137 40.422
Sum større inntekter 202.475 218.065 230.590 230.049 227.757


       Reduksjonen i provenyet frå statsskatten dei siste åra skuldast i vesentleg grad at den progressive statsskatten på alminneleg inntekt (tidlegare kalla nettoinntekt) fall bort i 1992.

       Frå 1992 til 1993 har dei viktigaste avgiftene til folketrygda (arbeidsgjevaravgifta og trygdeavgifta) blitt redusert med til saman 4,6 %. Dette skuldast ein monaleg reduksjon i provenyet frå arbeidsgjevaravgifta og kjem av reduksjonen i avgiftssatsane med 2,4 prosenteiningar frå 1. januar 1993.

       Samstundes vart satsane for meirverdiavgifta auka frå 20 til 22 %, som forklarar ei auke med 10 % for meirverdi- og investeringsavgifta frå 1992 til 1993. Avgifter til folketrygda og meirverdi- og investeringsavgifta har vore dei viktigaste inntektskjeldene til staten i åra 1989-93. Statens inntektskrav vedk. meirverdiavgift vart redusert frå 4,1 mrd. kroner pr. 1. januar 1993 til 3,5 mrd. kroner pr. 31. desember 1993.

       Skattar og avgifter i samband med utvinning av petroleum har auka med 4,4 % frå 1992 til 1993.