7. Utgifter til innvandrarar (flyktningar og asylsøkjarar)

      Til saman vart det rekneskapsført utgifter for om lag 3,3 mrd. kroner i 1993 til tiltak for innvandrarar.

       Tabellen nedanfor viser fordelinga på dei einskilde departementa, og utviklinga dei tre siste åra:

Tabell 8

  1991 1992 1993
Arbeids- og administrasjonsdep. 244 274 0
Sosialdepartementet 373 2 0
Kyrkje-, utdannings- og 498 507 581
    forskningsdepartementet
Justisdepartementet 101 110 110
Barne- og familiedepartementet 32 70 80
Kommunaldepartementet 1.731 2.044 2.546
Sum 2.979 3.007 3.317


       Tiltak for asylsøkjarar og flyktningar står for størsteparten av utgiftene som vart rekneskapsførte i statsrekneskapen for 1993 under dette området.

       Som tabellen ovanfor viser, har utgiftene knytta til tiltak for innvandrarar - i første rekke flyktningar og asylsøkjarar - stige frå 1992 til 1993. Årsaka til den kraftige veksten er den store tilstrøyminga av asylsøkjarar og flyktningar frå det tidlegare Jugoslavia i 1993. Som følgje av den store tilstrøyminga var det mellom anna naudsynt å utvide kapasiteten i det statlege mottaksapparatet med nærare 10.700 plassar frå 1. januar 1993 til 31. desember 1993. Dette har ført til ein kraftig vekst i utgiftene innanfor det statlege mottaksapparatet. Medan dei totale utgiftene var på 401 mill. kroner i 1992, var det tilsvarande talet for 1993 757 mill. kroner. Samla auka utgiftene til asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar med 10 % frå 1992 til 1993.